30. desember 2016

Kvardagstrivselen



Eg er klar over at me skal gjennom nyttårsfeiringa først, og gjera unna den første raude heilagdagen i det nye året, men så er kvardagen der. Dagane som me alle står opp til, og som det ligg i vår lodd å prøva å gjera det beste ut av. Det må me også gjera i 2017, sjølv om USA får ny president som kjem til å prega i alle fall nyheitsmedia. Framleis er det ei slags oljekrise her vest, mange har mista jobbane sine. Men det finst entusiasme og glede også – Gudegneist! Så no skal me ta med oss litt av dette i det nye året, representert av eit knippe arbeidsfolk som Stavanger Aftenblad intervjua tidlegare i år. 


            Sceneteknikar Aslak Lange arbeider på Rogaland Teater, ein god plass for han å vera, med mange flotte folk, stadig nye koreografar og regissørar som kjem utanfrå og som han får samarbeida med!

            Elektrikar Monica Erdal melder seg alltid når sjefen har fått inn ein jobb om feilsøking. Ho synest det er kjekt å finna feil og læra korleis det har oppstått. Og ho likar samhaldet med kollegaene!

            Laila M. Byberg er ansiktsmålar! Ho synest det er like kjekt kvar gong ho ser smilet til den som blir malt. Særleg på sjukehuset, der mange av barna er i lange periodar. Det smilet som kjen når dei ser seg sjølv i spegelen, gir henne mykje. Tenk å bli møtt av denne kommentaren: Eg blei så glad då eg så deg!


            Bussjåførar møter jo me som er glad i Kolumbus ofte. Hamed Muhammad er ein av desse. Han køyrer minibuss for Rogaland Taxi og synest alltid det er kjekt å køyra menneske. Han synest det er fint å kjenna at han hjelper dei til å rekka møte og fly og koma trygt fram der dei skal. Dei blir glade og takknemlege. 


            Elisabeth Dyvik Nevland er lærar i Sandnes-skulen. Ho likar dei magiske stundene i klasserommet: Når elevane fungerer godt saman, når ho ser at dei har det trygt og godt og lærer noko og undervisningsopplegget fungerer opp mot optimalt. 

            Kjoleseljaren Inger-Johanne Egeland Rodvelt sel kjolar frå eigen butikk i Stavanger. Det som gjer at ho trivst i jobben sin, er at ho skaper gode relasjonar til kundane sine. Å yta god service er viktig. Då kan faktisk kundane bli venene hennar. Og så eit godt råd frå Inger-Johanne, når ho blir spurt om kva som er løyndomen med å trivast på jobb. Du står opp, seier ho, ikkje til ein jobb, men til eit liv. Ho tenkjer alltid på jobben. Den er livet hennar, og det gjer det lett å gå på jobb. 


            Så no kan berre 2017 koma. Livet står klar til å ta imot deg!
            Takk for det gamle!

D105/82-84


23. desember 2016

Gullkorn på nett



Livets leksikon kallar eg alle desse bøkene med utklypp som er utgangspunktet for Hovlandi50-bloggen. Vanlegvis kjem essensen av det eg har samla på, fram i sjølve teksten i dei artiklane eg har samla på. Men av og til peikar det fram mot noko anna, og det er eit par slike tips du skal få no, som ei julegåve frå meg til deg!

Avisa Dag og Tid har ei spalte der folk kan senda inn tre favorittar, der alle tema er lov! Og då meiner eg absolutt alle tema. Både kjende og ukjende sender inn, ser eg. Eg har festa meg ved YouTube-favorittar frå Eskil Skjeldal, som er ein skribent ein kan støyta på i ein del aviser. Eg har festa meg ved den første favoritten hans – Kjell «Kjellen» Bigset. Kjellen slo seg opp som ferjemann i MRF, fortel Skjeldal. No er han flytta til Fjord1, oppgåvene er dei same: køyre buss, ta imot pengar, få plassert bilane rett på ferja. Men Kjellen er også forbanna, får me vita, og resultata av dette kan du altså sjå på YouTube. Skjeldal synest videoane om valet i 2001 er best, men eg starta kikkinga på Julekalenderen frå 2014 i dag, og ser at eg har fått ein favoritt som eg nok kjem til å besøkja i julehelga. Kos deg med Julekalenderen til Kjell «Kjellen» Bigset du også!




Det kan kjennast som ein kontrast å gå over til det neste klippet eg har lyst å fortelja om. Då skal me til Ted.com. Viss du enno ikkje er kjent med denne nettstaden, så er staden å starta no. Her finn du føredrag på 18 minutt kvar, gratis tilgjengeleg! Elizabeth Gilbert heiter forfattaren som fekk seg ein fantastisk suksess med boka spis elsk lev. I føredraget om kreativitet, som no er sett av 12 158 353 menneske, spør ho seg sjølv kva du gjer når dei fleste meiner at ho har den store suksessen bak seg? Men eg vil jo framleis vera aktiv i livet, og har mange tiår framfor meg med potensiale for kreativitet, meiner ho sjølv. Ho snakkar om den kjenslemessige risikoen ved kreativitet, og ta gjerne ein tur innom den også. 


Slik sett er jo Kjell Bigset eit eksempel på at det er berre å la det stå til, få det ut!
Med dette ønskjer eg alle ei deileg julefeiring. 

D104/23+129


16. desember 2016

Dei urolege



Eg er i København og blei litt forstyrra av noko urovekkande i går. Eller – først blir ein jo glad, av at danskane har oppdaga den norske tv-serien Skam, og at danske ungdomar no sleng rundt seg med norske uttrykk i skulegarden. Men det er resten av kommentarartikkelen i den danske avisa Berlingske Tidende som gjorde at eg tenkte: Er det verkeleg slik? Normalt tar eg notat og merker meg både namn og nummer på dei som skriv, men denne gongen får det vera nok å vidareformidla hovudinntrykket: at danske ikkje heilt veit poenget med oss nordmenn. Inntrykket journalisten formidlar vidare er at me framleis sit på ei hytte oppe i fjellheimen i nikkersen vår, med tilgang til ein matkultur som er heilt forferdeleg. Han tar litt sjølvkritikk på at kanskje danske medier har vore vel lite interesserte i kva som føregår oppe hjå oss, og at danske hendingar har mykje større sjanse for å bli ei nyheitssak i Noreg, enn omvendt. 


Med dette som bakteppe, gjer det då jo veldig godt at ein av dei store plakatane som møter deg på veg inn til bokhandlane er av Linn Ullmann og boka hennar frå i fjor De urolige, som no er komen i dansk omsetjing, til overveldande tilbakemeldingar, får ein vel seie. Og bøkene hennar ligg i stablar på mest populær-bordet. Så då passa det godt at nettopp meldingar av hennar bok ligg og ventar i bok 103. Litteraturvitar og litteraturmeldar i Stavanger Aftenblad, Brita Strand Rangnes omtalte då også boka som éi av dei beste i Noreg i fjor. I boka er det eit vakse barn som fortel, og ho omtalar seg sjølv som både «hun» og «jeg». Personane i romanen er ikkje omtalte med namn, dermed opnar teksten for ei allmenn erfaring, sjølve om foreldra til Linn Ullmann hadde og har sin heilt spesielle plass i skandinavisk kunst, Ingmar Bergman og Liv Ullmann. 

 

Det er blitt ei veldig sårbar forteljing om eit lite barn. Ho lever i spennet mellom moras rastlause tilvære og faren som er meir stadbunden.

«Samtalene med faren er en fascinerende blanding av høyt og lavt og beskriver enestående ønsket om å bevare det innsiktsfulle blandet med innsikten om at det er bagatellene som utgjør det meste av livet.»

Dei danske avisene har altså kasta stjerner etter Linn Ullmann si bok. På baksida av den danske omsetjinga, kan ein lesa frå omtalen til Jyllands-Posten:

«Mesterligt… De urolige er en næsten ufatteligt rig, overlegent komponeret og afklaret bog … Linn Ullmann mobiliserer en erindringsstyrke og nærværende opmærksomhed, som er uden sidestykke.»

Ei veninne les også boka for tida, og ho skriv dette om møtet med romanen:

«Boka er god mot far og mindre nådig mot mor. Vet ikke om jeg liker å lese noe vrengt fra innsiden ut, sånn på vrangen. Samtidig er livet sånn det er, liten vits i å sminke det til, hun er jo blitt folk, men kanskje vondt for moren å lese det? Faren er jo død...»
 
Og slik held den jo fram, diskusjonen om kven ein utleverer, og om det er det ein gjer.
Om ikkje anna er dei glad i forfattarane våre, danskane, det er jo noko!

Du kan lesa prosjektbloggen min frå København her: www.ehbodskap.blogspot.no
           
D103/127-128