24. februar 2017

Om å hausta erfaringar



Før eg startar dagens tekst, ei administrativ melding til mine kjære lesarar: I fjor på eit visst tidspunkt blei mine tematiserte Kina-bøker innlemma i det store arkivet (som er kjelde til alle desse bloggpostane). Det var vel for å få lettare tilgang til ulikt materiale eg gjorde det slik. Alt om radio blei samla i sine eigne bøker, det same gjorde media og journalistikk, og økonomi. Så i 30 veker framover no, så er det faktisk materiale frå desse som skal speglast opp mot tida me lever i, og er eg heldig finn eg noko som også spelar på strenger i ditt liv.

ØK har fått seks bøker i arkivet, og det er ei stund sidan eg har sett i dei. Med min samlemani fryktar eg jo litt kva eg går til (telefonfakturaer og slike ting). Men i ØK1 ligg altså jobbavtalane mine, pynteleg limt inn frå den første eg fekk då eg var 20 og iherdig innsats for Tysvær Bygdeblad i mange år blei krona med ei tilsetjing; halv post i mai og juni, full post i juli og halv post i august, som det sto. Eg starta der i arbeidsveka i (den gong) 8. klasse, og er så evig takknemleg for den redaktøren som tok meg inn under vengene sine og såg evnene mine og lysta eg hadde til  bli journalist. I desse dagar med fokus på fråvær i vidaregåande skule; oi oi kor mykje eg skulka på vidaregåande! Fordi lærarane ikkje klarte å få det med seg, var det fritt fram. Eg syntest det var så uendeleg keisamt, men heldt ut fordi eg visste eg måtte ha dei papira for å studera det eg ville: media. Eg unnar alle ungdomar å ha nokon i ungdomstida som ser talenta deira, og at dette talentet blir elta slik det må i ein tidleg fase. 


Etter studia i Volda starta eg i NRK Rogaland, som frilansjournalist. Då er du trygt plassert i ein vaktplan, og du får betalt for det du arbeider. Eg forsto at mange frilansjournalistar også selte stoff til diverse publikasjonar, og eg hadde sjølv prøvd meg litt på dette. No skulle eg ta det ut og blei med nokre vener av meg til London der dei ønskte at eg skulle skriva litt om KFUK-heimen der. Her traff eg mellom anna på studentar frå Noreg, og eg sette i gang, intervjua og fotograferte, og sende sakene rundt til aviser der desse folka sokna til geografisk. I boka mi er dei limte inn, det eine avslaget etter det andre:
«Vi har vurdert manuskriptet, men finner ikke å kunne bruke det i avisen.»
«På grunn av ditt høye honorarkrav, må jeg returnere artikkelen.»
«Takk for tilbudet om å benytte artikkelen om det norske KFUK-hjemmet i London «Trygg oase mot norsk ensomhet i London». Den er nøye vurdert i vår redaksjon, men vi finner dessverre ikke å kunne anvende den. Vi sender artikkelen og bildene vedlagt retur.»
 
Etter dette slutta eg med å levera artiklar på spek, altså spekulasjon. Det var jo å gje seg litt tidleg, kan du kanskje påstå no, men for meg handla det om ei erfaring som spissa det eg hadde behov for, utifrå kven eg var, og det var å ha ein avtale i botn for det eg skulle gjera. Det inviterte til ein tryggleik som eg hadde behov for for å gjera ein god jobb. Eg styrte veldig på med dette, ser eg av boka mi. Sat og skreiv på den første datamaskinen min der tidleg på 90-talet, det eine brevet etter det andre til avisredaksjonane. Og så er det altså av og til slik at ein gjennom å prøva ut mange ulike ting, av og til kjem borti ting som rett og slett ikkje ligg for ein. Som Woody Allen har sagt det: «Det er bare den som farer vild, som finner nye veie!» Her kjem eg også på noko Alexander Rybak sa i eit intervju. Han opplevde at så mange kvinner ganske mykje eldre enn han, blei forelska i han. Forholda varte aldri lenge, for som han sa: dei blei klare på kva dei ville ha etter å ha treft han. Det krev litt ryggrad for å sjå tilbake på kjærleisforholda på den måten!

Så ein dag kom ei veninne til meg med ein spesielt spørsmål. Ho var leiar for frilansklubben i distriktet og fortalte dei hadde fått ein førespurnad om eit prosjekt. Sjølv hadde ho ikkje høve til å ta det, og eg var sjølv ikkje særleg interessert. Eg hadde djup interesse for filosofiske og andelege tilnærmingar til program eg laga i NRK, og følte dette nye prosjektet var langt utafor det eg skulle driva på med. Men veninna sto på: Elisabeth, dette er veldig godt betalt og det er skikkelege folk som står bak! Eg let meg overtala og dermed starta eg på eit interessant prosjekt der eg skulle laga lastebilartiklar for Norsk Scania! Ja, du las rett. Norsk Scania skulle laga ei avis som skulle koma ut to gonger i året, og kvar region skulle bidra med ein masse artiklar inn i desse avisene. Eg sende av garde arbeidsprøvar, og dei likte det! At eg hadde null peiling på lastebil var ikkje noko eg hadde behov for å lufta. På det første møtet med Norsk Scania på Forus heldt eg klokeleg kjeft når det blei nemnt ting eg forsto at eg burde veta for ikkje heilt å missa andlet. Så det første eg gjorde var å ta turen til barnebiblioteket i Stavanger og låna boka «Dette er ein lastebil», og der klarte eg då å finna forklaringa på kva eit chassis var. 


Men for eit fascinerande prosjekt dette var! Eg drog til Kristiansand for å skriva om brannbilar, til Røldal for å intervjua redningsmannskapa der oppe og andre hadde jobben sin med å frakta gass. Eg elska det! Og erfaringa eg hausta? Som journalist er det først og fremst menneskemøta som er interessante, kva folk driv på med er mindre viktig. Dessutan gjorde det godt å løfta hovudet litt, at tinga eg hadde gjort tidlegare i den vesle andedammen i Stavanger og Rogaland var godt nok i ein større marknad.

Eit lite bonusspor: Terje Søviknes besøkte Universitetet i Stavanger denne veka, og tok mellom anna turen innom Det Nasjonale IOR-senteret (IOR = Improved Oil Recovery (forbedret oljeutvinning)). «Dette er gresk for meg», sa han ifølgje nettsida til UiS. Då er det ei æra for meg å kunna fortelja at eg har fått publisert ei sak på forskning.no som fortel kva dei forskar på! Her finn du artikkelen.


God helg – med minne om alle erfaringane som formar oss til å bli dei me ønskjer å bli!

D113/1, 101, 160


17. februar 2017

Kvinna bak mitt grafiske nostalgiske minne



Så sit du der og anar ingenting medan du les Klassekampn, og så slår nostalgiske minne mot deg så du knapt kan anda. Eller, så sterkt inntrykk gjorde det vel ikkje, men at augo festa seg på coveret til fire bøker om verdshistoria, er i alle fall sant. Eg starta i første klasse i 1972, og kom derfor etter kvart i målgruppa for desse fire bøkene som Kristian Moen er forfattar av, men som ei dame som heiter Junn Paasche-Aasen gjorde den grafiske designen på. 


Og det ho gjorde, Junn, var ikkje mindre enn å revolusjonera lærebøkene på 1970-talet, og dette blei ho i fjor tildelt æresprisen til Grafill for. Meir om det etter kvart.

For kva var det som skjedde med lærebøkene då eg starta på skulen? Jo, fram til då var det mest vanleg at teksten sto i sentrum, og så blei det slengt på ein illustrasjon her og der. Så kom Junn og var opptatt av læreboka som eit heilskapleg produkt der den visuelle utforminga var viktig for funksjonen til boka. 

 
Dette skreiv Grafill-juryen då dei gav æresprisen til June Paasche-Aasen:

«Hjernen oppfatter det visuelle mye raskere, og ofte betre, enn det skrevne ord. Kunsten å kombinere tekst med illustrasjoner, farger og ulike fonter på en logisk, ryddig og oversiktlig måte, gir hjernen mye hjelp, og revolusjonerte lærebøkene i Norge, var Junn Paasche-Aasen».

Det var ikkje berre historiebøker ho gav form til, vaks du opp på 70-talet har du trulegvis også studert deg gjennom bøkene hennar i fysikk, kjemi, norsk og o-fag. 
 
Viss ein tekst er vanskeleg å lesa, er det sannsynlegvis ikkje deg det er noko feil med, men  typografien, har Paasche-Aasen sjølv sagt om arbeidet sitt. Det er forresten ho som kom opp med namnet på organisasjonen Grafill også, som er ei samanstilling  av omgrepa «grafisk design» og «illustrasjon». 


D112/102-103


10. februar 2017

Heim tur heim



Ingenting gler meg meir enn at nokon tar eit oppgjer med sin eigen privatbilisme. Her vest, i Stavanger og kommunane rundt, har ein kome opp med konseptet «HjemJobbHjem», der visjonen er å gå, sykla og reisa kollektivt når du kan, og køyra bil når du må. I dei bedriftene som klarar å få til ein avtale, betalar dei tilsette 500 kroner i månaden for å kunne ha tilgang til buss døgeret rundt. Aftenbladet tok opp på leiarplass i går suksessen til det nye prosjektet. Og for eiga rekning kastar eg meg utpå og kjem med framlegg til fine måtar å bruka konseptet på, nemleg Heim tur heim! 

Inspirert av ein av fotturane som blei presentert i Lokalavisen. Meir og meir køyrer eg nemleg no følgjande opplegg: tar ein eller annan buss til du finn starten på ein fin tur, og så går heilt heim. Eller ta ein flott rundtur med utgangspunkt i endestasjonen til ei av rutene. Då er altså framlegget å ta buss tre til enden av Hålandsvatnet, og vandra langs harmonisk kystlandskap til Vistnestangen. Undervegs passerer du Viste Strandhotell og ein liten avstikkar tar deg til Svarthola, også kalla Vistehålå. På Vistnestunet kan du ta del i eit gardsmiljø frå slutten av 1800-talet, i dag drive av Jærmuseet.

Men elles er det verdien av å gå langs stranda, passera naust frå ulike tidsepokar, og kjenna angen av tang og tare, som slår ein på denne turen. Returen følgjer same rute, og etter ti kilometer og cirka tre timars vandring, er du som eit nytt menneske. Du finn ein grøn buss og lar kroppen din kvila i bussetet medan alle syna passerer revy. 

  
Prøv denne turen i helga! For deg som ikkje har tilgang til «HjemJobbHjem», føreslår eg eit årskort på 7000 kroner hjå Kolumbus, det blir 584 kroner per månad, og er verd kvar einaste krone!

D111/22-23




3. februar 2017

Farvel bibelfundamentalisme



Eitt minutt inn i første februar i år, var det første homofile paret klar til å gifta seg i Den norske kyrkja med utgangspunkt i ein ny vigselliturgi utarbeidd for samkjønna par. Då hadde eit fleirtal i Kyrkjemøtet, den øvste instansen i Den norske kyrkja, utarbeidd liturgien, som var ein naturleg konsekvens frå vedtaket på Kyrkjemøtet i fjor der eit fleirtal gjekk inn for at kyrkja ville opna for vigsel i kyrkja for samkjønna par. Det avgjerande vedtaket sto altså i fjor, og det var då teolog Eskil Skjeldal tok farvel med bibelfundamentalismen i ein kommentar med Dag og Tid. 


Dei konservative sto den gong som no fast på at dette har handla om Guds meining med skaparverket. At Gud skapte mannen og kvinna til eitt. Skjeldal meiner at desse argumenta har vore tilslørande overflatefenomen, for det kyrkja har tatt farvel med i saka om at alle no skal kunna få gifta seg i kyrkja, er siste rest av den bokstavtru bibelfundamentalismen. I denne tolkingstradisjonen er Bibelen forstått som Guds direkte bodskap til menneska, ord for ord.

Viss ein går til komiteen som har handsama liturgispørsmålet i Kyrkjemøtet, ser ein nettopp dette argumentet i kommentarane til mindretalet. «Komiteens mindretall vil framholde at Bibelen er forpliktende norm for kirkens liv og lære. Bibelen er tydelig på at kjønnspolariteten er konstituerende for ekteskapet, innstiftet av Gud som et samliv mellom én mann og én kvinne og slik har det vært gjeldende i hele kirkens historie». Dette mindretalet på seks tapte altså mot fleirtalet på 15 i komiteen. Sjølve Kyrkjemøtet vedtok framlegget til liturgi med 83 røyster, 112 var røysteføre.

Med vedtaket i fjor sa Den norske kyrkja farvel til denne historiske tekstfundamentalismen, skriv Eskil Skjeldal. Dei heterofiles makt over dei homofile, med bibeltekstar som argument, er fortid og bruk av heilage tekstar som har som føremål å gripa inn i liva til vaksne menneske heilt ned på detaljplan, er vanskeleg å rettferdiggjera i 2016, skriv han. 


Min store favoritthelt, Arne Garborg, var av dei som på slutten av 1800-talet gjekk i brodden for å modernisera kyrkja. For femti år sidan sto kampen om kvinner kunne bli prestar, og no var altså turen komen til homofile og lesbiske. Den siste kvilestaden for eit strengt bibelsyn er no bedehusa og Den katolske kyrkja, skriv Skjeldal, medan Den norske kyrkja kan konsentrera seg om å gje folk von og tru.

På kino går for tida den russiske filmen «Disippelen», eg fekk den med meg då eg vitja Tromsø Internasjonale filmfestival i januar. Det startar med at den unge Veniamin ikkje vil delta på symjeundervisinga på skulen, fordi det går mot hans religion. Det held fram med at han får med seg skulen på at jentene må bytta ut bikini med symjedrakt i den same badehallen, og slik held det fram. Heile filmen er ein slags kommentar til korleis det kan gå når bibelfundamentalismen tar over.

Eg blir elles fylt med glede når eg ser medlemane i komiteen som har sett på ny liturgi, setja seg ned med Bibelen, på jakt etter kjærleiksfulle passasjar, som denne i Johannes’ første brev:
«Mine kjære, la oss elske hverandre! For kjærligheten er fra Gud, og hver den som elsker, er født av Gud og kjenner Gud. Den som ikke elsker, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærlighet.»

Den satt!
kirken.no kan du lesa meir om vedtaket som blei gjort på Kyrkjemøtet.


D110/34-35