28. april 2017

Digital lyd



Tidleg i mars skreiv eg ein bloggpost om pc-nostalgi; eg hadde funne kvitteringa for det første pc-kjøpet mitt og minna strøymde på. Det var nok å setja seg inn i med denne nye digitale verda; eg kjende likevel at eg hadde eit slags oversyn så lenge det berre var meg og pc-en og eit program eller to eg hadde fått med då eg kjøpte maskinen. Det var ei heilt ny verd som opna seg med internett. Utklyppa med medieinnhald som eg for tida er inne i, etterlet ingen tvil om mine ambisjonar om å forstå og setja meg inn i alt det nye. Her er ein serie om det digitale fotografiet, artiklar om virusprogram og korleis kvitta seg med dei lumske ormane og innimellom mange gode tips og spalter, mellom anna ei i Stavanger Aftenblad, kalla «høyreklikk». Når du høgreklikkar på datamusa eller nedafor tastaturet på ein datamaskin, får du opp ein heilt ny meny og via denne kan du gassa deg i masse nye moglegheiter – og kunnskap. 


            Eg har lyst å fortelja vidare kva SA denne gongen fortalte oss om digital lyd, eller meir spesifikt, om mp3-fila. Dette var rett rundt tusenårsskiftet og mp3-spelarar var på veg til folks lommer for alvor. Ipod var greia for mange, men sjølv trur eg debuten min på desse mp3-filene var ein Creative muvo.
            Mp3 var likevel ikkje debuten for digital musikk, det var compact disc-en, cd mellom vener. Tidleg på 1980-talet blei selskapa Phillips og Sony samde om ein cd-standard. Poenget med digitale lydopptak, fortel Toralf Sandø i Aftenbladet oss, er at dei elektriske impulsane frå mikrofonar og anna opptaksutstyr blir «skore» opp i små byggjeklossar eller bits. Cd-en har informasjon om lydar med frekvensar opp til 44,1 kHz, som betyr 44.100 lydbølgjer i sekundet. Eitt sekund med lyd blir dermed lagra som nesten 1,5 millionar bits. Hadde du éin enkelt cd til å samla lydkutta på, så var dette ei overkomeleg mengde. Utfordringa kom då desse digitale signala skulle sendast via telenettet eller eteren. Ein starta jakta på litt meir økonomiske måtar å koda lyden på. 


            Her dukka altså filformatet mp3 opp. Det blei utvikla av det tyske Fraunhofer IIS (Institutt for Integrerte Systemer) som er ein del av selskapet Fraunhofer Gesellschaft. I 1989 fekk selskapet patent på mp3-formatet i Tyskland.
            Med mp3-lyd treng du berre ein tolvtedel av den bandbreidda som cd-lyden brukar. Korleis er det mogleg?
            Stikkordet er algoritmar, eit fenomen som fleire og fleire får eit forhold til, for det er dette mange sosiale medium brukar for å henta ut informasjon om brukarane sine slik at annonsørar kan bli meir målretta i marknadsføringa si. Det er altså snakk om ein serie kodereglar som gjer at mp3-formatet er meir økonomisk når det blir snakk om plass. 

            For det første: Mp3-algoritmen kuttar ut all lyd me ikkje høyrer. Eit godt øyre kan fanga inn lydbølgjer opp til 20 kHz. Veldig svake lydar og veldig høge lydar blir dermed kasta på dynga.
            For det andre: Algoritmen går psykoakustisk til verks. Lydar som høyrselssenteret i hovudet ikkje fangar opp fordi det blir maskert av andre lydar, blir også kasta.
            No sit du igjen med «destillert» lyd, og då kan signala pakkast og mp3-fila er ferdig koda, med informasjon for ein flyt på 128 kilobits per sekund. Når du spelar mp3, så avkodar du mp3-fila.
            Så blei dette ein fin repetisjon for meg, og kanskje du også kan ta det med deg vidare i din dag.
           
D122/181


21. april 2017

På rett veg



Du har sikkert som meg vore på ei passe mengde føredrag og konferansar i livet ditt. Lysarka svirrar forbi der framme etter kvart som personane på podiet så godt som dei evnar prøver å formidla kunnskapane sine. Innimellom føredraga som har plassert seg heilt til slutt i gløymeboka, kjem det fram nokon med ein bodskap som legg seg på bringa di, og som du sjølv tar med deg dei gongane du står der på podiet og skal prøva å dra nokon i ei slags retning. For eit par veker sidan var eg på boklansering for foreininga Landsforeningen uventet barnedød, som heitte Landsforeningen til støtte ved krybbedød då eg blei beden om å redigera bladet deira ein periode. Då eg skulle møta folka eg skulle arbeida med for første gong, og hadde gått gjennom dei medlemsblada dei hadde gjeve ut så langt, henta eg fram denne vesle historia som eg sjølv altså hadde henta med meg frå eit føredrag.
Det var filosofen Guttorm Fløistad som sto der framme. Han fortalte om den gongen han var ute og gjekk tur i Nordmarka i Oslo, då han blei møtt av ein familie. Er me på rett veg? lurte familien på. Ja, det spørs kor de skal, svara Fløistad. 

 
Det er ikkje ofte eg hugsar slike historier, men denne brann seg fast. Eg finn opp profilen til Fløistad som står i Norsk biografisk leksikon. Fløistad «tilhører en gruppe filosofer som har valgt å kaste blikket like mye fremover i tiden, som bakover. I erkjennelsen av at livet i seg selv er en stor læreprosess, valgte han å reise, lytte og snakke med folk – ved siden av å skrive så vel tunge filosofiske artikler som populærvitenskapelige bøker», les eg. Dei har også med eit sitat frå Fløistad sjølv: «All klassisk filosofi er i realiteten en moralfilosofi. Den sier noe om hvordan vi bør leve og noe om hvordan samfunn bør innrettes som betingelse for et godt liv og et rettferdig samfunn.» 
            Me ønskjer jo alle å vera der på eit vis; på rett veg. Kjenna at det me gjer, er rett for oss. Så slår det meg at me set opp på pidestallen så mange som meiner dei har svaret på nettopp det spørsmålet; om me er på rett veg. I periodar har me kanskje folk rundt oss som kjenner oss godt og veit veldig godt om me er på rett veg, også. Og me lar oss leia; av politikarar, vener og marknadskrefter. Det er altså her Fløistad kjem med det forløysande spørsmålet: Kor skal du hen? Det har tatt meg eit heilt liv å kjenna meg fram til eit svar på det spørsmålet. Det kjennest veldig godt ikkje lenger å spørja andre om eg er på rett veg.
            Er du på veg til ein god stad for deg sjølv?

Ole Bjørn Rongen til minne
I påska døydde ein tidlegare NRK-kollega av meg, Ole Bjørn Rongen. Han blei 70 år gamal. Ein kronikk han hadde skrive i Stavanger Aftenblad, var utgangspunkt for ein bloggpost på denne bloggen i januar. I minne over ein kunnskapsrik og snill kollega, minner eg om at denne gjerne kan lesast igjen: Desse kinesarane
D121/187


14. april 2017

Førdes juletale



I know; det passar dårleg med ein juletale på denne langfredagen i påska. Men eg er inne i medieutklyppsbøkene mine, og eg jaktar på tankar som kan gje meg litt håp og retning i den ustabile medietida me lever i. Derfor Førdes juletale (men det blir litt vår heilt på slutten, følg med!). 


Førde er altså Einar Førde (1943-2004), arbeidarpartipolitikaren som blei NRK-sjef og dermed var han også min sjef ein periode i NRK-tida mi. Juletalen hans er frå tusenårsskiftet, prenta i bladet til NRK. Internett var i startfasen. Eg har lyst å dela dette sitatet frå talen:
«Noen er opptatt av at Internett gir heilt nye store mulegheter, særleg les eg at mange seier at Internett kjem til å vere den store viktige faktoren for at demokratiet kjem til å overleve. Internett gjer oss alle tilgang, Internett gjer det omogleg for makthavarane å manipulere oss. Det er eit, etter mitt syn ytterst overoptimistisk syn. Johan Gutenbers oppfinning hadde nøyaktig det same potensiale. Likevel fulgte den oppfinninga mange år og århundrer med undertrykking og diktatur. Telefonen, fjernsynet, flyet, bilen, alle desse innretningane som skaper kommunikasjon og mobilitet, i ein utstrekning som ingen kunne tenke seg, dei kunne heller ikkje berge oss frå undertrykking og diktatur. Alle desse faktorane var til stades i det gamle Aust-Europa, men likevel vart folk haldne i eit jerngrep. Og nettopp fordi det er om lag ti år sidan det store skiftet i Aust-Europa, så er det viktig å hugse på at det som bragte folk ut av eit gamalt fortrykk, var ein modig mann som såg det same som folk såg. Og han knytta si gjerning til idear, han såg altså eit system som var politisk, sosialt og økonomisk bankerott, og han måtte gjere noe med det. Eller den andre store einskildpersonen det siste tiåret, Nelson Mandela. Kva var det som drev han? Idear, toleranse, evne til å tilgi, humor. Det var ikkje teknologi. Mandela var ikkje eit produkt av den nye kommunikasjonsteologien. Han levde i pakt med den strålande setninga frå det kommunistiske manifest: «Mennesket skaper sjølv si historie». Det er idear, overtyding, vilje, tru, håp, ikkje teknologiske eller vitskapelige framskritt som skaper verda».
Då 25.000 menneske møttest i gatene i Stockholm etter angrepet sist fredag, så gjorde dei det kanskje fordi dei fekk melding om det via mobiltelefonane sine, men dei kom fordi dei hadde trua på ei anna kraft, ei kraft som ligg nedfelt i oss og som me søkjer og vil ytra og kjenna på når nokon trugar med å ta den frå oss.
            Einar Førde siterer poeten Tor Jonsson i slutten av talen sin. Han snakkar om at han kanskje burde ha brukt juletalen til å deklamera avgangen sin, men han kjende i staden på at han hadde usådde åkrar i verket sitt:
            «Klagar du livet for gråe dagar, umetta dagar, sorger og sår – verst er å gå frå usådd åker, og ufødd vår.»
            Eg har funne fram frøa eg skal planta i terrassekassen min. Dei ligg der i posane sine, med heile sitt potensiale, og viss ikkje eg gir dei jordsmonn og vatn og sørger for at den får den varmen den treng, så kjem dei til å liggja der, tett i tett med dei andre frøa. 

            Krafta ligg i oss alle; me kan så nye frø – og skapa ei ny verd!
            Framleis god påske – og vår!


D120/106-107


7. april 2017

Den journalistiske formelen

Etter seks bøker med økonomi, er eg over i ein ny temadel; M – som står for journalistikk og media. Dette har vore mitt yrkesmessige fokus stort sett heile livet, så det var vel ikkje så rart at akkurat det fekk sine eigne bøker.
            Når eg blar meg gjennom denne vekas bok, slår det meg at utfordringane for journalistikken er blitt så store og annleis berre på dei siste 20 åra. Eg les mellom anna ein artikkel om alle radiokanalane som gjorde utbodet av denne type informasjon så mykje større då NRK gjekk over til sine tre hovudkanalar – Einar i tri kanalar – som var omkvedet. No med DAB som den etter kvart rådande sendemåten i Noreg, sym me jo rundt i eit hav av radiokanalar, i tillegg til dei du kan få tak i på internett.
            Det er likevel noko som har endra seg fundamentalt, og det er korleis inntektene frå annonsørane fordeler seg no når internett og store sosiale medium som Facebook har lokka folk til seg i eit heilt anna volum enn det ein kunne sjå for seg. Og annonsørane; dei har alltid følgt folket; ein kan jo ikkje arrestera dei for det heller.
            Men så har me denne journalistikken. Tekstreklame har det alltid vore fokus på. Det at ein i artiklar skriv om eit produkt som i si form berre har fokus på auka sal av eit produkt, eller ei bok eller ei plate. Lanseringsjournalistikk heiter det ofte på kultursidene. Dei store mediehusa har no, i jakt på nye inntektskjelder, tatt i bruk content marketing, såkalla innhaldsmarknadsføring. Dette er artiklar som er kjøpt og betalt av annonsørar, men gitt ei journalistisk form og plassert i avisa, ganske så likt vanleg avisdesign og presentasjonsform. Fleire og fleire journalistar driv med dette og mange er redd for at det kjem til å utvatna heile journalistikken. Så har du den andre sida av trenden med juksefakta og alternative fakta: at folk søkjer seg nettopp til aviser som framleis held den journalistiske fana høgt.


            Den første boka i M-serien min opnar med den journalistiske formelen, som var utforma av Per Olav Reinton, tidlegare rektor ved Journalisthøgskulen i Oslo. Journalistikk, heiter det her, er uavhengig formidling og tolking av sak, synspunkt og prosedyrar i samfunnet. Formelen er slik:
            J (Journalistikk) = K (Kunnskap) x 3F (Ferdigheit)
Dei tre ferdigheitene er: Kjeldeferdigheit, som handlar om å finna fram informasjon, og som krev god allmennutdanning og brei samfunnserfaring frå journalistar og redaktørar. Den andre ferdigheita er analyseferdigheit, som inneber korleis du vel ut informasjon. Det handlar om journalistiske arbeidsreiskapar og innsikt i medienes funksjon i samfunnet. Endeleg har me formidlingsferdighet, som den tredje F-en. Det handlar om å formidla informasjonen, som igjen inngår i dei journalistiske arbeidsreiskapane.
            Så dette er det eg ønskjer du skal ta med deg inn i påskehøgtida; at du er klar over kva som er kva når du via aviser og andre kanalar skal prøva å orientera deg i samfunnet.
            Og at det er skilnad på å skriva journalistisk, og å driva med journalistikk!
            God påske til alle!
           
D119/5