29. juli 2016

Slåttonn



Desse somrane med alle sine lukter. Det er ikkje utan grunn at mange sjuke- og aldersheimar lagar til sansehagar for dei eldre. Ingenting kan som lukt henta fram minne om det som var, på ein måte som viskar bort alle dei åra mellom. Eg har vore sommarvikar og stelt ein parsell i Våland kolonihage eit par veker. Her står luktene og minna i kø. Stikkelsbær og solbær, rips og bringebær. Eg er tilbake i hagen til Ingrid Kvithaug som me sa, men etternamnet var Grinde. Dei budde på Kvithaug, eit par kilometer langs ein aude veg frå barndomsheimen min. Her sørga mannen Olav for at alle buskar blei gjødsla etter alle kunstreglar og ingen bær var så store og gode som her. Her fekk eg ei livslangt forhold til rips. Ingrid og eg reiste til Torget i Haugesund og selte rips. Eg plukka to korger til henne, og så var den tredje korga mi og den kunne eg sjølv få selje. Eg kunne ikkje koma meg fort nok heim frå skulen for å slenga frå meg ranselen og storma vidare til Kvithaug. Ingrid likte å konkurrera, og ho var med i fleire konkurransar der ho svinga ljåen. Ho tok som oftast heim premien.
Dette fører meg over til eit dikt frå diktsyklusen Haugtussa, som Arne Garborg skreiv. Det var Lars Roar Langslet som henta fram eit av dei meir ukjende dikta frå verket, i serien Diktet som ruslar og går i Dag og Tid. 



Men før eg bringer vidare diktet, så må eg tipsa om ein tv-serie som blir vist på NRK1 i desse dagar. Kokken Raymond Blanc og journalisten Kate Humble har bak seg eitt år i den botaniske hagen Kew Gardens i London. Herfrå har dei laga fire program som tar for seg kvar sesong, og han der kokken lagar velsmakande og flotte rettar frå sesonggrønsakene. To episodar er blitt sendt så langt, nummer to er framleis tilgjengeleg og så må du få med deg dei to siste som går den 2. og 9. august. Dette er til å få inspirasjon av! For oss som så vidt har starta å juksa med å dyrka litt mat på balkongen, og som likar å laga mat frå botnen av.
Fra jord til bord heiter serien.

Så til diktet av Arne Garborg. Som Lars Roar Langslet skriv: «Det er heimsttaddikting, med same versemål som Nordlands trompet av Petter Dass. Og det andar av sol og luktar av friskt nyslege gras, så livfullt at det også vekkjer gode barndomsminne hjå alle som har opplevd slåttonn – før slåmaskinane tok over.»
Diktet treng ingen kommentar, seier Langslet. 


I slåtten
No ljåen han syng på den saftige voll,
og alle småblomane slær han i koll,
og graset av roti han sopar.
Det gjeng seg så lett i den doggmjuke eng;
i skårane svingar seg dreng etter dreng
og slær så or vegen! det ropar.

Ja, svinga du slåttar, og vollane snøy!
Det angar så godt av det nyslegne høy,
som verdi var full utav blomar
Det legg seg ein god-dåm om bakke og bygd;
det er som ei ørske av nøgd og av trygd;
det angar så hjarteleg sumar.

Og gjev det vil skifte med sol og med vind,
så all den Guds gåva dei godt kan få inn!
Det vil eg så inderleg beda.
Ja gjev oss ein terre så god og så traust!
Då tarv me kje reddast den folnande haust;
og jol skal me halde med gleda.

Arne Garborg

D83/160



22. juli 2016

Lokal buss til sommaridyll



Interrail-fenomenet fekk eg liksom aldri med meg då eg var ung. Sommarferiane var fylt med korpsturar, sommarjobb i lokalavisa eller jordbærplukking. Men interrail er lukkelegvis av dei tinga som aldri blir for seint, og for to år sidan slo eg til. Kjøpte den praktiske pakken fem reisedagar med tog i løpet av ti dagar, og la opp ruta. Starten blei sør i Frankrike, der eg sa farvel til daten som etter fine dagar i Barcelona skulle feriera vidare med vener der. Eg tok peiling mot Avignon. Sånn omtrent på denne tida er det ein eksotisk teaterfestival der, og berre det å rusla rundt i den gamle pavebyen er ei oppleving. Eg hadde vore der før, og fann til og med fram til det gamle hotellet me den gong budde på, sjølv om det var 12 år sidan.

Men alle feriar må ha i seg elementet av å oppleva noko nytt. Så eg fann fram til byen Colmar i Alsace i Frankrike. Ein idyllisk by i bindverksstil som blei grunnlagt alt på 800-talet. Fun fact: i trettiårskrigen var den i to år under svenskane etter at dei erobra byen i 1632. Dei svenskane, altså!
Og det er når ein ruslar rundt i ein ny by, at ein plutseleg kjem borti noko som får horisonten til å utvida seg. Som at det til dømes finst eit flott museum for den franske skulptøren Frédéric Auguste Bartholdi der. Og han, mine vener, er altså skulptøren bak fridomsgudinna i innseglinga til New York, og fødd i Colmar.

Colmar er idyll, og startpunktet for endå meir idyll. Eg tar turen til turistkontoret og lurar på om dei har bussrutene til landsbyane lenger vest. Det har dei, og eg får eit kopiert ark med bussrutene for linje 145 – frå Colmar via Orbey til La Bonhomme. 


Mitt mål for turen er Kaysersberg. For vinkjennarar, heilt sikkert eit naturleg mål når ein testar ut vinruta i Alsace-området. Men for meg var den ny, og for ein idyll! Det er noko med desse bindingsverkshusa i mur og tre; dekorerte med dei mest smakfulle blomstarrangementa, og i horisonten vinmarker som strekk seg så langt auga rekk. Historia til byen strekk seg tilbake til 1227 og fekk namnet då keisaren kjøpte seg eit lite slott, og namnet Kaysersberg – keisarens fjell på norsk – skriv seg frå denne tida. 

Etter å ha fortært ein deileg pai og vin med smak av drua muskat, dumpa eg oppi ein ny kjent mann. Albert Schweitzer, filosof, lege, teolog, orgelkunstnar – og mottakar av Nobels fredspris for 1952. Han blei fødd 1875 i Kaysersberg og eg stakk sjølvsagt innom det vesle museet dei har laga for han. Utfordringa i Frankrike er at nesten alle tekstar i musea er på fransk, men stemninga får ein med seg.
Velfylt med inntrykk henta eg fram den kopierte busstabellen min og bussen kom då den skulle. 



Småbyferie?
Ja, takk!

D82/79



15. juli 2016

Dei store debattane



Om éi veke er det fem år sidan 22. juli-terroren. I A-magasinet i dag blir me presentert for SMS-ar som ofre og dei pårørande sende til kvarandre dei dramatiske timane på Utøya. Det syner ei ny side av det som skjedde og redaktøren skriv at det er første gong at SMS-ar frå terrorofra er blitt ein del av det offisielle historiske materialet.
22. juli-debatten er elles gått inn på lista som Morgenbladet sette opp for eit par år sidan over dei ti viktigaste debattane som samfunnsvitskapane i Noreg har hatt gjennom dei siste femti åra. Det er interessant med slike oversikter, mellom anna fordi ein av og til som vanleg avislesar kjem borti tilvisingar til ulike debattar, utan at ein hadde interesse for – eller var gamal nok – til å fanga dei opp medan dei gjekk føre seg.

Viss du har det på same måten, så skal eg ta deg gjennom lista til Morgenbladet. Altså dei ti viktigaste debattane i norsk samfunnsvitskap; debattar der vitskapane ikkje berre krangla med seg sjølve, men som også fekk mykje å bety for samfunnet.

  • 1.      Positivismestriden: Kan ein forska på menneske med naturvitskaplege metodar? Er samfunnsforskinga objektiv? (1957-1970-talet - og fram til i dag.)
  • 2.      EEC-debatten: Om Noreg skulle stå utanfor eller bli medlem av den europeiske, økonomiske fellesskapen (EEC)
    (1961-1962)
  • 3.      Bistandsdebatten: Forskarar blei kraftig motarbeidde då dei ville undersøkja effekten av norsk bistand i India – ein bistand som skapte auka ulikskap i mottakarlandsbyane
    (Frå 1960-talet og fram til i dag.)
  • 4.      Feministisk forsking: Synleggjering av erfaringar og mulegheiter for kvinner
    (1970-talet)
  • 5.      ML-kuppet: Maxist-leninistane i Raud Front vann makta i Det Norske Studentersamfund i 1969, og gjorde studentorganisasjonen om til politisk institusjon til støtte for AKP-m, som gav pengestøtte til kampsakene deira
    (cirka 1969-1980)
  • 6.      «Etter leggetid»:
    Framveksten av barnepsykologien, og eit tv-overført oppgjer med den harde barneoppdraginga (1975-1977 – men eigentleg frå slutten av 1930-talet og fram til det blei forbode å slå barn i 1987)
  • 7.      Multikulti-debatten:
    Kva aksepterer me i kulturens namn, og kor like nordmenn skal innvandrarane bli?
    (1990-talet)
  • 8.      Rettsleggjeringsdebatten:
    Fleirtalsdemokrati mot rettane til grupper og domstolsmakt mot lovgjevande makt
    (2003)
  • 9.      Hjerneoppvask: Fødd slik eller blitt slik? Om kor mye vekt samfunnsfaga skal leggja på respektive arv og miljø (hausten 2009-våren 2010)
  • 10.  22. juli-debatten:
    Var terrortiltalte Anders Behring Breivik utilrekneleg 22. juli 2011, eller skulle han dømmast til fengsel?
    (29. november 2011-sommaren 2012)

D81/27-33