27. januar 2017

God undervising



Det er valår og partia smir nye partiprogram. Dagleg kjem det i avisene små snuttar med framlegg om politiske saker, som små prøveballongar frå sentralt plasserte politikarar i programkomiteane. Alle partia meiner mykje om skule og undervising, sjølvsagt. Fellesskapet organiserer minst 12 år av liva våre i klasserommet. Men kva er eigenleg god undervisning, og korfor er god undervisning viktig? Nettopp desse spørsmåla blei stilt til juryen då Morgenbladet inviterte studentar til å kåra den mest fantastiske formidlaren i fjor. Spørsmåla set i gang refleksjonar, men like mykje svara. Så for min eigen del, og kanskje for din, så fekk eg lyst å ta tak i det andre spørsmålet, nemleg om korfor god undervising er viktig. Eg tenkjer det også kan overførast til formidling generelt, og dermed gjeld det ikkje berre for lærarar, men også for alle som skal formidla noko til andre, om det så gjeld eit føredrag ein skal halda for kollegaene sine. 


Me startar med Helene Uri, forfattar og språkvitar, og leiar av juryen:
«God undervisning skal få studentene gjennom eksamen, men god undervisning skal først og fremst få studentene til å huske (det de trenger av) pensum også etter eksamen. God undervisning skal få studentene til å bli skrubbsultne på faglig kunnskap, resten av livet.»

Sunniva Rose, fysikar og bloggar, er neste:
«God undervisning kan kurere en students dårlige selvtillit, slik at vedkommende kan få realisert potensialet sitt. Motsatt, med dårlig undervisning, tror jeg man kan være uheldig å miste nettopp dem som kanskje har et stort potensial, men som trenger en ekstra «push» for å få det ut. Disse studentene kan godt ende opp med å bli de beste, men med dårlig undervisning kan de kanskje like gjerne falle av.»


Therese Eia Lerøen er leiar i Norsk Studentorganisasjon:
«God undervisning er viktig for å bidra til god læring. Målet må være at studentene ikke bare utfordres til å reprodusere pensum, men til å anvende kunnskapen og tenke kritisk rundt reelle og aktuelle problemstillinger.»


Erling Sandmo, programleiar, musikkskribent og professor:
«Det kan da ikke være mye som er viktigere? Dette handler om å arbeide for at vi skal bli så flinke som mulig, bli myndige samfunnsmedlemmer og utvikle vår evne til å omgås egen og andres kunnskap med respekt. Tanken på et samfunn der undervisningen gjennomgående er dårlig, er ganske uhyggelig.»


Forskar, skribent og professor (og tidlegare statsråd), Victor Norman:
«God undervisning er viktig fordi de fleste av oss trenger et metodisk grunnlag for å kunne tenke systematisk – uten det blir vi dilettanter. Det er altså tenkningen som er viktigst. Mye av dagens undervisning er fortsatt for basert på pugging av fakta, og for lite opptat av å lære studentene å tenke.»
I eit politikarkorps som er blitt veldig glad i målstyring, er det jo berre å håpa at litt av dette sviv inn i programutkasta til partia framover mot landsmøta.

D109/12-13


20. januar 2017

Desse kinesarane



Det er fredag den 20. januar og USA får ny president. Kina er stadig vekk i vokabularet hans, og då passar det jo å henta fram litt av det som Ole Bjørn Rongen skreiv i ein kommentar i Stavanger Aftenblad, då kinesarar til og med såg sitt syn på Verkshotellet på Jørpeland!
Eg jobba med Rongen i NRK Rogaland i si tid, han er sinolog og har altså meir peiling på Kina enn dei fleste andre eg kjenner.



Korleis kom Kina der dei er i dag, med ein imponerande vekst på om lag ti prosent i året? Rongen syner til eit kjederesonnement: «Poenget var at mennesket – anten det var opphavleg godt eller ikkje (her var det ulike syn) – kunna odla og forbetra seg sjølv. Når ein hadde søkt og oppnådd kunnskap, gjort tankane sine oppriktige og retta opp hjartet sitt, som det heiter i skriftet Den store læra frå slutten av 200-talet f.v.t.,  - då var ein klar for andre oppgåver, nemleg først å få orden på familien sin. Sidan familien er som staten i miniatyr, kunne ein så gå vidare og gjera staten velstyrt, og så til slutt vert det fred under himmelen.»

Denne gamle konfutsianske tenkinga har overlevd fram til våre dagar, meiner Rongen. Kina utdannar i dag fleire kandidatar utover bachelor-nivå enn USA og EU. Kinesiske studentar strøymer også til Noreg, skriv han, mellom anna til Universitetet i Stavanger, der han no sjølv arbeider.


  Rongen avsluttar: «Kinesarane er som folk flest, som oss, men det dei som folk ber med seg av historisk og kulturell arv, er viljen til å nå sine mål gjennom hardt arbeid, nøysemd, og utdanning. Mange er duglege forretningsfolk, og styresmaktene oppmuntrar til investeringar i utlandet. Hotell og reiseliv har eit stort marknadspotensial blant dei mange nyrike kinesarane, som lit på at landsmenn – som iden utvida storfamilien – veit korleis dei vil ha det.»

Så vil tida syna korleis Trump møter dette.
D108/112-113


13. januar 2017

Livskontrastar



Livskontrastar slår meg som eit tema for dagens bloggpost. Bileta av massemordaren Anders Behring Breivik slår mot oss igjen, i samband med ankesaka i Skien fengsel. Det offentlege blikket gir han næring, men eg trur ikkje dette er næring som gir han liv. Han har deaktivert tarmtottane som skulle vera i stand til å suga til seg næring frå positiv gjenklang med andre menneske. Han vil ikkje ha kontakt med folk viss utgangspunktet for desse samtalane er at han er psykisk sjuk. Han vil gjerne ha kontakt med faren, men berre om han gir seg over til nasjonalsosialismen. Når du ikkje klarar dette kunststykket med å ha verdig horisontal kontakt med andre menneske, er det berre den vertikale pidestallen igjen. Han tok livet av 77 menneske, og han meiner det var naudsynt. Det har kome mange bøker om Breivik, men eg står fast ved at den boka som alle bør ha i heimen, er Åsne Seierstad si bok En av oss. Boka er på veg ut i verda, og får masse ros. Tonegjevande tyske medium skriv til dømes:
            «Kanskje en av de viktigste bøkene i vår tid.»
            «Sannsynligvis har ingen forfatter siden Truman Capote kommet en morder såpass nær som Seierstad.»
            «… et praktfullt eksempel på den litterære reportasjens kraft.»
            «Seierstad forteller saklig, rolig, men aldri kjølig.»
            «En av oss er et mesterverk av en litterær reportasje». 


Så er det berre éi veke til Donald Trump skal innta den viktigaste jobben i verda. Med eit oppblåst sjølvbilete som ein må til herskarar i statar som ligg langt borte frå det norske sosialdemokratiet for å finna make til, skal han styra verdas framleis viktigaste land. Han brukar same taktikk som Breivik, han vil berre ha med på laget dei som trur på hans prosjekt. Seier du han i mot, er du persona non grata, helst følgt av dei mest infantile tilbakemeldingane på twitter. Nett denne temperamentsfulle retorikken er det kjennarar fryktar mest med Trump. 
 
Det ligg ikkje i politikarar (viss me kan bruka eit slikt ord om Trump) å fortelja om det vesle dei fekk til, men dei fleste av oss er jo der. Oppegåande folk tar jo innover seg at det er avgrensa kva fotavtrykk ein set på verda. Men at dei små fotavtrykka er heilt avgjerande for at dette fantastiske livet går saman for dei fleste av oss. 

Derfor, som ein livskontrast til Breivik og Trump, diktet Det vesle eg fekk til, av Alf Strand:


Eg vann ikkje meir,
eg kom ikkje lenger
det viser ikkje mykje
att etter meg
men eg har gjort mitt
kanskje eg skal vera nøgd
det hadde gjerne
sett annleis ut
om det vesle
eg har fått til
hadde vore ugjort






D107/17, 37