29. mai 2015

Fotballfamilien



Vekas store «nyheit» var at FIFA – det internasjonale fotballforbundet – er korrupt. «Nyheit» i hermeteikn, fordi det jo er mange som har sagt og kome med prov om dette i årevis, men nå har altså det sivile samfunnet gått inn og arrestert personar og gjort livet svært så vanskeleg for familiepateren Sepp Blatter. Når du les dette, er det avklart om han har fått fornya tillit som president i FIFA. I går blei det meste av det som skjedde i kulissene i førekant av tildelinga av fotball-VM for menn i Russland i 2018 og Qatar i 2022, rulla opp i to dokumentarar på tv. Nå skal rettssaker vurdera det som har kome fram etter arrestasjonane, men det er Blatter sin tanke om fotballfamilien som festar seg hos meg. Berre sitat som at ”dette ordnar me internt i fotballfamilien”, burde skru på mange varsellamper. Det er mange familieoverhovud som har brukt det same argumentet. Mange av dei var – eller er – psykopatar. Familiar flest er dessutan bygt opp av ekstreme lojalitetsband og trugsmål om utestenging viss du ikkje følgjer familiekoden.

Fotball er ikkje ein familie, men eit fellesskap. Der dei som deltar har ulike roller, men alle er like viktige for det endelege sluttproduktet, frå foreldra som sel pølser i pølseboda, til dei som nå ventar på storinnrykk for å samla fotballinteresserte til fotball-VM i Canada. 


Som eit slags korrektiv til det som skjer i FIFA om dagen, inviterer eg nå til eit tiltak for å løfta fram entusiasmen igjen. I kinaboka mi for veke 22 finn eg nemleg tippeskjemaa eg laga til fotball-EM for menn i Belgia og Nederland i 2000. 30 personar tippa og la 100 kroner kvar i potten!  Det blei veldig kjekt, og ho som vann dei 3000 kronene fekk eit flott bidrag til feriepotten. Til fotball-VM i Canada som startar laurdag 6. juni, har eg tenkt å gjera det same. Viss du vil vera med, så sender du ein e-post til ehb at stavanger.online.no (krøllalfa der det står at).
Det beste med denne konkurransen; her er det fotballen som bestemmer det endelege svaret. Hovland kan ikkje kjøpast! Håpar du har lyst å vera med!

D22/68

22. mai 2015

65 år for å bli synleg



LLH (Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner) markerer sine første 65 år denne veka. Det er ein organisasjon som eg også har stått på barrikadane for. Mange kampar er vunne, nokon står igjen. Eit dikt eg skreiv rundt tusenårsskiftet:


5 kvinner
5 menn
Fem brurepar
i forgylte rammer.
Yngstesonen manglar,
han er singel.
To kvinner manglar også,
dei elskar kvarandre.


D21/163


17. mai 2015

Bonusspor: 17. mai-tale i Grinde 2015


Opning
Kjære alle saman! Gratulerer med dagen! Det var først og fremst storpolitiske hendingar ute i Europa som gjorde at mai blei månaden der me kunne feira nasjonaldagen vår. Stod eidsvollsmennene på trappa utanfor den staselege Eidsvoll-bygningen denne vårdagen for 201 år sidan og saug inn angen av den klare vårdagen? Tok dei seg tid til å nyta synet av den overveldande fine grøne fargen på lauva til dei nyutsprungne trea? Kor langt klarte dei å sjå rekkevidda av det dei hadde vore med på?  At dei hadde skapt ramma for ein dag som i generasjonar framover skulle bli samlingspunkt for alle som ville vera med; ein dag me kunne stoppa opp, ha same fokus, feira dei politiske slaga som gjennom tiåra har ført til at endå fleire er blitt omfamna av paragrafane i grunnlova. Og at me har fått fjerna dei paragrafane me ikkje lenger kunne vera bekjente av. Ein dag der me tok på oss finstasen, glatta håret og møtte kjente og ukjente med eit smil og ein nikk: Gratulerer med dagen! Jammen fekk me eit flott vêr!

Hovland og Tysvær i 50
Grunnlova var 200 år i fjor, og det er den me feirar i dag. Men då eg blei spurt om å halda tale i Grinde i år, så var det fordi komiteen i Grinde tenkte på det faktum at Tysvær kommune var 50 år i år. Og så hadde dei lyst å høyra med nokon som var fødd i 1965 om å halda tale. Og fordi eg hadde tenkt ganske mykje på det å bli 5 – 0, som eg likar å kalla dette jubileumsåret, så syntest eg det var eit veldig passande høve til å seia ja takk til den utfordringa!  Sjølv om det kanskje var ein litt uhøfleg måte å gjera ei kvinne merksam på alderen hennar på!  Eit tidsskilje som  5 – 0 inviterer også til tankar om tida som kjem. Sånn sett er det greitt å veta at eg ikkje treng å høyra med Jan Tore Sanner om kven eg skal slå meg saman med framover, der ligg som de alle veit Tysvær kommune litt dårlegare an!

17. mai i Grinde
Men la oss dvela eit par minutt til ved 17. mai i Grinde. Debuten min i 17. mai-feiringa, i alle fall den som er dokumentert, kom i 1966. Eg er litt over eitt år, og ved sida av meg i vogna, fotografert ved grusbanen på skulen i Grinde, står eldstebror Øyvind, han er blitt seks år, har samanknept jakke, kvit skjorte og fint samanknytta slips i halsen. På hovudet ein kledeleg hatt! På den andre sida, nesteldste bror Morten, han må ha vore tre år, har ein slags capshatt på hovudet, har ennå ikkje stige i gradene til slipset, så han har ei lita sløyfe på. Sidan kom det to barn til i denne ungeflokken; Torgeir og Ingeborg. 

Morten, Elisabeth og Øyvind Hovland, 17. mai i Grinde 1966.
På det neste biletet er me framme i 1975. Konrad Odland er formann i korpset og går fremst i 17. mai-toget på E76 med den flotte fana, mens eg og Berit Kirketeig held staseleg i kvar vår dusk – me var duskajenter. Eg var overtydd om at eg ikkje ville starta i korpset, men fekk overtalt mamma til å tru at dette med å vera duskajente, det var noko heilt anna! Men same hausten starta eg som aspirant og då var 17. mai-livet besegla fram til eg reiste frå bygda. Når me forresten først har fokus på året 1965 – dette var året korpset fekk sine første uniformar etter at korpset blei stifta i 1969. Så nå veit de det. 


Duskajenter var passe stas då!
Torgeir med bassen og eg med trompeten, klar for innsats.

Veslesøster Ingeborg, ho med OL-gullet. Veldig fin, altså!


Kvar 17. mai frå rundt 1975 skjedde forresten dette: Før nokon hadde tenkt å stå opp, kanskje med unnatak av bøndene som måtte ta eit tak i fjøsa omkring, braste ein lastebil kledd i bjørkelauv inn på vegar og tun. Skramlande boksar og spann var på slep. I beste Kaizers Ochestra-stil slo dei på tome oljefat og bles i lurar. Det var den sers oppegåande mødreklubben i korpset som med sitt eige skramleorkester vekte både det me hadde av autoritetar og andre folk i bygda. Elles var løypa til 17. mai-toget fast i desse åra: frå skulen, opp på hovudvegen, bort til Skjold aldersheim der det var speling av orkesteret og andakt, og så tilbake til skulen. Då arrangementet blei flytta til Stemnestaden i 1983, starta toget ved Tysvær sjukeheim, gjekk til Skjold aldersheim og så til Stemnestaden. Så var det alle desse konkurransane folk stelte i stand. Eg er framleis ganske stolt av diplomet eg fekk i 5. klasse i 1977 – 1. premie i kappløp!

Dagens togtur er over, klar for 17. mai-fest på Grinde skule.
Ja, det var altså slik det var, 1. plass i kappløp!


Frå barndom til ungdom
Ein tidsperiode på femti år, vil ha sine ulike etappar. For oss som blei fødd midt på 1960-talet og dei neste femten åra, fram til rundt 1980, var livet konsentrert om den lokale andedammen. Det var familie, skule, korps, handelslaget i Grinde og fotballbanen som danna rammene rundt livet. Medvitet hadde ikkje kapasitet til å ta inn så mykje meir heller, trur eg. I og med at våre foreldre var innvandrarar til bygda, så blei det utflukter innimellom til Halsnøy og Vigrestad, men livet dreia seg rundt sin eigen akse, på eit vis. Derfor var det ei magisk hending den vårdagen i 1976 då skuleplassen i Grinde – og det var før tilbygga på skulen kom – blei fylt opp av sirkus Viola. Elefantar i skulegarden! Friminutta var magiske. At meldaren i Tysvær Bygdeblad etterpå skreiv at det ikkje var sirkus av toppklasse, blir eg veldig fornærma på når eg les det i dag, kjenner eg. For denne dagen kom verda til Grinde, og det var som om utsynet blei utvida med fleire kilometer på éin dag.  Slik høgtlesing av spalta Mitt første kyss i bladet Romantikk før korpsøvinga kvar fredag ettermiddag var blant dei meir livsutvidande tiltaka, eg trur det var Øystein Østebøvik som sørga for denne opplesinga.

Me som blei fødd i 1965 blei altså fødd inn i det som var blitt storkommunen Tysvær same året. Argumentet for den nye store kommunestrukturen den gongen, var som nå: Storting og regjering ville gjerne ha effektive og rasjonelle kommunar som kunne gi folk over heile landet tilnærma like gode tenester, les me i tiande bind av Tysvær. Slik levde dei frå 1920 til 1970, av Svein Ivar Langhelle. Målet for kor store kommunane skulle vera, var at dei i det minste måtte ha kommunekasserar, likningssekretær og formannskapssekretær. Ein god og rasjonell skule, var eit anna krav. Og endeleg: kommunen måtte ha eit livskraftig sentrum, slik at ein ikkje blei freista til å reisa ut av kommunen for å få dekka viktige behov. 

Utgangspunktet for den nye kommunen, var gamle Tysvær kommune. Spørsmålet nå var kven ein skulle ha med på laget. Tysvær var ein fattig kommune, det var ikkje mange som ville bli med dei inn i storkommunen. Bygdene Førre, Stegaberg og Gismarvik låg i Avaldsnes kommune, og det var aktuelt å få dei inn i den nye kommunen. Det ville ikkje kommunestyret i Avaldsnes ha noko av, men det var det som blei løysinga.  

Så var det Nedstrand. I utgangspunktet la ein opp til at Nedstrand framleis skulle få vera eigen kommune. Nedstrand med så stolt fortid, dei har til og med ei gate oppkalt etter seg i Stavanger. Sjølv om dei var litt fattige der også, så var planen likevel å laga ein mønsterkommune ut av Nedstrand. Tysvær-buen var også skeptiske til Nedstrand, dei såg for seg den blå faren! Då løysinga blei å innlemma Nedstrand i den nye kommunen, var reaksjonen frå ein tysværbu: ”Nå får me oppleva noko som me ikkje har opplevd før, nå får me høgrefolk i massevis inn i kommunestyret.” Mens Nedstrand-buen på si side var redde for samanslåinga med Tysvær, for då måtte dei drassa med Venstre- og AP-folk. Det var til slutt stortingsfleirtalet som sørga for at Nedstrand kom med i den nye storkommunen, eit hovudargument var at det var venta ein sterk nedgang i folketalet i kommunen.

Grinde var ein del av Skjold kommune før kommune-samanslåinga, det er som kjent derfor at den kjære fotballklubben vår heiter Skjold.  Her var eit alternativ å slå saman Skjold og Vats, men som det står i boka til Langhelle, og som me kjenner frå ein viss kyrkjedebatt i seinare år: Lokalseringsstrid hadde det vore i årevis i Skjold, og det kunne det lett bli meir av. Det enda med at Skjold blei delt; Søre Skjold gjekk til den nye kommunen. Nordre Skjold gjekk saman med Vats til Vindafjord kommune.

Kva skulle så det nye barnet heite? I mai for ganske nøyaktig femti år sidan, møttest kommunestyrerepresentantane i dei kommunane som hadde slått seg saman. Og på dette møtet – ei lita stund – var det Grinde eller Grindar var aktuelt som namn på den nye kommunen, det blei i alle fall foreslått. Tysvær var eit anna framlegg, Leiranger likeså. Men det desse samla seg om var faktisk namnet Haugalandet. Men det sa Namnekonsulenten nei til, det namnet var alt i bruk på eit  anna geografisk område. Namnekonsulentens framlegg var Nedstrand, som hadde spelt ei så viktig rolle.  Fylkesutvalet i Rogaland gjekk inn for Leiranger med sju røyster, fire ville ha Tysvær. Regjeringa ville ha Tysvær, og då blei det slik! 

Den nye kommunen er knapt fødd, men nå treng den ein plass å bu! Stemnestaden var aktuell for å husa det nye byråkratiet, det same var eit lokale i Førre. Formannskapet samla seg likevel om å byggja ei kommunebrakke i Aksdal, den som ligg ved den gamle europavegen der det vel er barnehage i dag. I eit svært så jomfrueleg Aksdal-landskap, som det er vanskeleg å førestilla seg i dag, slik området er overfylt av hus og bygg, låg kommunebrakka der. Dei som gjekk inn for dette kompromisset bestemte i grunnen kor heile Tysvær-sentrumet skulle utviklast dei neste åra. I dette bygget heldt ein så til fram til det nye rådhuset sto ferdig i 1972. For meg blei også denne kommunebrakka ein viktig milepæl for mine mål, litt meir om det seinare. Med folk og kommunebrakke på plass, var det å bretta opp ermene. Kloakk og vegar skulle planleggjast, til nye byggjefelt i Førre, Frakkagjerd, Aksdal og Grinde. Og det kommunale livet kom endå nærmare, då far vår blei ordførar dei to første åra på 1980-talet. 

Eit veldig jomfrueleg Aksdal-landskap, foto henta frå Langhelle-bok.
Ungdomstid
I 1980 gjekk me som var fødde i 1965 i 8. klasse, konfirmasjonstida var i gang. Året var ikkje mange månadane gamal då tragedien seiv inn over det rolege tysværlandskapet. Det var ein marskveld, eg sat barnevakt hos Monica og Anett Haraldseid og fekk med meg det som hadde skjedd først på skulen dagen etter. Folk sto oppå kvarandre for å koma så nært innpå høgtalarane i skulebygget på Frakkagjerd som muleg. Bustadplattforma Alexander L. Kielland, stasjonert på Ekofisk-feltet i Nordsjøen, hadde kantra. 123 menneske omkom, sju av desse budde i Tysvær. 89 blei redda. Den kvelden mista fire elevar i parallellklassane mine i 8. klasse på Frakkagjerd fedrane sine. Ordførar Hovland skreiv minneord i Tysvær Bygdeblad:  ”Dei som forlet oss var alle fagfolk i sin beste alder, fagfolk i risikofylt arbeid som var med og la grunnlaget for mykje av den velstand me alle er med og nyt godt av.”

Fattigkommunen blir rik
Tysvær – og ikkje minst dei sju familiane som hadde mista sine – hadde fått smakt baksida av oljemedaljen. Samtidig gjekk livet vidare. Me skal tilbake til kommunebrakka i Aksdal, dagen er 19. mai 1980 og eg og Marianne Rushfeldt møtte spent opp i redaksjonslokala til Tysvær Bygdeblad, der me skulle ha arbeidsvekene våre. Det første nummeret av Tysvær Bygdeblad kom ut 15. desember 1975. For meg som hadde ambisjonar om å bli journalist, var planane klare: anten skulle eg bli journalist i Tysvær Bygdeblad eller i New York Times!   Det var Reidar Nordmark som var redaktør og tok oss under vengene sine. Bladet kom ut kvar fjortande dag den gongen. Me farta rundt i kommunen saman med redaktøren, og fekk mellom anna tatt bilete av den gryande tunnelmunninga mellom Førrestjørna og Førdesfjorden.  Men det eg hugsar best var at me fekk vera med på synfaring til Kårstø der ein femmannsdelegasjon frå Statoil hadde i oppgåve å sjekka aktuelle stader for ilandføring av gass frå Statfjord-feltet til land. Året etter blei Frakkagjerd ungdomsskule smått historiske, det var nemleg der kommunestyret i Tysvær hadde tatt inn og gjort mediateket om til kommunestyresal, då det historiske vedtaket om å seia ja til gassterminalen blei gjort. Då Stortinget same våren sa ja til Statoil sine Kårstø-planar, var gullegget lagt.  

Tysvær Bygdeblad, 31. mai 1980.
To unge journalistspirer på trappa til den første kommunebrakka i Tysvær.
Fattigkommunen, som Avaldsnes ikkje vil bli ein del av i 1965 – og i alle fall ikkje Nedstrand som frykta alle Venstre- og Arbeidarparti-folka i gamle Tysvær kommune – hadde sikra seg inntekter som gjorde at dei nye tysværbuane kunne ta del i ei utbyggjing ikkje minst av kulturelle og sosiale tilbod, som ein ikkje heilt såg for seg korleis kunne skje utan Kårstø-utbyggjinga.  Så flytta eg frå kommunen i 1984, men gjennom søsken, foreldre og vener har eg blitt oppdatert på det meste. Nye bygg, og kven som har flytta inn, og ut – av privathusa.

Ibsen og ripsbusken
Men nå skal me hoppa litt fram i tid. Til 2013. Dei to siste åra demokratiet vårt markert to viktige jubileum; i fjor feira me tohundreårsjubileet for Eidsvoll-grunnlova, og i 2013 hadde me Stemmerettsjubileet, som markerte at det var hundre år sidan den allmenne stemmeretten blei innført. Nå veit me jo at grunnlova av 1814 slett ikkje var så demokratisk som me helst ønskjer å slå oss på brystet av.  Éin ting var at kvinnene ikkje fekk stemmerett, men denne retten var også stengt for mange menn. Det er ikkje heilt rett at kvinner først fekk stemmerett i 1913 heller; denne blei gradvis gjennomført for kvinner med formue, og dei kunne dessutan stemma i lokalval nokre år tidlegare. Men i 1913 vedtok Stortinget at kvinner og menn som var over 25 år, og som hadde budd i landet i fem år, kunne stemma ved stortingsval. Verdien av dette Stemmerettsjubileet ligg for meg ikkje først og fremst i kunnskapen som ligg i arbeidet som blei gjort for å innføra den allmenne stemmeretten, men i alle dei kvinnene som kommunar i heile landet løfta fram, og som eg aldri hadde høyrt om!

Det er nå me skal gje liv til tungebrekkaren Fru Ibsens ripsbusker og andre buskvekster, og samanhengen mellom Henrik Ibsens skodespel Fruen fra havet, og ein ripsbusk på Madlamark i Stavanger. Sambandet finst nemleg, takka vera Stemmerettsjubileet, og eit seminar Tysvær inviterte til i juni 2013. Der fekk eg høyra historia om Fredrikke Nielsen. Ho blei fødd i 1837, på garden Bratthammar. Fram til ho var åtte år budde ho her med tanta og hennar familie, men flytta då til mora i Bergen, eigentleg mot sin vilje. Ho hadde skodespelartalent og gjennom mora kom ho i kontakt med Den Nationale Scene og debuterte der 16 år gamal, i 1853. På denne tida var Henrik Ibsen ein frykta sceneinstruktør ved teateret, men Fredrikke var ein av dei få som ikkje var redd han, og det er også god grunn til å tru at det blei varme kjensler mellom dei to, utan at det førte til noko ekteskap.

Ibsen-forskarar meiner at Fredrikke dannar utgangspunkt for fleire av kvinnene i Ibsen sine skodespel, og i Fruen fra havet er det altså at me kan finna ganske tydelege samband til Fredrikkes oppvekst i nåverande Tysvær kommune.  Då eg høyrde dette kunne eg ikkje koma raskt nok heim til mi eiga samling av Ibsen-skodespel, og heilt rett! Handlinga i stykket føregår i ein liten fjordby i det nordlege Norge, står det. Og så kjem replikken til Ellida, i samtale med ektemannen Wangel: Det var tidlig i grålysningen, - da fikk jeg en seddel fra ham. Og i den sto der at jeg skulle komme ut til ham på Bratthammeren, - du vet det neset mellom fyrtårnet og Skjoldviken.

Nielsen fekk ti barn, seks av dei levde opp, men ho klarte likevel å halda liv i skodespelarlivet sitt. Litt snurt over at ho ikkje fekk ei rolle ho hadde veldig lyst på, gjekk ho inn i Metodistkyrkja og blei metodistpredikant. Ho reiste på store taleturnear i Skandinavia og USA og brukte skodespelarevnene sine til å vera eit talerøyr for kvinnene sine rettar, mellom anna ivra ho for kvinnenes rett til å tala i forsamlingar, og at skulle ha rett til å studera. Fredrikke tok modige standpunkt, og møtte mykje motstand. Men overalt trakk ho fulle hus.

Koss kan det ha seg at eg ikkje har høyrt om denne kvinna? Eg tenkjer på den kampen jenter og kvinner fører i mange kulturar, og som også er ein del av vår kvardag i Noreg i dag. Nye tider krev nye kampar, men det er framleis saker å stå opp for. Hent fram Fredrikke! La ho bli eit førebilete me kan strekkja oss etter. Tar nokon motet frå oss, har me ingenting tilbake.

Men kor kjem så ripsbusken inn? Jo, til 40-årsdagen min fekk eg ein ripsbusk i gåve, den står i hagen til eit venepar av meg på Madlamark i Stavanger. Den er eit ektefødd barn av ein intens kjærleik til ripsen som mat, men først og fremst dei fantastiske stundene eg hadde i ripsbuskane til Ingrid Grinde i Kvithaug. Kvar seinsommar var eg der og plukka. Ingrid var spent på om eg hadde nyheiter å koma med, men som oftast var det ho som heldt meg oppdatert om det som skjedde av stort og smått i bygda. Avtalen var at eg skulle plukka to korger til Ingrid, mens den tredje var mi. Då torgdagen kom reiste me til Haugesund, nedafor rådhuset, og slo opp bordet vårt og starta salet.

Ingrid døydde ganske nøyaktig 100 år etter Fredrikke Nielsen, dei hadde to veldig ulike liv, men i Tysvær fekk dei plass i den same utstillinga som blei lansert på Stemmerettsjubileet. Det er berre kommunar som Tysvær som kunne få dette til; å finna plass til skodespelaren/folketalaren/predikanten og kvardagsmennesket/arbeidsjarnet/ tradisjonsberaren/barnevenen i éi og same utstilling. Når eg nesten skulle bli 50 år før eg fekk høyra om dette spennande teatermennesket frå Bratthammar, lurer eg likevel på kva det er eit utslag av? Ein kommune som gjerne hyllar sin Cleng Peerson eller Lars Hertervig, men som først nå fann tida inne til å løfta fram ein modig person med noko som må ha vore eit framståande skodespelartalent og som blei ei viktig inspirasjonskjelde og sjølv sette spor i skodespela til han som blir spelt på teaterscenar over heile verda? 

50 – kva nå?
Eg har overlevd min eigen 50-årsdag med to månadar, livet er ikkje over. Litt meir usikkert er det altså for Tysvær kommune. Eg forstår det slik at ein har vore litt avventande til for mange samtalar om eventuelle friarar så langt. Ein har også ønskja å venta litt på kva regjeringa meiner dei nye kommunane skal ha ansvar for.

Kva med å snu litt på det – det har eg sjølv god erfaring med i eige liv. I staden for å venta på kva styresmaktene meiner dei nye kommunane skal tilby, heller spørja seg sjølv: Kva ønskjer me med livet til kommunen og innbyggjarane våre framover? Del opp dette talet – 50 – la det bli 5-0, og bruk alt det de har lært om fotball! 5-0 er utklassing. Då kan ein gå i forsvar og satsa alt for å halda på leiinga, eller ein kan slakka litt av på krava; ein har jo så mykje å gå på! Femti år der dei verste fordommane er blitt gjort til skamme! Nedstrendingane må til og med ta inn over seg at tysværordføraren opptil fleire gonger har representert Høgre. Eit kulturliv som er i stand til å skapa mange nye Fredrikke Nielsen-ar. Det verste med politikken synest eg er dei to p-orda – posisjon og prestisje. Når du leiar 5-0, så kan du parkera dei. Du veit at du har eit godt lag, du har funne ein formel som fungerer. Då politikarane skulle forma den nye Tysvær-kommunen på 1960-talet, var litt av suksessoppskrifta at det også var med folk utanfrå som ikkje hadde dei same banda til gamle skiljelinjer, og som såg mulegheiter der andre såg strid.

Og viktigast av alt:  er dei som styrer i kommunen opne for entusiastane som kjem med nye idear? Særleg viktig er det kanskje å hugsa på det ein slik dag som denne, der me feirar fridomen vår.  Kor frie er me til å sleppa andre fri? Eller for å snu litt på sjølve grunnlova: kva har me i grunnen lov til? Kva gir me oss sjølve lov til? Nye tider krev nye strategiar. Når ein har levd i 50 år, er det mange ting ein har prøvd ut. Det er forferdeleg lett å stivna i opptråkka spor. Men livets idé er endring, nye erfaringar. Og det er viktig at ein set seg sjølv i førarsetet. Slik eg prøver på, og slik ein kommune alltid må gjera. Med personleg utvikling og fellesskap som gode dreiepunkt. For all del – me må ikkje stivna!

Og når det er sagt: på bloggen min legg eg ut denne talen på adressa hovlandi50.blogspot.no, spreie den gjerne rundt til nye og gamle tysværbuar! Gratulerer med 50-årsjubileet!

Takk for oppmerksomheten og fortsatt god 17. mai!

15. mai 2015

Gull i horisonten!



Det rykkjer i fotballfoten! Det nærmar seg eit nytt fotballmeisterskap og det er berre å benka seg framfor tv-en. Denne veka presenterte Even Pellerud dei 23 spelarane som skal kjempa om norsk ære i fotball-vm for kvinner i Canada frå 6. juni til 5. juli. Og for meg som har ein stor del av fotballhjarta mitt i Klepp (spelte der i 1987 og 1988 og blei seriemeister med Klepp i den første sesongen med landsomfattande serie for kvinnene i 1987), er det ei stor glede å sjå tre Klepp-namn i landslagstroppen. Gry Tofte Ims har alt vore med ei stund, men nye i meisterskap på seniornivå er Maria Thorisdottir (dotter til landslagstrenaren i handball) og Hege Hansen. Klepp har hatt ein fantastisk start på sesongen i Toppserien, og ligg på andreplass, berre to poeng etter LSK Kvinner. At tre Klepp-spelarar får vera med til Canada, er derfor på sin plass. Når eg skriv Gull i horisonten i overskrifta, så er det fordi mange Klepp-spelarar i landslagstroppen, indikerer suksess i meisterskap! Sist Noreg vann gull i eit internasjonalt meisterskap var i OL i Sydney i 2000. Då var Ingeborg Hovland, Anne Tønnessen, Silje Jørgensen og Dagny Mellgren Klepp-spelarar som var med i troppen som sikra det historiske gullet.


Og då skal me over til det arkiverte! Det var ein kveld i 1997, eg sat heime og tutla med mitt då søstera mi, Ingeborg, stakk innom på hybelen på Våland og fortalte om målet ho hadde sett seg for karriera si. La meg høyra, sa eg spent. OL-gull i Sydney, var det kontante svaret. Viss det er målet ditt, skal eg sitja på tribuna når det skjer, var mitt like kontante svar. Dermed starta prosessane; Ingeborg trente jamt og trutt mot det store målet, og eg starta sparinga. Undervegs fekk eg ein kjærast, og eg gjorde det klart at eg gjerne kunne diskutera ulike feriealternativ framover, men i 2000 reiser eg til Australia. Du kan bli med viss du vil. Ho blei med. Ingeborg kom med i troppen, og då var det berre å bestilla billettar. Me gambla på at Noreg skulle spela semifinale i Sydney og hadde fått ei venninne av kjærasten til å bestilla billettar for oss. Dagen før avreise skulle Noreg spela mot Kina. Meisterskapen hadde starta dårleg. Kina var alltid ein trussel og me måtte slå dei for at det skulle bli full klaff med billettane me hadde bestilt. Og me vann, 2-1! Det var berre å starta den lange reisa til Sidney. Og det var her søstrene Hovland blei fanga opp av Eva Marie Sternhoff i Haugesunds Avis som fortalte historia om kor nær målet me var etter 1-0-sigeren over Tyskland i semifinalen. Målet kom via eit sjølvmål, og det var på hengande håret dette gjekk, men me var i finalen! Og gløym Noreg i Marseille i 1998! Den mest magiske augneblinken i mitt fotball-liv var då Dagny Mellgren skåra vinnarmålet mot USA etter ekstraomgangar. På golden goal! Det var utfalding av ei glede som eg knapt har kjent på sidan i livet.

Og slik gjekk det altså til at Hovland-familien sikra seg eit OL-gull! Og ein liten bete i gullet unnar eg meg:

”Jeg ble tidlig med Elisabeth på trening og så på hva de gjorde, forteller Ingeborg, som regner søsteren som en større inspirasjonskilde inn i fotballtilværelsen enn de tre brødrene og faren Mandrup.”

Ingeborg toppar forresten adelskalenderen i Klepp. Ho spelte der i imponerande 18 sesongar og fekk med seg 512 kampar. Ho var keeper, men står også oppført med 2 skåra mål. Reknar med at det var i andre enden av banen.

Her kan du koma i vm-stemning med dei norske jentene.

D20/52