26. februar 2016

Om å sjå ljoset



Les for tida biografiar om Arne Næss og Søren Kierkegaard. Det handlar mykje om å stilla spørsmål i filosofien, og lukkelegvis i mange andre disiplinar også. Men ser ein rundt seg, så er det mange som meiner dei har funne svaret, og forfektar dette på alle mulege livshemmande måtar. I dag kom det til meg eg ein kommentar til dette – av Nils-Fredrik Nielsen, sosiolog og forfattar – som me alle kan ta med oss inn i helga.

«Det er ingen som sprer så mye mørke som han som har sett lyset.»



D61/97

19. februar 2016

Daisy var namnet



Far min var oppvaksen på Halsnøy i Sunnhordland. Han var eldste sonen i familien, og skulle dermed overtatt garden. Bestefaren ville heller støtta han med pengar slik at han kunne studera, dermed blei han veterinær og onkelen min skjøtta garden på beste måte då tida kom for han å overta. Pappa fekk i staden ei hyttetomt nede ved sjøen, og på slutten av sekstitalet stod den ferdig og blei eit paradis for ungeflokken på fem som han og mamma fekk. Her fiska eg min første fisk, her slengte eg ut næringsrik lever til måkar og teiner, her bada me stort sett i iskaldt vatn, drakk gul saft som hadde kjøla seg i ei plastflaske og åt mariekjeks som om det skulle vera gourmetmat. Nesten kvar dag gjekk turen til Sæbøvik for å handla, og eg kan enno kjenna dufta av ferskt bakverk hjå bakaren. Forutan brød, var ærendet alltid noko godt til kaffien. Vel tilbake i hytta var det fram med skulebollar eller vanlege bollar, helst med rosiner. Dette var i før-gluten-tida. Me dekka bord, og der og då tenkte jo ikkje me barna så mykje på kva servise det var. Men det var blått i botnen og dekorert med ein blome som var oransje i midten og med kvite blad. Bollane gjekk ned på høgkant og det var lukkestund på jord. Ei slags deling av dagen, no var badinga overstått og dei lyse kveldane kunne koma med nye aktivitetar; fotball og fiske. 


Det er først i vaksen alder at ting blir sett inn i ein samanheng. Godt hjulpen av ein retrotrend for 1950- og 60-talet. For sjølvsagt gjekk mamma og pappa til porselensfabrikken Figgjo då dei skulle kjøpa inventar til den nye hytta! I ein artikkel i Obosbladet blir me fortalt at designarane Ragnar Grimsrud og Jørg Løve-Nielsen utvikla elegante og linjesikre modellar. Dei blei dekorerte med mellom andre Turid Gramstad-Olivers folkloristiske og temabaserte strekdekor, noko som gjorde dei modernistiske formene meir folkelege, les me. Lotte, Maja og Anne Marie er nokon av produktnamna, men «vårt» servise er altså Daisy! Produsert nettopp i 1969, året då hytta stod ferdig.
Og slik måkeskrik utanfor huset mitt i dag kan senda meg tilbake til sommardagane på hytta, kan synet av Daisy gjera det same.
Gode, fine Daisy. 


D60/97-100