24. juni 2016

Paris-utsikter



Hjarta strøymer over av sterke fotballmoment om dagen. Fotballhistorie blir skriven i meir enn eitt land. Overlukkelege albanarar som sto og hoppa opp og ned i ellevill rus over den første sigeren i eit EM i fotball, etablerte seg på ein frekvens som nådde heilt fram til godstolen min på Tjensvoll i Stavanger. Dramatikken i dei siste EM-kampane i sluttspelet resulterte i at Albania ikkje blei ein god nok trear til å få laget vidare til åttedelsfinale, men augneblinken er det ingen som vil ta frå oss. Det er grøne grasmatter og flotte fotballbilete som når oss frå Frankrike desse dagane, men dette fører meg over til ein liten notis eg tok vare på om fotografen Gail Albert Halaban. Med løyve frå dei som er blitt fotografert, har ho fotografert gjennom vindauga og inn i leilegheitene til folk i Paris. Paris Views heiter boka, men me kan også få eit par smakebetar på nettsida hennar. Det er spennande å gå inn i kunstnarskap på denne måten. Ta deg tid til å sjå dei små videoane ho også har lagt på sida, som fortel meir om korleis ho faktisk gjennomfører prosjekta sine. Ho har nemleg tidlegare fotografert leilegheiter i New York på same måte. Ta deg også tid til å sjå fotoserien This stage of motherhood.
Eit pusterom frå fotball-EM. Fint det.

 
D78/104

17. juni 2016

Positiv gjenklang



Ein sommardag i 1988 måtte eg be mamma ta opp igjen det ho nettopp hadde sagt. Eg veit ikkje kven som er opphavet til desse små linjene, men ho tok dei fram rett som det var. Og denne dagen var tida inne for meg å skriva dei ned. Kanskje var det ei lita hustavle ho hadde med seg på livets veg:
Da jeg lykken prøvde å eie
forsvant den fra meg
på alle veie.

Men da jeg lykken
søkte å bringe,
da strømmet den til meg
på englevinge.
Slik var det også at eg denne veka henta ned frå hylla i biblioteket mitt, boka Love 2.0 av Barbara Fredrickson. Den ber oss revurdera våre eigne tankar om omgrepet kjærleik, og trua på at dette berre er noko som det er plass til i romantiske forhold. Alle møte med andre menneske ber i seg høvet til å oppleva kjærleik, skriv ho i denne boka som tar for seg den positive psykologien. Og trøysta for dei som framleis trur på dei analoge romma; det er i desse romma dei magiske augneblinkane skjer. Og som mamma sa i orda ovafor; dette er ei lukke du ikkje kan eiga, for i neste augneblink er den borte. Men søkjer du til andre, vil desse augneblinkane koma til deg igjen og igjen – viss du klarer å oppnå positiv gjenklang, som er omgrepet Barbara Fredrickson bruker i boka si. På YouTube er det ein liten snutt der Barbara fortel om boka si. 

D77/104


10. juni 2016

Du må ingenting!



Det høyrer med når du har vore på eit kurs at dei som har invitert ønskjer ei kursevaluering. Ofte kan det kjennast som ei tvangstrøye, særleg viss utbyttet av kurset var sånn der. Andre gonger kan utbyttet overgå forventningane, og sjølv om du ikkje blir beden om å oppsummera kurset, så renn hjartet ditt over. Det kan vera fordi du møtte deg sjølv på ein stad som kjendest leveleg. At noko var i ferd med å mjukna opp, at nye innsikter om livet seiv inn.
Slik det var for meg då eg endeleg fekk delta på min første kombinerte retreat/skrivekurs i Italia med Kristin Flood og Merle Levin hausten 2010. Kurset blei halde på eit kloster ein times køyretur frå Venezia, og berre måltida som dei italienske nonnene laga til oss av heimedyrka grønsaker, var verdt turen åleine. Det refererer til punkt 9 nedafor!

Så – her er dei 16 punkta av mi evaluering, eller meir: erfaringane eg gjorde meg etter kurset. Håpar du finn noko du kan ta med deg vidare i dag. (Av ein eller annan grunn blei desse skrive på bokmål, så då blir dei det her også). 

  1. Kjønnsløst!
  2. Du ingenting!
  3. Gå i ditt eget tempo!
  4. Søk informasjon, men finn din egen sannhet!
  5. Pust dypt inn!
  6. Lytt, og du sprer kjærlighet
  7. Del, og du mottar kjærlighet
  8. Dine erfaringer er unike – og sanne!
  9. Sanselig nytelse
  10. Værekraft!
  11. Personlig styrke i personlige møter
  12. Faglig integritet
  13. Hjertevarme i organisert orden
  14. Glede
  15. Humor
  16. Takk for at dere lever deres visjoner



D76/29