29. januar 2016

Vandring langs Hadrians mur



Januar tonar ut med varsel om orkan i kasta for mange i landet vårt. Det er berre å sikra alle lause gjenstandar, låsa seg inn og drøyma seg bort. Tida er snart inne for å tenkja tankar om sommarferien. Arkivet mitt er ei skattkiste i så måte! Og etter å ha lese om vandringa som pensjonistane Ragnhild og Hans Frøiland frå Stavanger gjorde langs Hadrians mur på dei britiske øyane, så blir eg sterkt freista av same prosjektet. Det er noko med dette romarriket som eg alltid har vore så fascinert av. Slukte tv-serien om Roma for ein del år sidan, og har alltid likt å vandra i byar med restar frå denne spesielle tida i verdshistoria. Og det strekte seg altså langt, dette riket.


I 122 beordra keisar Hadrian at det skulle byggjast ein mur som vern av den nordlege grensa av riket, og det er altså denne du kan vandra langs. Turen paret Frøiland tok gjekk frå Walls End ved Newcastle til Bowness-on-Solway, ei strekning på 13,5 mil. Vandringa inneber ei vandring i historie og samtid. Mesteparten av ruta går i ope, landleg terreng med steinmurar over grønt landskap. På vegen passerer ein ruinar av gamle kapell, kyrkjer og fort, som til dømes fortet Cilurnum ved Chester, som er det best bevarte romerske fortet i Storbritannia. Men over til sjølve muren. Ragnhild kan fortelja at kvar stein i muren er hogt ut akkurat slik at ein mann kunne løfta den. Steinane blei grave opp frå grunnen, og der det ikkje var stein, brukte ein torv. Seinare blei muren delvis rive ned igjen somme stader, og mange av husa nær muren er faktisk bygt av stein frå muren. I 1987 blei muren del av verdsarven til Unesco. I England blir den sett på som det viktigaste romerskbygde monumentet i Storbritannia.


Eg har hatt ei glede av å besøkja nettopp historiske bygningar og stader som finst på denne verdsarvlista, merker at det rykkjer litt i foten. Etter at eg for to år sidan var over og besøkte tantebarnet Anne-Marthe som unna seg eit englandår, er er også freista av eit nytt besøk i England. Språkleg veldig tilgjengeleg, flott natur – og kjem du i beit for noko å snakka med engelskmennene om, så er eg nok interessert i fotball til at det bør halda til ein pint – og tre. Frøiland-paret føreslår slutten av mai/starten av juni som god reiseperiode, og sjølv starta dei å tinga billettar til overnatting på koselege bed & breakfast-stader langs muren rundt tre månader før avreise.
Eg startar sparinga!

D57/159-160

22. januar 2016

Sju om skrivesperre



Tida mi er for tida sett av til å skriva eit manus. Tanken er at det skal bli ei bok, og dermed er merksemda mi retta inn mot ting som har med skriving å gjera for tida. Og det kan jo ha relevans også for dei som ikkje skal skriva bok, for skriva gjer me på ein eller annan måte heile tida; om det er ei doktorgrad ein stullar med, eller ein rapport på jobben. Så fenomenet skrivesperre er det sikkert mange som slit med, men kanskje er det ein ting forfattarar kjenner meir på enn andre, fordi skrivinga der i endå større grad er ein del av inntektene.
Men altså – eg har klypt ut svara som sju forfattarar har kome med til spørsmålet «Har du noen gang hatt skrivesperre?»  Eg har henta ut ei setning og to frå kvar av dei; kanskje finst det noko her du kan ta med deg.


«Skrivesperre fins selvfølgelig, men ofte kan det nok aller mest dreie seg om en dårlig unnskyldning. Eller en manglende evne til å ta seg sammen eller til å akseptere at det å skrive innimellom også gjør vondt.»
Heidi Linde
«Hemmeligheten er å ha verktøykassa full av muligheter og teknikker, slik at jeg kan prøve ut ulike språk og muligheter – og å ikke gi meg. Skrive skrive skrive i en månad, to måneder, tre måneder, fire, fem, seks, og så plutselig begynner språket mitt å bore seg ned i ladninger og kraftfelt, og da kan jeg koble meg inn på energien.»
Gro Dahle
«Men som mange før meg har oppdaga, er det ingenting som slår å ha ei dødlinje. Samt å vere på ein stad utan internett. Og så hjelper det jo alltid å tenje at hadde det ikkje vore for skrivinga, ville eg vore eit null.»
Agnes Ravatn
«Drikke seg full hjelper svært sjeldan.»
Ragnar Hovland
«Når noen opplever skrivesperre, tror jeg egentlig de har problemer på et helt annet plan i livet, skrivingen er den minste utfordringen.»
Arne Berggren
«Hadde jeg hatt skrivesperrer, ville jeg blitt dritnervøs og skiftet jobb.»
Tore Renberg
«For det første tar jeg alltid utgangspunkt i notater jeg har gjort, eventuelt en struktur, en skisse; jeg sørger alltid for å ha noe å ta tak i, om det så bare er en slående replikk. For det andre har jeg aldri ambisjoner om å få til mer enn et par tre avsnitt på en skriveøkt, maksimalt en side eller to. Generelt tror jeg skrivesperre ofte er et vikarierende motiv for at man ikke har gjort godt nok forarbeid i å samle det stoffet, eller det handlingsmaterialet, fortellingen skal springe ut av.»
Henrik Langeland

Så langt forfattarane. Mi eiga røynd samlar seg så langt i dette; minst éi lita økt kvar dag, uansett kor lang den er. Men set deg alltid ned, tenn gjerne eit levande lys og få energi frå det. Ein kan koma uendeleg langt ved å ta eitt steg om gongen! God skriving!

D56/136-137

15. januar 2016

Gründerformalia!



I desse tider skal me alle bli gründerar, for å koma oss gjennom dei dårlege tidene her i sørvest. Då er masse fokus retta mot den gode idéen (sjølvsagt), at det må vera ein marknad for produktet der ute, og så må du ha litt pengar å setja inn i prosjektet. Det mange nok ikkje tenkjer på, er alt det formelle som også må vera på plass den dagen draumen om å driva eiga næringsverksemd er blitt ein realitet. I dagens kinabok ligg mitt arkiv frå mine første famlande brev til både den eine og andre for sånn omtrent tjue år sidan. Den gongen var det faktisk næringsforbod for journalistar, med mindre du var fotograf – då kunne du ta ut inntekta di i næring. Men etter påtrykk mellom anna frå frilansjournalistane oppheva Finansdepartementet denne særregelen. Det var likevel nye utfordringar som venta, for i 2001 kom den sokalla meirverdiavgiftsreforma der det blei innført generell avgiftsplikt på omsetnad av tenester. Kultur i rein essens skulle framleis vera momsfritt, men her var mange grenseoppgangar, og dei som hadde økonomisk rådgjeving som næring, reiste land og strand rundt for å prøva å gje folk gode råd og vegleia folk gjennom dei ulike praksisane som mellom anna fylkesskattekontor praktiserte.

Når du melder firmaet ditt inn i einingsregisteret i Brønnøysundregistra, så skal du melda deg inn med ein næringskode. I 2007 fekk me høgtidleg brev frå Statistisk sentralbyrå om at alle verksemder i Noreg skulle få ny næringskode basert på ny standard for næringsgruppering.  Nærmare den kristne forteljinga om å skrivast inn i manntal, har eg aldri vore! Men her var det ikkje Herodes som var oppdragsgjevar: «Standarden samsvarar ned til firesiffernivå med EU sin nye NACE-standard». Så det så. I og med at verksemda mi har vore så mangslungen, så har eg funne det rettast å halda meg til 82.990 Anna forretningsmessig tenesteyting. Vurderer innimellom overgang til ein ny kode, for her er eg i selskap med folk som tener pengar på adressestrekkoding, inndragingstenester, innsamling av myntar frå parkometer og pengeinnsamlingsverksemd på honorar- eller kontraktbasis.


D55/67