Eg bur altså på Tjensvoll, med alle desse
idrettshallane rundt meg. Heile året er det aktivitet her, med oljemessa ONS og
Stavanger Oilers sine ishockeykampar som dei mest kjende. Innimellom er det
åstad for årlege turneringar og dette året var det Landsturneringa, det største
idrettsarrangementet i landet for psykisk utviklingshemma. 1400 aktive og
leiarar frå heile landet samla seg i hallar og på Lassa for å spela handball og
fotball. Og
svinga seg med kulturministeren på banketten! Det var her Halvor i Stavanger
Aftenblad røpte sitt beste sjekketrisk: «Var det en tyv som stjal alle
stjernene og puttet dem i øynene dine?» Stort sett funka, trikset, fortel han, men ein kan jo ikkje alltid vera
sikker!
Når
eg er på jakt etter gleda, så tar eg turen innom desse arrangementa. Gleda over
siger for mål og siger er overveldande for dei som virrar rundt på parketten og
fotballbanen. Så sit eg der på tribuna i Stavanger Idrettshall og følgjer ein
kamp. Spelet bølgjer fram og tilbake. Blikket vandrar til ei jente/kvinne, som
spelar på det eine laget. Ho er ganske langsam i rørslene. Når laget spelar
forsvar, står ho der i midten, og følgjer med. Men ho får aldri ballen. Så
skårar motstandaren mål, og laget til jenta vår blir med laget i angrep. Dei
andre spelarane stormar fram, men ho her har veldig god tid. Ho ruslar
framover, på sitt langsame vis, kjem seg nesten fram til dei andre som no er i
angrep. Ho får framleis ikkje ballen. Men så skårar dei! Og ho følgjer med, for
armane går i véret! Dei andre stormar tilbake i forsvar. Jenta vår snur seg – på
sitt langsame vis, og vandrar tilbake i forsvaret sitt. Ho fekk aldri ballen
medan eg sat der, men ho var med, på banen, ho sat ikkje på benken. Og ho fekk
kjenne på gleda over at laget skåra mål.
Aldri
blir eg meir stolt over den norske idrettsrørsla enn på slike dagar.
D148/36-37