Fjernsynskanalen TV2 kom til oss tidleg på 1990-talet. Eitt av dei
første peika til gamlekanalen NRK var å la kvinner presentera været! Det var så
nytt og revolusjonerande, at mange ikkje klarte å bera det. For ikkje nok med
at dei var kvinner, Elin på 22 år og Benedikte på 24 år var pene å sjå på i
tillegg! Hetsen dei unge kvinnene måtte stå i, fekk journalisten Arild Abrahamsen
i Stavanger Aftenblad til å koma med eit forsvar.
Diskrimineringa
av vakre menneske botnar i ”at de utsøkt alminneliges ubegrensa smålighet nok
en gang har funnet et forminskningsobjekt”, meiner Abrahamsen og gjer seg til
talsmann for at utsjånaden er ein ressurs. ”Det er en
naturgitt, funksjonell fordel som noen mennesker har fått for at de skal bruke
den”. Tenoren Pavarotti fekk stemmebanda sine slik Siri Kalvig fekk kroppen,
nemleg gjennom genetiske tilfeldigheiter som sidan er tatt i vare på ein
talentfull måte, påpeikar han, og held fram: ”Ingen sier at Pavarotti skal
holdes borte frå operascenen fordi han er så irriterende god til å synge, …” Eller at Albert Einstein ikkje skulle bruka
hovudet sitt fordi det kunne øydeleggja sjølvtilliten til matematikkelevar som
ville bli like smarte som han. Ingen nekta heller Arve
Tellefsen å spela fiolin fordi han hadde talent. ”Nei, Arve, nå blir du for
flink. Det er ikke rettferdig mot de andre barna. La Carl Ivar spille en stund,
så kan du heller gå ned i kjelleren og høre Elvis”. Dei pene er dei einaste som ikkje får lov å ta i bruk evnene sine,
skriv Abrahamsen i petiten. Han meiner det er løgnaktige manipulatorar som har
dikta opp at skjønnheit kjem innafrå. ”Det er ikke mye mer sannferdig enn å
påstå at du kan bli filosof ved å spise Syn og Segn”.
Kan me ikkje berre innrømma at me likar å sjå på pene folk, spør
Abrahamsen. ”De må få lov til å jobbe der de kan vise seg fram med like stor
selvfølgelighet som at ei fingernem dame på hundre hardangerkilo får lov til å
sy putevar for Husfliden, og det er ikke noen større skam om de viser fram
kroppen sin enn når ekle brilleunger fra Våland briljerer med den store
gangetabellen.”
Og briljante Abrahamsen
avsluttar med dette: ”De stygge regjerer verden med sin infule foretaksomhet. Fordi
grimhet tolkes som dyd får de lov til å herje fram med sine depressive borttolkninger
av virkelighetens solsider. Gi dem en defekt hangglider og send dem til
fjells”.
Det var nokon som sa ein gong, at det som kjem lett til deg, er det du
skal bruka. Dette handlar kanskje om dei evnene og talenta Abrahamsen skriv om,
og som ligg der klare til å bli forvalta av oss alle. Men Gud forby alle dei
kreftene som hindrar oss i å ta dei i bruk! Eg blir frista til eit forsvar for
dei smålege; dei treng hjelp til å forløysa talenta sine. Verre enn ikkje å
vera i kontakt med eigne evner og talent, blir det for desse å sjå at andre
lukkast. Eller alle dei som går i flokk og trur at det å vera vakker er det som
må til for å få innpass i verda. Og
motsett; ingenting er så frigjerande som å møta menneske som lever ut seg
sjølv, og som derfor klarer å sjå det store i andre. Slik Arild Abrahamsen gjorde det med sin
utsøkte penn i Stavanger Aftenblad. Der hevar han ikkje lenger løn, men pennen
hans lever heldigvis vidare på bloggen hans: arilabra.com.