26. juni 2015

Hjerneføde



Han har fått på seg merkelappen hjerneguru, har forfatta over 80 bøker om hjernen og læring, og bør berre av den grunn vera ein person ein kan via eit par ekstra minutt. Han heiter Tony Buzan og i ein artikkel i Dagbladet frå rundt 2002/2003 tar dei tak i boka hans ”Et hode foran”. Kom i form – bli smartare er mantraet. Når åra fell på, kan det vera eit poeng i seg sjølv å prøva å utnytta potensialet i korleis sinn og kropp påverkar kvarandre.

Sjølv synest eg det er så kjekt å lesa. Eg kan bruka nesten all mi tid på det. Men slik hjerneaktivitet har jo ei slags avgrensing; det kan fort bli fullt. Det er då Tony Buzan også minner oss på at for å utnytta hjernen maksimalt er det heilt avgjerande å la kroppen bidra. 

  
Kondisjonstrening er eitt av råda. Driv kondisjonstrening i minst 20 minutt fire gonger i veka. Det er i første rekke hjernen som tener på kondisjonstrening, seier Buzan. Jo betre kondisjon, dess betre kan fordøyelsessystemet ta opp i seg maten. Resultatet blir dermed at blodet ditt leverer næringsstoff til heile kroppen og hjernen meir effektivt.

Så til kroppens hjernefode. Den viktigaste energikjelda til hjernen er oksygen. Den kan berre skaffast i tilstrekkelege mengder av ein sunn og veltrent kropp. Så er det næringa hjernen treng via maten. Deretter informasjonsføde. Hald sansane opne og vel livslang læring med entusiasme, seier Buzan. Og endeleg: Kjærleik! Utan kjærleik visnar hjernen! Sørg for rikeleg tilførsel.

Og nå når sommarferien er i gang for mange: Finn tid til leik!
God hjernesommar!

D26/21

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar