Avisene fløymer over av kriseteikn; særleg her i sørvest. I dag var
framsida av Stavanger Aftenblad prega av meldinga om at éi av to senger står
ledige (ja, ja – det gjer nå eine halvdelen av mi dobbeltseng også; slik er det
nå innimellom!). Ok, det handlar om hotellsenger; det er for stor kapasitet,
rett og slett. Eller for få som har råd til å betala dei dyre sengene. Innimellom
desse kriseteikna, kjem sakene om at me må vera innovative, skapa nye ting som
me kan leva av framover. Dette handlar om samfunnet som heilskap, men også om kvar
enkelt av oss, tenkjer eg meir og meir. Om å koma i kontakt med den kreative
sida, som eigentleg handlar om å gje uttrykk for det som ligg der som våre
livsmotiv. I 1996 gav den allsidige kunstnaren og forfattaren Eyvind Skeie ut
boka Lev kreativt – syv faser i din
personlige utvikling. Den kom til meg då eg hadde ein av mine faste turar
innom biblioteket på Universitetet i Stavanger. Først og fremst, seier Skeie i
føreordet, det har sin pris å leva kreativt. Derfor må han også skriva noko om
spenning, aggresjon og fortviling. For han meiner at å leva kreativt har å
gjera med å vera i kontakt med dei djupare livsmotiva våre. Sjølv har han samla
sine eigne erfaringar med kreativt arbeid i sju kapittel, kalla landskap. Denne
kreative prosessen er ei rettesnor for Skeie sjølv i jakta på å generera heilt
nye idear og å ta vare på arbeidsgleda og skaparkrafta undervegs.
Målet med den kreative prosessen er, slik eg forstår Skeie, å koma fram til den gode ideen. Før du kjem så langt, er det tre landskap du må reisa gjennom, skriv han. Det første landskapet i prosessen omtalar Skeie mellom anna som eit landskap i grått. Mellomtitlar i det andre landskapet er ”Et landskap i ruiner”, ”Den deilige aggresjonen” og om ”Å leve i spenning”. Det tredje landskapet – kapittel 3 – handlar om jakta i mellomromma, skriv Skeie. Her handlar det om å vera Askeladd i eige liv, og om å gå frå det kjente til det ukjente.
SÅ! Fjerde
landskap i Skeie sin prosess: ”Den berusende fødsel av en idé! Når det sier
ko-ko i ditt liv”.
Og her skal eg gjera ei vending, til artikkelen i dagens Kina-bok
nummer 29 (som følgjer vekenumra). I samband med markeringa av dei første
hundre åra som sjølvstendig nasjon i 2005, så inviterte Norge
2005-administrasjonen i eit eige bilag mellom anna 14 personar frå bokbransjen
om å plukka ut eitt litterært verk frå ein hundreårsperiode. Altså: Kva har
vore den viktigaste norske boka etter 1905? Det skulle ikkje vera enkelt, synte
det seg. Eller – det var sikkert enkelt nok for dei som blei spurt, men dei 14
kom opp med 13 ulike svar! Altså var det
berre to som kom opp med den same boka, og det er her me skal knyta denne
teksten opp mot det som er skrive om den gode ideen framføre. Den eine
forfattaren som trekk fram denne boka, seier nemleg: ”Når har ein norsk forfattar
hatt den same briljante ideen og klart å gjennomføra den så praktfullt og
slagkraftig i skrift?”
Boka det er snakk om er Sofies
verden av Jostein Gaarder. Den kom ut i 1991. Dei to som plukka ut denne
boka, var Jan Kjærstad og Anne B. Ragde. ”Kva kan danka ut ei bok som er
oversatt til meir enn førti språk, og som iallfall i eitt år var verdas mest
selte bok”, spør Kjærstad, og han held fram: ”Etter mi meining har ikkje
Gaarder fått den honnør han fortener her heime. Det er også typisk at boka
måtte verta ein bestseljar i Tyskland før ho tok av i Noreg. Det har nesten
vore mote, særleg blant norske forfattarar og litteratar, å nedvurdera ”Sofies
verden”, men eg spør: Når har ein norsk forfattar fått den same briljante ideen
og klart å gjennomføra den så praktfullt og slagkraftig i skrift? Verket er ei
lukkeleg samanblanding av lærdom og underhaldning. Med Sofies verden vart Jostein Gaarder eit kjent namn over heile verda,
og han var også ein døropnar for oversetjingar av mange andre norske bøker”.
Så langt Kjærstad, som altså fekk følgje av Anne B. Ragde i synet på
kva som har vore den viktigaste boka etter 1905. Anne B. Ragde seier i
intervjuet: ”Før Sofies verden snakka
vi om Ibsen og Hamsun, men det er verkeleg Sofies
verden som har plassert norsk litteratur på verdskartet. Boka er ikkje
berre ein døropnar for norsk litteratur, men for kultur generelt.” Ragde trur
populariteten til boka i utlandet kan ha noko med nordmenn som folkeslag å
gjera: ”Nordmenn er ikkje noko spesielt intellektuelt folkeslag, og boka verkar
gjerne for intellektuell og høgkulturell. Men folk i Tyskland og Frankrike har
ikkje noko problem me då lesa Sofies
verden”, seier Anne B. Ragde.
Inspirert av dette, har eg henta fram Sofies verden. Og mens kropp og sjel baskar vidare mot min eigen briljante
idé, skal eg sjå det store i andre idéar, og unna meg Jostein Gaarder sitt verk
i ei nylesing, 24 år etter.
D29/134-135
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar