Om éi veke er det fem år sidan 22. juli-terroren. I
A-magasinet i dag blir me presentert for SMS-ar som ofre og dei pårørande sende
til kvarandre dei dramatiske timane på Utøya. Det syner ei ny side av det som
skjedde og redaktøren skriv at det er første gong at SMS-ar frå terrorofra er
blitt ein del av det offisielle historiske materialet.
22. juli-debatten er elles gått inn på lista som
Morgenbladet sette opp for eit par år sidan over dei ti viktigaste debattane
som samfunnsvitskapane i Noreg har hatt gjennom dei siste femti åra. Det er
interessant med slike oversikter, mellom anna fordi ein av og til som vanleg
avislesar kjem borti tilvisingar til ulike debattar, utan at ein hadde
interesse for – eller var gamal nok – til å fanga dei opp medan dei gjekk føre
seg.
Viss du har det på same måten, så skal eg ta deg
gjennom lista til Morgenbladet. Altså dei ti viktigaste debattane i norsk
samfunnsvitskap; debattar der vitskapane ikkje berre krangla med seg sjølve, men
som også fekk mykje å bety for samfunnet.
- 1. Positivismestriden: Kan ein forska på menneske med naturvitskaplege metodar? Er samfunnsforskinga objektiv? (1957-1970-talet - og fram til i dag.)
- 2. EEC-debatten: Om Noreg skulle stå utanfor eller bli
medlem av den europeiske, økonomiske fellesskapen (EEC)
(1961-1962)
- 3. Bistandsdebatten: Forskarar blei kraftig motarbeidde
då dei ville undersøkja effekten av norsk bistand i India – ein bistand som
skapte auka ulikskap i mottakarlandsbyane
(Frå 1960-talet og fram til i dag.)
- 4. Feministisk forsking: Synleggjering av erfaringar og
mulegheiter for kvinner
(1970-talet)
- 5. ML-kuppet: Maxist-leninistane i Raud Front vann makta
i Det Norske Studentersamfund i 1969, og gjorde studentorganisasjonen om til politisk
institusjon til støtte for AKP-m, som gav pengestøtte til kampsakene deira
(cirka 1969-1980)
- 6. «Etter leggetid»:
Framveksten av barnepsykologien, og eit tv-overført oppgjer med den harde barneoppdraginga (1975-1977 – men eigentleg frå slutten av 1930-talet og fram til det blei forbode å slå barn i 1987)
- 7. Multikulti-debatten:
Kva aksepterer me i kulturens namn, og kor like nordmenn skal innvandrarane bli?
(1990-talet)
- 8. Rettsleggjeringsdebatten:
Fleirtalsdemokrati mot rettane til grupper og domstolsmakt mot lovgjevande makt
(2003)
- 9. Hjerneoppvask:
Fødd slik eller blitt slik? Om kor mye vekt
samfunnsfaga skal leggja på respektive arv og miljø (hausten 2009-våren 2010)
- 10.
22.
juli-debatten:
Var terrortiltalte Anders Behring Breivik utilrekneleg 22. juli 2011, eller skulle han dømmast til fengsel?
(29. november 2011-sommaren 2012)
D81/27-33
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar