Så sit du der og
anar ingenting medan du les Klassekampn, og så slår nostalgiske minne mot deg
så du knapt kan anda. Eller, så sterkt inntrykk gjorde det vel ikkje, men at
augo festa seg på coveret til fire bøker om verdshistoria, er i alle fall sant.
Eg starta i første klasse i 1972, og kom derfor etter kvart i målgruppa for
desse fire bøkene som Kristian Moen er forfattar av, men som ei dame som heiter
Junn Paasche-Aasen gjorde den grafiske designen på.
Og det ho gjorde,
Junn, var ikkje mindre enn å revolusjonera lærebøkene på 1970-talet, og dette
blei ho i fjor tildelt æresprisen til Grafill for. Meir om det etter kvart.
For kva var det
som skjedde med lærebøkene då eg starta på skulen? Jo, fram til då var det mest
vanleg at teksten sto i sentrum, og så blei det slengt på ein illustrasjon her
og der. Så kom Junn og var opptatt av læreboka som eit heilskapleg produkt der
den visuelle utforminga var viktig for funksjonen til boka.
Dette skreiv
Grafill-juryen då dei gav æresprisen til June Paasche-Aasen:
«Hjernen oppfatter det visuelle mye raskere, og ofte betre, enn det skrevne ord. Kunsten å kombinere tekst med illustrasjoner, farger og ulike fonter på en logisk, ryddig og oversiktlig måte, gir hjernen mye hjelp, og revolusjonerte lærebøkene i Norge, var Junn Paasche-Aasen».
Det var ikkje
berre historiebøker ho gav form til, vaks du opp på 70-talet har du trulegvis
også studert deg gjennom bøkene hennar i fysikk, kjemi, norsk og o-fag.
Viss ein tekst er
vanskeleg å lesa, er det sannsynlegvis ikkje deg det er noko feil med, men typografien, har Paasche-Aasen sjølv sagt om
arbeidet sitt. Det er forresten ho som kom opp med namnet på organisasjonen
Grafill også, som er ei samanstilling av
omgrepa «grafisk design» og «illustrasjon».
D112/102-103
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar