7. juli 2017

Turist i eigen by



Nye land og inntrykk er lagra på harddisken etter at årets utanlandsturar er unnagjort. No er det sommargjestane som står i kø! Det er eit fantastisk høve til å sjå byen sin på ein måte som ein elles ikkje gjer; eller ein ser den med eit nytt blikk, på ein måte. Første sommargjest ut har vore tantebarnet André på snart ni, som er ein ivrig sjakkspelar. Så hadde det seg altså slik at NM i sjakk er blitt arrangert på hotellet i nærleiken heile denne veka, og me har dagleg hatt turen ned for å sjå på, og ta eit parti sjakk på bretta som er sett ut i foajeen. Her har me då samla poeng etter kvart som parti etter parti er gjennomspela, på hotellet eller heime. Tre poeng for siger og eitt poeng for tap. Ved god hjelp av ein ung herremann som kom bort og kikka på partiet vårt i går, så klarte eg altså remis (uavgjort for dei uinnvigde). Eg meinte det var rimeleg at me spelte kinasjakk innimellom, der eg vurderer min ekspertise til å vera på eit litt anna plan enn sjakk. Som venta var det eg som vann der, og dermed spelte me ikkje meir kinasjakk! Alt tanter må finna seg i. André vann med 26 poeng, eg fekk 12 poeng.

            Men: lenka til dagens kinabok er ikkje på det nye hotellet, eller i sjakken. Nei, for første gong tok eg nemleg med meg ein sommargjest til Badedammen på Storhaug. Ja, det er vel første gong eg har sett meg ned der ein dag med sol på himmelen. Og det er då det dukkar opp på side 95 i dagens bok ein artikkel i Aftenbladet sin tidlegare serie Det var då det…. Serien tok utgangspunkt i blinkskota til fotograf Egil Eriksson, og syner altså området rundt Badedammen i mars 1965 (altså frå då eg blei fødd!), og i 2008, året då André blei fødd. 1965-biletet har inga bru, det er Chr. Bjelland sine sjøhus og anlegg me ser, og bygningane til Trelastkompaniet. I dette bygget blei North Sea, den første oljebasen i byen, etablert. Så forsvann industrien ut, og bustadblokkene og næringsbygg overtok fullstendig. Aker bygde ei massiv blokk i ti etasjar, i tillegg til at det kom opp mange ulike leilegheitsprosjekt. 


            Men altså Badedammen, den finst på begge bileta. Utan Halvor Sivertsen ville den ha forfalle, les me. Det utvikla seg særleg på 1950-talet og i 1958 ville kommunen stengja anlegget. Vasskvaliteten var så dårleg at det var helsefarleg å bada der, hevda kommunen. Sivertsen, Hasiv mellom vener, gjekk vitskapleg til verks. Han undersøkte helsetilstanden til elevane ved Johannes skule, det var nemleg dei som brukte Badedammen mest. Dei var friske som fisk! Dette overtydde eit knipent fleirtal om at det var verd å ta vare på klenodiet, og dermed kunne me nyta god mat og drikke i Badedammen for eit par dagar sidan. Dukkert blei det ikkje, til det var det litt for kaldt.
       
D132/95


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar