13. mars 2015

Om tid


Dagen nærmar seg; sjølve dagen som er utgangspunktet for dette Hovland i 50-prosjektet. Den 17. mars har eg vore i dette livet i 50 år, eit tal som i seg sjølv innbyr til ei slags vareopptelling. Tilfeldig eller ei, men denne veka finn eg i utklyppsboka masse stoff frå tida rundt tusenårsskiftet.  Då var det vareopptelling i mange redaksjonar og både hundreåret og tusenåret fekk sine vinklingar. Eg har mellom anna samla på ein oversikt over norske statsministrar sidan 1814. Men det som fangar interessa mi nå, er det som står nedafor den artikkelen; reinskrive notat frå eit foredrag eg hadde vore på. Eg veit ikkje kven som heldt det, men det må ha vore knytt til tusenårsskiftet, og eg trur det må ha vore ein som hadde nær kontakt med Madagaskar, for eksempla derfrå er fleire.


Temaet er tid, og dei måtane ulike kulturar orienterer seg i høve til dette. Først har ein dette med syklisk tid, kjenneteikna av gjentaking og rytme og gjerne omtalt som at det er ”Intet nytt under solen”. Naturen er jo det beste eksemplet på dette, slik den markerer rotasjon av syklusen gjennom aktivitetane til sola, månen og gjennom sesongane. Folk og dyr har også sine tilpassingar til syklisk tid, gjennom livssyklusen, jordbruk og fangst til dømes. Konsekvensen av å leva nær opp til den sykliske tida er at den er fortidsorientert (framtid er jo berre å gjentaka fortida). I den sykliske tida er ikkje tida knapp og den er prega av tilpassing; ein må rett og slett innordna seg kvart nye steg i syklusen. Ut av dette kjem mellom anna naturreligionane, med si tru på skjebnen.

Så har ein det som i foredraget blei kalla hendingstid. Tid blir då når noko skjer. I denne forståinga kan ikkje tid målast eller sparast, berre erfarast. Og det er hendingane som set i gang handlingane. Møtet startar til dømes når ”alle” er komne. Bussen går når den er full og ny bestilling av ei vare skjer når lageret er tomt. Når det ikkje finst hendingar, så er det heller ikkje snakk om tid i hendingstida. Relasjonar til menneske blir prioritert. Ei gyldig orsaking for å koma for seint er derfor ”Eg kunne ikkja koma før, for eg møtte onkelen min”. Hendingstid er også prega av improvisasjon, slik å forstå at det å gjera om ei avgjerd er heilt kurant fordi det stadfestar dei personlege relasjonane dine. Ei viktig side ved hendingstida er også kor lenge ting varer. Ei oppgåve må ta så lang tid som den viser seg å ta. I ei slik forståing av tid blir planlegging umuleg og tidsfristar er meiningslause. Å rekna alder i talet på år er til dømes tull! Konsekvensen? Livet blir orientert om tidspunktet NÅ, tida er ein uendeleg ressurs og den kjem heile tida!



Så har du den lineære tid, der ein ser tida som eit objekt og dermed noko som både kan sparast, brukast og kastast bort. Tida er målbar og føreseieleg; kalender, ur og datamaskinar hjelper oss å halda styr på alt og me planlegg ved hjelp av timeplanar og tidsfristar. Ut av dette kom industrisamfunnet med sitt fokus på det nøyaktige og punktlege, og som kravde disiplin og kontroll tilbake. Konsekvens av den lineære tida; livet blir framtidsorientert, og tida blir knapp, kjent for mange som at ”tida flyr”.

Eg er vaksen opp i Noreg, og blitt eit slags offer for den lineære tida. Men det er veldig frigjerande å ta innover seg at andre kulturar tenkjer annleis. Ikkje minst dette fokuset på alder, gjer at ein kan kjenna på angsten over at tida er ein ressurs som det blir meir og meir mangel på. Eg blir tiltalt av tanken på at tida er noko som er, først når ein erfarer noko.Eller som Gud skal ha sagt: ”Eg skapte verda og alt i den for å kunne erfara meg sjølv”. Det får vera tankegodset inn i helga. Eg må halda fram planlegginga av dagen min!

D11/14-15/18-19

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar