Eg hadde gleda av å intervjua forfattaren Britt Karin Larsen på
litteratur- og ytringsfridomsfestivalen Kapittel i Stavanger sist veke. Larsen
har skrive eit fascinerande verk på sju bind der liv og lagnad til dei utvandra
finnane på Finnskogen er tema. Det er også eit nært møte med eit folk som hadde
vørdnad for naturen. Det er frå ei av bøkene til Britt Karin Larsen eg fann sitatet ”Biblioteket
er skogens søster”.
Møtet med biblioteket, som jo består av bøker laga av papir
frå treet, kan gje denne same mediterande kjensla, som ein tur i skogen kan
det. Dette kom til meg då eg opna Kina-boka for veke 39, som har tema SLEKT.
Mest består den av eit materiale pappa jobba med då han blei pensjonist; nemleg
eit slektsforskingsprosjekt der han tok for seg etterkomarar av Martin Sandve
og Ingeborg Fuglestad, mamma sine foreldre. Dette blei mellom anna brukt som
utgangspunkt då me inviterte til stort slektsstemne på Vigrestad i 2005. Men
boka inneheld også litt stoff om gardane som pappa sine slektningar vaks opp
på, mellom anna garden Markhus i Åkrafjorden. Pappa sin bestefar, og oldefar
min, Knut Markhus, kom derfrå.
Han førte eit liv som mellom anna førte han til
bøkene. Etter kvart som det eine slektsleddet etter det andre har døydd ut, har
nokre av desse bøkene funne plass i hyllene mine. Knut Markhus var utdanna
skulemann, og søkte seg til – og vart henta til – mange oppgåver i livet.
Mellom anna var han redaktør i Haugesunds Avis frå 1912 til 1914 og i 1914 opna
han Sunnhordland Folkehøgskule på Halsnøy i Kvinnherad. Han var opptatt av
avhaldssaka og målreising. Frå 1936 til 1946 var han formann i Noregs Mållag.
Frå 1945 til 1953 var han med i programrådet for NRK. Dessutan var han
rikspolitikar og representerte Hordaland på Stortinget. Frå 1928 til 1930 var
han parlamentarisk leiar for Venstre i Stortinget. I 1945 var han president i
Odelstinget. Han var skuledirektør i både Nidaros og Bjørgvin.
Då me skulle
rydda ut etter dødsbuet etter tre av døtrene hans i Bergen, sto det mange,
flotte bøker i hyllene der. Eg som då hadde jobba tett på Arne Garborg, blei
nesten gripen av ei andaktsfull stemning. Knut Markhus var fødd i 1878 og 26 år
i 1904. I hendene hadde eg ei førsteutgåve av Arne Garborg si bok Knudahei-brev, forlagt av Aschehoug
& Co. i Kristiania.
Her var også dei samla skriftene til ein annan
nynorskhøvding, nemleg A. O. Vinje.
Staseleg er også boka med talane som
parlamentarismens far, venstrehøvdingen Johan Sverdrup heldt i Stortinget i åra
1851-1881. Denne blei utgjeven i 1882 i København (eller Kjøbenhavn som det
står), og eg er ikkje heilt sikker på om dette var ei bok Knut Markhus sjølv
kjøpte, eller om han fekk det med som arvegods frå sine slektningar, men nå er
den uansett plassert i biblioteket mitt på Tjensvoll i Stavanger.
Eit bibliotek eg vender meg til for å finna kunnskap, glede – og innimellom
trøyst. Slik skogen kan gjera det.
D39/133-34
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar