2. oktober 2015

Garborg sine merkelappar



Nasjonalt Garborgsenter – det har eg skrive om før, men nå er det altså tema for ei heil Kina-bok for denne veka! Evig aktuelle Arne Garborg, no sist både i intervju og meldingar av boka Arne Garborg Frå bleike myr til alveland som Jan Inge Sørbø har skrive. Eg fangar opp ordet alveland og det dukkar opp i utklyppsboka det som i Stavanger Aftenblad blei kalla ”Norges aller tyngste poesi”. Midt i det jærske matfatet, på Øksnevad i Klepp, hadde Tor Fosse som arbeidde i flynavigasjonen på Stavanger lufthamn, Sola, funne den perfekte staden for diktet som skulle vera godt synleg for flya som kom anten frå Oslo eller kontinentet. 764 grasballar måtte til, dei vog 450 tonn og dei forma ei diktstrofe som blei 150 meter lang. Ideen til kulturbyprosjektet i Stavanger2008 kom frå Trude Hoel, universitetslektor ved Lesesenteret på Universitetet i Stavanger. Med hjelp av helikopter kjem ein seg opp i høgda; og der har fotografen fanga strofa som er den første strofa av Arne Garborgs dikt ”Mot soleglad” henta frå samlinga Haugtussa: ”Det stig av hav eit alveland med ting og mo; det kviler klårt mot himilrand i kveldblå ro”. I tre månadar kunne flypassasjerar og andre nyta den flotte installasjonen, før kyr fekk overta innhaldet i det som dei på Jæren også kallar traktoregga. 

Ut frå det kunne me kanskje ha kalla Garborg traktoreggdiktaren? Uansett var det merkelappane me kan setja på Arne Garborg som var utgangspunktet til ein annan universitetslektor, Ine Westlye Fintland då ho som ein av mange var invitert på ein nasjonal oppstartskonferanse for Nasjonalt Garborgsenter på Jæren Hotell 30. januar 2007. For Fintland var merkelappane viktige, for det betyr noko for kven du når fram til. Og nye fokus vil nå nye grupper, meinte ho. 


Her er hennar framlegg til merkelapper: Den religiøse Garborg. Fritenkjaren Garborg. Radikalaren Garborg. Jærbuen Garborg. Europearen Garborg. Nasjonsbyggjaren Garborg. Filosofen Garborg. Odelsguten Garborg. Journalisten Garborg. Forfattaren Garborg. Sosialisten Garborg. Realisten Garborg. Naturalisten Garborg. Samfunnsmennesket Garborg. Einstøingen Garborg. Hermetikk-elskaren Garborg. Så langt Ine Westlye Fintland. 


Men var det opp til kona hans, Hulda Garborg, så er det éin merkelapp han definitivt ikkje ville ha fått av henne, nemleg ”kjøkkendrengen” Garborg.
Eg kostar på meg eit utdrag frå Hulda Garborg si dagbok. Året er 1906, datoen 1. februar: 
”I går kom G. skyldbevidst og ulykkelig og slog på å sige op sin post som kjøkkendreng og vedhugger. Det var så trist og sørgelig som det vel kunde bli; men faktum – det ærgerlige faktum var, at han nok desværre ikke dudde til andet end å sidde og klore og skrive. Det var jo en ren misforståelse når eg sligt individ holdt på å leve. Ikke engang til å bære vand og ved dudde han altså! Hvorfor kunde da ikke Vorherre gjøre kort process. Jeg indrømmede at han var et usigelig sørgeligt fenomen helt igjennem, naturligvis; men siden det nu engang ikke kunde være annerledes, så fikk han da i Guds navn gå op og skrive færdig ”Messias”. Noget er jo altid bedre end intet. Ja, det var jo så! Nu sidder han da døv og blind for denne verden med dens ved- og vandsorger og arbeider med sit vældige emne – Jesus. Og jeg har fæstet min udmærkede Thorsen til ”dreng”. Jeg vil ikke bedrøve G. med å sige hvem er mig størst til nytte af de to.”


D40/67/83/161-163


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar