13. november 2015

Om kva tankar kan føra til



Denne veka kunne eg ha skrive om korleis den franske naturvitskaplege pioneren Jean-Baptiste Lamarck, som levde frå 1744 til 1829, dei siste åra har fått ein slags renessanse. Lamarck var kjend for ein tidleg variant av evolusjonsteorien der han meinte at artar endra seg ved at individ tilpassa seg miljøet sitt og desse endringane vart så arva av avkommet deira. Fleire studiar tyder på at han kan ha vore inne på noko, fortel ein artikkel i denne vekas Kina-bok.

Eg kunne også ha skrive om at den ”immaterielle kulturarven” som er tatt opp på Unesco si verdsarvliste. Dei fleste er kjende med at lista består av mange imponerande bygningar og bygningsmiljø – og etter kvart også naturfenomen – men altså no også dette immaterielle. Eitt eksempel er plystrespråket Silbo Gomero, eit språk på La Gomera, éi av Kanariøyane. Dette er eitt av fleire plystrespråk, men det einaste som skal vera fullt utvikla. 22.000 menneske er i stand til å plystra det, og det finst til og med dialektvariasjonar! Ein annan smakebete: På Vanuatu-øyane i det sørlege Stillehavet teiknar ein i sanden, i leire eller vulkansk aske. Med fingeren blir det laga intrikate og elegante geometriske mønstre og teikningane er ei form for kommunikasjon mellom dei 80 språkgruppene som bur på dei mange øyane. Frå Vietnam står musikkinstrumentet gong på lista. Instrumentet er ei metallskive som blei brukt som ein bindelekk mellom menneske og den overnaturlege verda.

Mange av artiklane eg tar vare på, er klypte ut med  eit ønskje om å ta til meg kunnskap, som det eg har nemnt så langt. Men så fall augo på ti små linjer eg må ha klypt ut av eitt eller anna blad. Linjer som snakkar vel så mykje til sjela, og den større samanhengen me står i. Dette er dei ti linjene:


Vær oppmerksom på dine tanker,
for de blir til ord.
Vær oppmerksom på dine ord,
for de blir til handlinger.
Vær oppmerksom på dine handlinger,
for de blir til vaner.
Vær oppmerksom på dine vaner,
for de blir din karakter.
Vær oppmerksom på din karakter,
for den blir din skjebne.



Og desse orda hadde eg tenkt å avslutta med i dag, men så kom det til meg eit minne i utklyppsboka denne veka, og det kan også knytast til at det denne hausten er ute ei bok om homopioneren Karen Christine Friele, mest kjend som Kim Friele. Ein minst like stor pioner har vore Gerd Brantenberg, forfattar mellom anna av boka ”Opp alle jordens homofile”, utgjeve i 1973, og som homofile og lesbiske framleis hentar fram frå bokhyllene på biblioteket når dei treng støtte til eigne kjensler. Ho har også gjeve ut den såkalla St. Croix-trilogien, ei litterær tilnærming til hennar eigen oppvekst i Fredrikstad.

Så kom denne tanken til oss i Stavanger, då me skulle arrangera eit nytt Stavanger på skeivå; korfor kan me ikkje ha eit arrangement der me snakkar om oss sjølv? Talkshowet Homosnakk var ein realitet, og me starta jakta på gjester. Gerd Brantenberg sto øvst på lista, me klarte å få tak i e-postadressa hennar, og så var det berre å spørje: Har du lyst å vera gjest osb. Kim Friele hadde vore i byen tidlegare, men Brantenberg var ei slags uinntakeleg festning som me berre følte levde vidare gjennom bøkene. Nesten litt rart å tenkja på at ho faktisk var i live! Og det mest fantastiske av alt: dama sa JA! Ho ville gjerne koma til Stavanger. Det blei både talkshow og bokprat på Sølvberget. Ho tok folk med storm begge stadene. Avisa Blikk var der og formidla mellom anna ein lesbisk historieleksjon Brantenberg kom med på Homosnakk: ”- Jeg skrev en kronikk i Dagbladet i 1965 under pseudonymet Eva O og ga den overskriften ”Kvinnelig homoseksualitet, et ikke-eksisterende fenomen”. Dagbladet endret den til ”Kvinnelig homoseksualitet et sammenhengende helvete”, fortalte Brantenberg som da var 23 år, til rungende latter fra publikum.”

Dette første Homosnakk gav mange av oss også god erfaring i tankens kraft, på ein god måte. Me stila høgt, og tenkte at det einaste me kunne møtast med i ønskje om gjester, var eit nei. Og det nei-et skulle me takla.


D46/22-23, 43, 1-3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar