6. november 2015

Aktivitet og kvile



Det var det året psykologen Sverre Hoem gav ut boka Ape 2.0. Han seier det som det er, at hjernen vår ikkje har utvikla seg særleg mykje dei siste 200 000 åra, medan omgjevnadane våre er radikalt endra. Resultatet av å gå frå livet som jegarar til livet i ein storby gjer at me blir stressa og mistilpassa, seier Hoem.

Dette kom til meg etter at eg i går mellom anna intervjua Helga Flatland som har skrive boka Vingebelastning. Ho skriv fram Andreas, 30 år, som nettopp framstår som ein mistilpassa ung mann i storbyen, og som endar opp i hjelpeapparatet. Hoem sin kur mot denne mistilpassinga er at ein faktisk set seg ned og tenkjer over kva som er viktig i liva våre. Er me fanga i eit mønster der me ikkje er frie til å gjera det me vil, spør Hoem. Andreas i Flatland si bok hamnar hos psykolog og grev seg meir og meir inn i sine eigne tankar. Hoem trur ikkje det er bra for einskildmennesket å skriva frå seg ansvaret for sitt eige liv altfor lett. Folk må bli betre i stand til å greia seg sjølv, meiner Hotem. Så langt mistilpassinga, men kva med stresset?


Det fører meg over til ein kronikk skriven av Elin Dysvik og Bodil Furnes. Dei er på jakt etter helsebringande tiltak i pasientomsorga. Det er mellom anna snakk om helseråd. I ein stressa kvardag kan til og med helseråda gje stress, skriv dei og slår eit slag for balanse mellom aktivitet og kvile. Mange er overstimulert på oppleving og aktivitet, men manglar kunnskapar om tydinga av avspenning og kvile, skriv dei og viser til det kinesiske ordtaket som seier at ”Den som puster riktig, lever riktig”. Pusten påverkar alle funksjonane i kroppen og reduserer stress og muskelspenningar. Når me så pustar djupt og roleg, blir det sendt signal til heile kroppen om at den skal slappa av. Dysvik og Furnes snakkar også om helseplager me kan få som følgje av det dei kallar energilekkasjar grunna indre konfliktar og forventningar til livet som ikkje blei innfridd.
Så dette kan me altså ta med oss i helga, og eg prøver å svara på dette spørsmålet nesten kvar dag sjølv; kva liv ønskjer EG å leva? I det ligg også at eg kanskje skal leggja nokre prosjekt på hylla, anten fordi eg har ikkje har krefter, eller evner til det.

Møtet med fem flotte forfattarar på Sølvberget i går (Ketil Bjørnstad, Kari F. Brænne, Helga Flatland, Maja Lunde og Trude Teige) og presentasjonen av dei flotte romanane dei leverer i år, er inspirerande, og mange er dei som har ein draum om å levera den store romanen.



Men det er heller ikkje for alle, slik Kjell Askildsen, ein av våre største novelleforfattarar gir uttrykk for i eit forfattarintervju med Mette Karlsvik i Morgenbladet i 2009. Han seier det også som det er:

”Jeg er ingen epiker. Jeg er det motsatte av en epiker. Mine ting handler ikke om lengre tidsrom. Jeg er ute etter intimitet, og ikke de store fortellingene.”

Det kan vera god helse i det også, å sjå si eiga avgrensing.
Å vera blant landets fremste novelleforfattarar, gjer deg ikkje til den beste romanforfattaren!
Kvil godt i helga!

D45/18/41/78-79

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar