5. februar 2016

Oransje er fargen!



Ein av dei første dagane i det nye året vandra eg ned til Jysk i Hillevåg. Eg hadde fått for meg at eg trong noko symbolsk som kunne gje energi til den nye prosessen eg skulle inn i. Ideen var å kjøpa dukar i ulike fargar; dukar som eg har tenkt å kle skrivebordet mitt med alt etter som eg går inn i ulike fasar av skriveprosjektet mitt, Jakta på Gudegneisten. Eg hadde klart for meg kva type duk det var snakk om, og stakk innom ulike butikkar i sentrum for å sjå utvalet, men der var den ikkje. Så hadde leike- og morobutikken Birkemo i Asylgata nettopp denne typen duk eg var på jakt etter. Der hadde dei brukt den raude varianten som utgangspunkt for vindaugedekorasjonen. Dei hadde den ikkje til sals sjølv, men tipset kom altså om Jysk, og då var ikkje vegen lang dertil! Velur – eller rettare velour – heiter stoffet, og dei hadde mengder av den, i alle slags fargar, og lukka var stor, både over utvalet, og over at det ikkje var så altfor dyrt, i denne vestlandsbyen som opplever krise, og eg delvis er råka av den. Men det som var litt morosamt, er at den også har eit anna namn; nemleg NERVØS FLØYEL! Som skapt for eit skriveprosjekt der det nervøse ikkje skal vera framand!

Seks dukar raska eg med meg frå Jysk den dagen. På vegen heim stakk eg innom kafeen på sjukehuset, og i eit spontant innfall – som er mottoet for mitt sosiale liv for tida – gjekk eg ut i resepsjonen til  sjukehushotellet for å sjå om kanskje Morten var på jobb. Morten har vore produsent for mange prosjekt eg har hatt i Stavanger på skeivå – han er ein fin mann. Joda, der sto han, og tid til kaffi hadde han. Og då han såg posen med alle dukane mine, så trudde eg at eg skulle fortelja han noko nytt. Veit du kva dette heiter, spurte eg? Nervøs fløyel, seier han kontant. Eg har sydd saman metervis av dei til mange sceneteppe, fortel han vidare.

Og no skal altså denne nervøse fløyelen få eit liv heime hjå meg. Eg vurderte kva farge som skulle få æra av å innvia skrivebordet. Og det er her eg kjem inn på artikkelen eg fann i denne vekas bok, nemleg basert på boka «Fargene Forteller» av Tove Steinbo. 


Ho er intervjua før hausten og oppmodinga er å møta hausten med fargar. Men fargane er jo med oss heile tida, og altså også meg denne januardagen. Fargar har ein større effekt på oss enn me normalt tenkjer på, seier Steinbo; dei kan påverka både puls, blodtrykk og pusterytme. Og kanskje viktigast: fargane påverkar oss på eit djupt undermedvite nivå, seier ho. 


Artikkelen er fylt med sju boksar som fortel oss meir kva sju ulike fargar betyr, nemleg fargane raud, blå, grøn, gul, kvit, svart og oransje.
Hjå meg var det oransje som vann då det nye året skulle innviast. Og boksen som fortel om ORANSJE, tyder på at valet var rett for meg der og då (og den ligg framleis på bordet):
Kraft, healing, entusiasme, kreativitet, vitalitet, tankefullhet oppriktighet, forandring, solvarme og nysgjerrighet.
Bruk den til å
  • Få fart på energien din
  • Skape meir engasjement og kreativitet
  • Unngå å ta livet for alvorlig

Kanskje tida er inne for å vurdera oransje for deg også?

D58/160-161

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar