Far min var oppvaksen på Halsnøy i Sunnhordland. Han var eldste sonen i
familien, og skulle dermed overtatt garden. Bestefaren ville heller støtta han
med pengar slik at han kunne studera, dermed blei han veterinær og onkelen min
skjøtta garden på beste måte då tida kom for han å overta. Pappa fekk i staden
ei hyttetomt nede ved sjøen, og på slutten av sekstitalet stod den ferdig og
blei eit paradis for ungeflokken på fem som han og mamma fekk. Her fiska eg min
første fisk, her slengte eg ut næringsrik lever til måkar og teiner, her bada
me stort sett i iskaldt vatn, drakk gul saft som hadde kjøla seg i ei
plastflaske og åt mariekjeks som om det skulle vera gourmetmat. Nesten kvar dag
gjekk turen til Sæbøvik for å handla, og eg kan enno kjenna dufta av ferskt
bakverk hjå bakaren. Forutan brød, var ærendet alltid noko godt til kaffien.
Vel tilbake i hytta var det fram med skulebollar eller vanlege bollar, helst
med rosiner. Dette var i før-gluten-tida. Me dekka bord, og der og då tenkte jo
ikkje me barna så mykje på kva servise det var. Men det var blått i botnen og
dekorert med ein blome som var oransje i midten og med kvite blad. Bollane
gjekk ned på høgkant og det var lukkestund på jord. Ei slags deling av dagen,
no var badinga overstått og dei lyse kveldane kunne koma med nye aktivitetar;
fotball og fiske.
Det er først i vaksen alder at ting blir sett inn i ein
samanheng. Godt hjulpen av ein retrotrend for 1950- og 60-talet. For sjølvsagt
gjekk mamma og pappa til porselensfabrikken Figgjo då dei skulle kjøpa inventar
til den nye hytta! I ein artikkel i Obosbladet blir me fortalt at designarane
Ragnar Grimsrud og Jørg Løve-Nielsen utvikla elegante og linjesikre modellar.
Dei blei dekorerte med mellom andre Turid Gramstad-Olivers folkloristiske og
temabaserte strekdekor, noko som gjorde dei modernistiske formene meir
folkelege, les me. Lotte, Maja og Anne Marie er nokon av produktnamna, men «vårt»
servise er altså Daisy! Produsert nettopp i 1969, året då hytta stod ferdig.
Og slik måkeskrik utanfor huset mitt i dag kan senda meg tilbake til
sommardagane på hytta, kan synet av Daisy gjera det same.
Gode, fine Daisy.
D60/97-100
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar