Hjarta
strøymer over av sterke fotballmoment om dagen. Fotballhistorie blir skriven i
meir enn eitt land. Overlukkelege albanarar som sto og hoppa opp og ned i
ellevill rus over den første sigeren i eit EM i fotball, etablerte seg på ein
frekvens som nådde heilt fram til godstolen min på Tjensvoll i Stavanger. Dramatikken
i dei siste EM-kampane i sluttspelet resulterte i at Albania ikkje blei ein god
nok trear til å få laget vidare til åttedelsfinale, men augneblinken er det
ingen som vil ta frå oss. Det er grøne grasmatter og flotte fotballbilete som
når oss frå Frankrike desse dagane, men dette fører meg over til ein liten
notis eg tok vare på om fotografen Gail Albert Halaban. Med løyve frå dei som
er blitt fotografert, har ho fotografert gjennom vindauga og inn i
leilegheitene til folk i Paris. Paris
Views heiter boka, men me kan også få eit par smakebetar på nettsida hennar. Det er spennande å gå inn i kunstnarskap på denne måten. Ta deg tid til
å sjå dei små videoane ho også har lagt på sida, som fortel meir om korleis ho faktisk
gjennomfører prosjekta sine. Ho har nemleg tidlegare fotografert leilegheiter i
New York på same måte. Ta deg også tid til å sjå fotoserien This stage of motherhood.
Eit
pusterom frå fotball-EM. Fint det.
D78/104
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar