Ein sommardag i
1988 måtte eg be mamma ta opp igjen det ho nettopp hadde sagt. Eg veit ikkje
kven som er opphavet til desse små linjene, men ho tok dei fram rett som det
var. Og denne dagen var tida inne for meg å skriva dei ned. Kanskje var det ei
lita hustavle ho hadde med seg på livets veg:
Da jeg lykken prøvde å eieforsvant den fra megpå alle veie.Men da jeg lykkensøkte å bringe,da strømmet den til megpå englevinge.
Slik var det
også at eg denne veka henta ned frå hylla i biblioteket mitt, boka Love 2.0 av Barbara Fredrickson. Den ber
oss revurdera våre eigne tankar om omgrepet kjærleik, og trua på at dette berre
er noko som det er plass til i romantiske forhold. Alle møte med andre menneske
ber i seg høvet til å oppleva kjærleik, skriv ho i denne boka som tar for seg
den positive psykologien. Og trøysta for dei som framleis trur på dei analoge
romma; det er i desse romma dei magiske augneblinkane skjer. Og som mamma sa i
orda ovafor; dette er ei lukke du ikkje kan eiga, for i neste augneblink er den
borte. Men søkjer du til andre, vil desse augneblinkane koma til deg igjen og
igjen – viss du klarer å oppnå positiv gjenklang, som er omgrepet Barbara
Fredrickson bruker i boka si. På YouTube er det ein liten snutt der Barbara
fortel om boka si.
D77/104
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar