7. oktober 2016

Flaggermus



Haustferie på Austlandet denne veka; eg var over og henta tantebarnet André på snart åtte til Stavanger. Det har mellom anna ført til eit møte med Øysteins blyant, som gjennom enkle teknikkar gir vaksne som meg ei ny glede av å teikna. Utstyrt med video og steg-for-steg-teikningar har André og eg teikna og fargelagt mange dyr, mellom anna flaggermus! Det må vera den første flaggermusa eg har teikna, og derfor heilt på sin plass at det som dukkar opp på første side i dagens bok er ei forklaring på korleis nettopp flaggermusa brukar ekkolokalisering for å finna byttet sitt i mørket. Og det skal eg forklara vidare til deg akkurat no. Ekkolokalisering betyr at ein biosonar sender ut ein høgfrekvent lyd. Lyden blir reflektert når den treff noko, til dømes ei bie eller eit anna byttedyr. Dei reflekterte lydbølgjene blir omdanna til eit bilete i hjernen til flaggermusa, eit bilete som gir kunnskap om både avstand, storleik og eventuell rørsle. 

 
            Utfordringa til flaggermusa er at det kan vera opptil éin million andre flaggermuser som brukar same strategien. Då har forskarar funne ut at nokon artar kan sabotera for rivalen. Dette gjer dei til dømes ved at dei sender ut ein lyd som effektivt blokkerer sonaren til konkurrenten, slik at denne ikkje finn fram til byttet sitt. Dette aukar talet på kjende funksjonar som flaggermus-lydar har, til tre: ekkolokalisering, kommunikasjon og akustisk forstyrring.
            Og då høyrer det vel heime å offentleggjera flaggermusa til André og tante:


D93/1



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar