21. oktober 2016

Den politiske hjartebanken



Dette trudde eg aldri at eg skulle få meg til å seia, men no gjer eg det:
Takk Donald Trump!
Takk for at du ved å syna fram ditt narsissistiske eg, gjer meg i stand til å sjå ein annan av ditt like når eg møter på ein. Og at eg dermed skuggar unna, fordi det ikkje er godt å vera meg med deg og dine likesinna i nærleiken.
Takk for at kjeften din boblar over med det hjernen din er fylt opp av, fordi det gjer meg nok ein gong merksam på at objektiviseringa av kvinner lev i beste velgåande og det gjer meg endå meir lysten på å utvikla min fantastiske hjerne til beste for eit anna samfunn enn det du ønskjer.
Takk for at du ikkje vil innrømma tap viss Hillary Clinton står tilbake som president etter presidentvalet heime hjå deg 8. november, fordi det gjer meg overtydd om at eg ønskjer folk på toppen i politiske leiarverv som har eit minste felles multiplum når det gjeld respekt for felles spelereglar som må vera til stades i eit samfunn.
Takk Donald Trump, fordi du så tydeleg bidrar til kontrasten, og at mine ønskje og vyar dermed blir så tydelege for meg. For kjensla av entusiasme er mitt mål, men å høyra deg gjer at alt berre knyter seg i meg. Og eg finn heller styrke i desse orda av fellesskapen Abraham-Hicks:
“You are extensions on Non-physical Energy, taking thought beyond which it has been before, and through contrast, you will come to conclusions and decision. And once you align with your desire, the Energy that creates worlds will flow though you….which means enthusiasm and passion and triumph. That is your destiny.”


Og her hadde eg tenkt at denne teksten skulle slutta i dag, men så, på nest siste side i dagens bok, dukkar det opp ein fin liten tekst av Ingrid Fiskaa, sentralstyremedlem i Sosialistisk Venstreparti, som lar seg høyra på side to i Klassekampen med jamne mellomrom. 

 
Ho tar nemleg tak i den høgrepopulistiske bølgja som utnyttar stemningsbølgjer i folket sitt. Fiskaa innrømmer gjerne at partiet ho er med i kan bli betre å utvikla politikk og at politiske framlegg skal koma av skikkeleg gjennomført rasjonell politikk. Men så kjem det:
«Me har det største potensialet i å våga å vera menneskelege».
Ho ønskjer seg rett og slett ei populistisk venstreside. Der høgrepopulistane mobiliserer på frykt, skepsis og hat, vil venstrepopulismen dyrka medkjensle, håp og solidaritet, skriv ho – i denne samanhengen om korleis ein skal gjennomføra ein rausare flyktningpolitikk. 

Og dermed avsluttar eg med Fiskaa sine ord:
«Verkelege politiske endringar er resultat av hardt arbeid. Spørsmålet er om me, i det målretta strevet og med dei kvalitetssikra forslaga våre, også skal dyrka den gode hjartebanken. Kjensler er viktige i politikken, anten me likar det eller ikkje. Spørsmålet er kva slags kjensler som skal styra.»

D95/110+160

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar