12. mai 2017

Det skrivande folket


Det er ikkje ofte eg gir rom for tekstar frå den same personen på bloggen, og i alle fall ikkje to veker etter kvarandre! Men det opnar eg opp for i dag, her eg sit på den spanske solkysten, som for tida har i seg vel så mykje Costa del Rain! Blogg blir det uansett, ferie eller ei.

            Men altså, sist veke var eg innom Gudmund Hernes og artikkelen hans om det medievridde samfunnet, som framleis er på pensumlistene, 40 år etter at den sto på trykk for første gong.



            Denne gongen forbarmar Hernes seg over alle som er blitt skribentar dei siste førti åra, for det er som kjend ein av dei tydlegaste endringane i informasjonssamfunnet vårt: internett og tastaturet har demokratisert skrivinga, som han innleier i si faste spalte i Morgenbladet som han hadde ein periode. Gjennom eit langt liv som skrivande, har Hernes samla seg tips til andre skrivande, og dei skal eg servera til deg som les bloggen i dag. Det er snakk om tips til skribentar som vil hjelpa lesarane sine, for det er vel eit poeng med at me skriv, at det skal nå fram til ein lesar? Hernes sine tips, i min nynorske språkdrakt:


1.      Ha noko å seie er første tips. Har du mykje på hjartet, må du velja ut det som er interessant og relevant. Og for all del hald kjeft, viss du ikkje har noko å seie!


2.      Ikkje få det rett – få det ned, så sørger du for klar disposisjon og perfekte formuleringar etter kvart. Skaff deg ein frist, viss du ikkje har ein.


3.      Stem lyren! Bli inspirert av noko som er godt skrive. Hernes sin helt er Kristian Elster d.y. og hans litteraturhistorie.


4.      Bygg vokabularet! Ord er som klede – dei kan framheva eller tilhylla tanken. Ord utan tanke bak er som klede utan keisar.


5.      Skriving er omskriving. Det er berre Knausgård som er Knausgård, me andre må retta og revidera, særleg viktig er å ta ein pause før siste versjon.


6.      Jo kortare, jo betre! Skriv alltid meir enn det er plass til, og kutt etterpå. Bruk aldri eit langt ord der eit kort ord vil gjera susen, som Bertrand Russell sa.


7.      Jo enklare, jo betre! Verken du eller lesaren blir klokare av å pranga med store ord og jålete uttrykk.


8.      Drep elsklingane dine! Stryk formuleringa du er særleg glad i.


9.      La forma teikna tankerekka! Kapittel, titlar og avsnitt synes lesaren kor du er på veg, at du har ein bydande argumentasjon.


10.  Ein god metafor er verd tusen ord, ei god samanlikning eit halvt tusen, ein klisjé minus 100!


11.  Lær frå retorikken, som gir deg det stilistiske verktøyet: Alliterasjon og antitese, repetisjon og inversjon, rim og rytme og puls.


12.  Slutt med starten! Gjer gjerne som Ernest Hemingway, som slutta kvar dag med nokre stikkord for det han skulle starta med dagen etter. Skriv også gjerne fleire tekstar på ein gong, då kan du halda fram med ein annan når du har køyrt deg fast med den første. Det undermedvite jobbar for deg!




Og kanskje viktigast av alt, seier Gudmund Hernes, set punktum når du ikkje har meir å seie.

God skriving!


D124/75




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar