26. mai 2017

Erfaring



 «Ordet fangar» kalla eg serien, den rulla og gjekk i NRK Rogaland hausten for snart tjue år sidan. Eg kjem på eit lite barn som skal læra seg å gå, når eg tenkjer på serien. Barnet som må tåla knall og fall undervegs, men forhåpentlegvis med vaksne rundt seg som forstår at dette høyrer med; det er inga utvikling i å bli boren på gullstol. Hovudtanken bak «Ordet fangar» var å ta for seg eit ord og vinkla det på forskjellige måtar gjennom møte med personar som hadde sine erfaringar knytt til orda. Orda var mellom andre politikk, sjef, statsråd, insekt, barndom, utvikling


17 program blei det, og til kvart program intervjua eg masse flotte menneske som hadde fine innfallsvinklar til dei ulike temaa. Men det å ha noko på band kunne også vera ei sovepute, ein slags gullstol. Ein av desse gongane bestemte eg meg for å utfordra meg sjølv. Setja meg ned og laga ein køyreplan utan andre røyster å lena meg til. Eg var ekstremt nervøs, hugsar eg, solid utanfor flytsona. Eg kalla det ei musikalsk meditasjonsstund, og ordet var ERFARING. Eg fekk lyst å dela teksten eg skreiv med deg no:



            Fanga Albert Einstein inn livets mysterium – då han sa at «Alt er relativt?» Eg inviterer deg til å bruka dei to neste minutta av ditt liv til å fundera over akkurat det  til tonefølge av Kenny G. (Sister rose).


            Det har av og til slått meg: alle våre kjente og mindre kjente leiarar som av og til blir intervjua i avisene. Det kan ha vore mislukka aksjeoppkjøp, maktkampar eller konkursar. Alle som éin er etter ei stund, når såra har grodd – glad for det som skjedde. Likeeins – etter private feidar – med familie eller partner. Folk kjem seg vidare – og ville aldri ha vore utfordringane forutan. Korfor er det slik at mennesket synast å ha ei innebygd kompassnål som styrer oss i retning av nye utfordringar?
            Bjørn Eidsvåg er på veg inn i det ukjente. Han er på flukt.
            Musikk: Bjørn Eidsvåg: På flukt
            Bjørn Eidsvåg måtte på flukt – for å finna tilbake til seg sjølv. Du må vita kva kaldt er, før du oppdagar varmen. Først når du har erfart krigen, kan du velja fred.
            Alt er relativt, sa Einstein.
            Og oppdaga kanskje med det verktøyet me alle har til å erfara livet.
            Gro Harlem Brundtland sa i eit intervju: «Det som skjer i livet, er at du gjennom erfaring og ny kunnskap øker din evne til å fatte helheten, noe jeg alltid har villet og søkt.»
            Oppfinnaren Tore Lyngholm frå Haugesund sa det slik: «Det finst ikkje problem, bare erfaringar og atter nye erfaringar.»
            Men stolar me på våre eigne erfaringar? Den tidlegare franske presidenten Francois Mitterand sa det slik: «I parlamentariske forsamlinger har jeg i dramatiske situasjoner sett mennesker overgi seg til det kollektive, utslette seg selv og gå imot sin innerste overbevisning – imot det de tenkte i går. Under en plutselig følelsesmessig påvirkning, av nødvendighet eller av frykt, er det få mennesker som motstår hovedstrømningene. Men det er disse få som skriver HISTORIEN.»
            Sa Francois Mitterand.
            Det blir brukt så mange ord, men kva når orda ikkje rimer med det du erfarer? Ord kan hjelpa deg til å forstå, men erfaring lar deg få vita. Politikarane lovar oss mykje, budsjettbehandlinga lar oss få vita. Der står kampen om tilliten. Brent barn skyr elden.
            Musikk: Agnetha Fältskog: Once Burned Twice Shy
            Er me så opptatt av fasiten i dag at me forkastar erfaringa, som eit bevisst og ikkje ubevisst verktøy i arbeidet med å skapa den me ønskjer å vera?
            Viss ein professor i filosofi fortel deg om koss du skal leva livet ditt, tar du då hans ord for gitt? For kva er ord når det kjem til stykket? Er det ikkje berre ytringar – lydar som står for kjensler, tankar og erfaring? Ord kan berre symbolisera det du veit. Mens kjensler og erfaring gir deg kunnskap.
            «Under en plutselig følelsesmessig påvirkning, av nødvendighet eller av frykt, er det få mennesker som motstår hovedstrømningene. Men det er disse få som skriver Historien,» sa Francois Mitterand.
            Alt er relativt, sa Albert Einstein, og gav oss namnet på det som kanskje er den største gåva av alle.
            Forhold kallar me det – relasjonane me har til andre menneske. Ditt forhold til deg sjølv blir skapt utifrå det forholdet du har til andre.
            Då må det jo vera frustrerande for Arbeidarparti-politikaren som i si tid fekk beskjed om at Høgre-politikare var fienden i valkampen. På Stortinget arbeidde dei veldig godt saman, og det plumpa ut av arbeidarpartimennesket: «Det verste med Høyrefolk er at de er så sympatiske.»
«Livet har gitt meg latteren og smerten, slik at jeg kan skille lykken fra sorgen.»
Jag vill tacka livet, Arja Saijonmaa.
Musikk: Arja Saijonmaa: Jag vill tacka livet.



D126/23-24, 43-46


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar