22. desember 2017

God jul!



Det er to saker som først og fremst har fått folk til å tenkja seg om kva dei eigentleg driv på med dette året.

            Den eine handla om den kvalen med alle plastposane i magen. Den saka bles seg ganske så kraftig opp frå den vesle notisen som eg fanga opp hjå Nynorsk Pressekontor. Då sa meldinga at ei viltnemnd måtte avliva ein sjuk gåsenebbkval som fleire gongar sette seg fast i grunt vatn ved Sotra. Det var visst første gong at ein slik kval var observert i landet vårt. Det var då forskarar opna magesekken på dyret, at dei 30 plastposane kom for ein dag. Tarmsystemet til kvalen var fullstendig tømt for næring og alt tydar på at kvalen har hatt det vondt, sa zoologen som blei intervjua. Dette var ei sak som tok av, som det heiter. Det førte til store mengder av ryddelag langs strendene våre, og eg trur biletet av kvalen har sett seg på ein måte som gjer at ingen lenger sleng frå seg plastikk. Men så er det eit større problem enn ein liten dropsemballasje på ville vegar. For vaskar du ein fleecegenser i vaskemaskinen, er det stor fare for at partiklar finn vegen til havet, og altså til slutt hamnar i krinslaupet vårt, når me et fisk. Verda er forferdeleg komplisert, det er godt det snart er jul. 


            Den kunne kanskje vore mynta på TV2-reporter Davy Wathne, den vesle kommentaren frå Pitter i Aftenbladet – han som forsvann då avisa fekk seg ny bladbunad i løpet av året. Forskararar i Bergen har utvikla ein kjønnslaus laks, fortel han, og meiner at den glade laks går dystre tider i møte. Gladlaksen Wathne gjer det definitivt, etter at han tok hatten sin og gjekk. No er det Trond Giske som er i hardt vær. Berre for å nemna to. Det er noko med sjølvbiletet; at ein glad laks har eit fortrinn i sosiale situasjonar som gjer at alle andre ting blir underordna, som å oppføra seg ordentleg. Som å vera i takt med dei rundt deg. Kjenna etter om dette er greitt. 

  
            Det kan fort bli ei tankefull jul, på den eine og andre måten. Fyll tarmane med måte :-)
                                   
D156/105/124

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar