15. desember 2017

Rydda og reinsa



            Det er noko med desse siste vekene av desember. Éin ting er at ein skal førebu seg til julefeiringa, med alt det inneber av ein ekstra tur i krokar som  ikkje har sett støvmoppen på ei stund. Men det er tid for oppsummering også; avisene er alt i gong. I Klassekampen har litteraturmeldarar kåra sine tre beste bøker for året, og musikkåret har på same måte fått sine kåringar. Eg likar desse vekene, samtidig som eg kjenner på at vinsten for å ha rydda i sjel og sinn ganske lenge, no har ført til at heimen også er blitt ganske fri for alle haugane med ting og tang og uleste aviser som låg her og der. Psykiater Finn Skårderud har ei spalte i A-Magasinet der han for tida er inne i sin serie «Alfabet for sammensatte følelser». Det var kanskje ikkje rart at eg stansa opp ved bokstaven R – for rydde og reinse –  i dag. 


            Han tar utgangspunkt i Nina Lykke si flotte bok Nei og atter nei. Når ektemannen flyttar frå henne og ho sjølv har mista lysta i livet, føretar ho det Skårderud kallar ei eksistensiell skrumprørsle. Det handlar om at det blir for mykje for nokon, og då er det ryddinga som blir vegen ut. Rydding og kasting er blitt ein trend. Skårderud meiner me kan lesa det som eit teikn i tida. Når det er for mykje å ha oversyn over, sørger ein for å ha mindre å ha oversyn over. Orden er betre enn rot. Men kontroll via kroppen er ein skjør kontroll, seier Skårderud, som arbeider mellom anna med personar med etevegring. Det er nemleg alltid ein risiko for at angsten for rot blir til reinhetens tvangshandlingar. 

            Den store utfordringa, i dei rotete liva våre, meiner Skårderud er å tola det ureine, tvilen, usikkerheita, nyansane, vårt eige djup, det mørke og dei vanskelege kjenslene.

            Men det er greitt å ha litt orden også, tenkjer eg, særleg no i juletida – rotet kjem tidsnok tilbake.
                                   
D155/1


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar