8. april 2016

Kulturlandskap



Våren pirrar nasen, flyselskapa fristar med billege billettar til europeiske byar, men med ein kriseprega økonomi er det nokon av oss som må nyta vårlufta i det nære. Derfor fell blikket mitt i dagens tekst på ein del av ein serie som Stavanger Aftenblad hadde for nokre år sidan om ei annleis byhistorie. Som byleksikonredaktør blei det opna ei interesse for slike saker som framleis held seg varm. Det var den nye byantikvaren i Stavanger, Hanne Windsholt, som inviterte lesarane rundt med ulike tema som knaggar, og i dag skal eg henta fram den artikkelen som handla om kulturlandskapa. Avisene fløymer over om saker om kommunesamanslåing om dagen, samstundes som det denne veka blei lagt fram planar om ny sentrumsplan i Stavanger. Det er snakk om å gjera sentrum attraktivt både som arbeidsplass og for liva våre. Noko av det mest attraktive med Stavanger, synest eg, er mulegheita av å finna flotte kulturlandskap berre få minutt frå sentrumskjernen.


Lyngheier og små gardar var det som utgjorde kommunen vår tidlegare. Berre små restar er igjen av dette. Windsholt sin tur startar på Austre Åmøy, der det 3000 år gamle helleristingsfeltet – eitt av dei største i Norden – framleis fascinerer. Jordbruket oppsto i bronsealderen (1700-500 f.Kr.) og jordene på Austre Åmøy står dermed i ein 3000 år gamal samanheng, noko som gir landskapet høg kulturhistorisk verdi, fortel Windsholt. Og då er ikkje turen lang til jordbrukslandskapet på Austre Åmøy. Fram til 1860 fekk alle ein liten teig då ein bonde skulle dela garden sin mellom sønene sine. Teigane blei liggjande hulter til bulter og gardshusa for alle bruka låg samla i ein liten landsby. Dette systemet som blei kalla teigblanding, gjorde det vanskeleg å få til ei effektiv jordbruksdrift. I 1859 kom jordskiftevesenet og denne reforma førte til at nye eigedomsgrenser blei trekt opp, og steingjerda på Austre Åmøy er eit resultat av dette. Kvar gard fekk eit samanhengande stykke med litt bakke, litt flat mark og tilgang til sjøen. Og kvart bruk fekk sitt eige tun. 


På Smiodden ved Kvernevik, i dag mellom anna kjend for monumentet «Brutt lenke» etter Alexander L. Kielland-forliset i 1980, finst det eit kystlyngheilandskap, som det berre finst nokre få flekkar igjen av. For 150-200 år sidan var heile Jæren og mesteparten av dagens Stavanger kystlynghei. Dette er ein fleire tusen år gamal kulturlandskapstype skapt ved beite kombinert med brenning eller lyngsått. Landskapstypen er truga, ikkje berre i Noreg, men i heile Europa, så her må me ta vårt internasjonale ansvar for å ta vare på dette unike landskapet. Denne landskapsarven minner oss om kva me eigentleg kom frå, seier byantikvaren. Ho tar oss med vidare til Lierdal gard på Tasta som har høg kulturhistorisk verdi fordi den er typisk for korleis ein dreiv jordbruk frå 1850 til 1950. 



Endeleg – Eiganes kolonihage! Og andre kolonihagar i Stavanger. Desse kom til i 1916-1917, midt i storheitstida til fabrikkbyen. Arbeidarane budde trangt og nokon tenkte den lure tanken at arbeidarane hadde trong for å lufta seg og spe på kosten med grønsaker, frukt og bær. Byantikvaren meiner at kommunen bør leggja til rette for nye kolonihagar no når nye store bustadområde skal byggjast ut.
For eiga rekning legg eg til: Kunnskap om historia er som fotball; det blir så mykje meir interessant når du kan reglane! Og eit tips til slutt: ta 3-bussen som går frå Sandnes via Stavanger sentrum og Madla til Viste hageby. Gå av på siste haldeplass, og gå tilbake til byen, forbi kystlyngheia på Smiodden og langs Hafrsfjord. Ta gjerne med deg ei bok og noko godt i sekken; her er mange flotte stader å slå seg ned. Kombinasjon av sjø og vår er uslåeleg, og det magiske kan oppstå nærare enn du kanskje tenkjer på til dagleg.

D67/8-10


1. april 2016

Magel


Magel døydde 22. april 2013, eg klyppa ut dødsannonsa hennar. Det er mange dødsannonser i Kina-bøkene mine. 


Magel var éi av mamma sine sjukesøsterkollegaer. Dei var ein fantastisk gjeng som utdanna seg i Stavanger frå 1953 til 1956, trur eg det var. Det låg ein slags aura rundt desse kvinnene, som heldt saman i alle år og samla seg til den eine samlinga etter den andre. Til jul kvart år sende dei kvarandre julekort; Inger, Inga, Turid – og Magel. Dei fleste budde utanbys og blei berre eit namn, men Magel budde i Haugesund. Eg forsto at dette var ein relasjon som betydde mykje for mamma. Eg traff henne berre eit par gonger, på rusletur i Haraldsgata i Haugesund mellom anna. Magel trakk seg innimellom tilbake, etter kvart som eg forsto meir av livet, så hadde ho ei psykisk liding. I 2011 var det mamma sin tur til å arrangera treff, eg blei sjåfør og fekk mellom anna tatt eit bilete av den flotte gjengen på 11 kvinner som var igjen. Det sette me inn i Haugesunds Avis og Stavanger Aftenblad. Men det som kjem til meg igjen og igjen etter det vesle møtet eg hadde med desse kvinnene, var handtrykket til Magel. Ho måtte samla begge krykkene i eine handa for å helsa på. Det var som å søkke ned i eit osean av kjærleik og omsorg. Som å bli omslutta av totalt nærvær.

Når eg skriv om Magel i dag, så er det også fordi ho fekk med seg i dødsannonsa så fine ord. Magel hadde alltid med seg ei bok, fortalte mamma, då ho såg alle bøkene eg hadde med meg heim på besøk. Eg veit ikkje om Magel hadde funne desse orda i annonsa sjølv, men uansett så har kampane ho innimellom må ha hatt med seg sjølv, blitt sett av hennar eigne.
Dette er orda som står i dødsannonsa til Magel:
Ikke før veven har stilnet
og skyttelen sluttet å gå,
vil Gud trekke teppet til side
og la oss riktig forstå.
At også de mørke tråder,
så vel som de lyse bånd,
var helt nødvendig
for mønsteret
i Mesterens mektige hånd.

D66/95