15. mai 2015

Gull i horisonten!



Det rykkjer i fotballfoten! Det nærmar seg eit nytt fotballmeisterskap og det er berre å benka seg framfor tv-en. Denne veka presenterte Even Pellerud dei 23 spelarane som skal kjempa om norsk ære i fotball-vm for kvinner i Canada frå 6. juni til 5. juli. Og for meg som har ein stor del av fotballhjarta mitt i Klepp (spelte der i 1987 og 1988 og blei seriemeister med Klepp i den første sesongen med landsomfattande serie for kvinnene i 1987), er det ei stor glede å sjå tre Klepp-namn i landslagstroppen. Gry Tofte Ims har alt vore med ei stund, men nye i meisterskap på seniornivå er Maria Thorisdottir (dotter til landslagstrenaren i handball) og Hege Hansen. Klepp har hatt ein fantastisk start på sesongen i Toppserien, og ligg på andreplass, berre to poeng etter LSK Kvinner. At tre Klepp-spelarar får vera med til Canada, er derfor på sin plass. Når eg skriv Gull i horisonten i overskrifta, så er det fordi mange Klepp-spelarar i landslagstroppen, indikerer suksess i meisterskap! Sist Noreg vann gull i eit internasjonalt meisterskap var i OL i Sydney i 2000. Då var Ingeborg Hovland, Anne Tønnessen, Silje Jørgensen og Dagny Mellgren Klepp-spelarar som var med i troppen som sikra det historiske gullet.


Og då skal me over til det arkiverte! Det var ein kveld i 1997, eg sat heime og tutla med mitt då søstera mi, Ingeborg, stakk innom på hybelen på Våland og fortalte om målet ho hadde sett seg for karriera si. La meg høyra, sa eg spent. OL-gull i Sydney, var det kontante svaret. Viss det er målet ditt, skal eg sitja på tribuna når det skjer, var mitt like kontante svar. Dermed starta prosessane; Ingeborg trente jamt og trutt mot det store målet, og eg starta sparinga. Undervegs fekk eg ein kjærast, og eg gjorde det klart at eg gjerne kunne diskutera ulike feriealternativ framover, men i 2000 reiser eg til Australia. Du kan bli med viss du vil. Ho blei med. Ingeborg kom med i troppen, og då var det berre å bestilla billettar. Me gambla på at Noreg skulle spela semifinale i Sydney og hadde fått ei venninne av kjærasten til å bestilla billettar for oss. Dagen før avreise skulle Noreg spela mot Kina. Meisterskapen hadde starta dårleg. Kina var alltid ein trussel og me måtte slå dei for at det skulle bli full klaff med billettane me hadde bestilt. Og me vann, 2-1! Det var berre å starta den lange reisa til Sidney. Og det var her søstrene Hovland blei fanga opp av Eva Marie Sternhoff i Haugesunds Avis som fortalte historia om kor nær målet me var etter 1-0-sigeren over Tyskland i semifinalen. Målet kom via eit sjølvmål, og det var på hengande håret dette gjekk, men me var i finalen! Og gløym Noreg i Marseille i 1998! Den mest magiske augneblinken i mitt fotball-liv var då Dagny Mellgren skåra vinnarmålet mot USA etter ekstraomgangar. På golden goal! Det var utfalding av ei glede som eg knapt har kjent på sidan i livet.

Og slik gjekk det altså til at Hovland-familien sikra seg eit OL-gull! Og ein liten bete i gullet unnar eg meg:

”Jeg ble tidlig med Elisabeth på trening og så på hva de gjorde, forteller Ingeborg, som regner søsteren som en større inspirasjonskilde inn i fotballtilværelsen enn de tre brødrene og faren Mandrup.”

Ingeborg toppar forresten adelskalenderen i Klepp. Ho spelte der i imponerande 18 sesongar og fekk med seg 512 kampar. Ho var keeper, men står også oppført med 2 skåra mål. Reknar med at det var i andre enden av banen.

Her kan du koma i vm-stemning med dei norske jentene.

D20/52

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar