29. mai 2015

Fotballfamilien



Vekas store «nyheit» var at FIFA – det internasjonale fotballforbundet – er korrupt. «Nyheit» i hermeteikn, fordi det jo er mange som har sagt og kome med prov om dette i årevis, men nå har altså det sivile samfunnet gått inn og arrestert personar og gjort livet svært så vanskeleg for familiepateren Sepp Blatter. Når du les dette, er det avklart om han har fått fornya tillit som president i FIFA. I går blei det meste av det som skjedde i kulissene i førekant av tildelinga av fotball-VM for menn i Russland i 2018 og Qatar i 2022, rulla opp i to dokumentarar på tv. Nå skal rettssaker vurdera det som har kome fram etter arrestasjonane, men det er Blatter sin tanke om fotballfamilien som festar seg hos meg. Berre sitat som at ”dette ordnar me internt i fotballfamilien”, burde skru på mange varsellamper. Det er mange familieoverhovud som har brukt det same argumentet. Mange av dei var – eller er – psykopatar. Familiar flest er dessutan bygt opp av ekstreme lojalitetsband og trugsmål om utestenging viss du ikkje følgjer familiekoden.

Fotball er ikkje ein familie, men eit fellesskap. Der dei som deltar har ulike roller, men alle er like viktige for det endelege sluttproduktet, frå foreldra som sel pølser i pølseboda, til dei som nå ventar på storinnrykk for å samla fotballinteresserte til fotball-VM i Canada. 


Som eit slags korrektiv til det som skjer i FIFA om dagen, inviterer eg nå til eit tiltak for å løfta fram entusiasmen igjen. I kinaboka mi for veke 22 finn eg nemleg tippeskjemaa eg laga til fotball-EM for menn i Belgia og Nederland i 2000. 30 personar tippa og la 100 kroner kvar i potten!  Det blei veldig kjekt, og ho som vann dei 3000 kronene fekk eit flott bidrag til feriepotten. Til fotball-VM i Canada som startar laurdag 6. juni, har eg tenkt å gjera det same. Viss du vil vera med, så sender du ein e-post til ehb at stavanger.online.no (krøllalfa der det står at).
Det beste med denne konkurransen; her er det fotballen som bestemmer det endelege svaret. Hovland kan ikkje kjøpast! Håpar du har lyst å vera med!

D22/68

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar