21. august 2015

Om å knusa spegelen i ein valkamp



Det er valkamp og denne veka fekk me ein manøver frå leiaren i Framstegspartiet som me sjeldan får i vår lokale andedam. Eit stort sett samla storting har gått inn for å ta imot 8000 syriske flyktningar, men partileiar – og finansminister – Siv Jensen vil bruka valkampen til å be kommunane om ikkje å ta imot flyktningane. Det er eit lite halvår sidan me stort og flott feira Grunnlova, som slår fast prinsippet om at Regjeringa si oppgåve er å setja ut i livet vedtak Stortinget har gjort, og stakkars Solveig Horne, Jensens partifelle og regjeringskollega, som fekk ei slik lita delikat sak å kosa seg med i augustsola.

I gjennomgangen av ”dagens tekst” (som altså er ei stor bok med artiklar og anna eg har samla på, og som er utgangspunktet for desse bloggpostane; det er ikkje alle som har fått med seg det! – eg har over nitti slike bøker og går gjennom éi kvar veke) for veke 34 festar augene seg ved eit foto. Det er ein bestemt mann festa på eit lerret, og av samanhengen forstår me at det er ein storskjerm som er sett opp i Svenska Akademin i Stockholm. Høvet er utdelinga av Nobelprisen i litteratur i 2005. Mannen på skjermen er døyande, han hadde ikkje krefter til å koma til Stockholm for å ta imot prisen. Men han hadde framleis kraft nok i seg til å skriva ein skakande og rå tale. Prisvinnaren var Harold Pinter. Utgangspunktet for talen er korleis USA forstår rolla si i verda og korleis landet fyller den rolla. Men det er eit par samanfattande utdrag om politikarar og sanning – og verdigheit – som me kan ta til oss i den vidare valkampen. Utdraga er henta frå Dag og Tid, og det er også dei som har omsett det til nynorsk. 

”(…) Politikarar (…) er ikkje interesserte i sanning, men i makt og i å halde makta ved like. For å halde på den makta er det essensielt at folk forblir uvitande, at dei lever utan å kjenne sanninga, tilmed sanninga om deira eigne liv. Det som omgjev oss, er difor ein enorm vev av løgn som vi tek til oss.
(…)

Når vi ser i spegelen, trur vi at biletet som møter oss er korrekt. Men flytt deg ein millimeter, og biletet endrar seg. Vi ser faktisk på ei uendeleg mengd avspeglingar. Men somme gonger må ein forfattar knuse spegelen – for det er på andre sida av spegelen at sanninga stirer på oss.
Eg trur at trass i dei enorme oddsa imot, har vi alle ei grunnleggjande plikt som borgarar til å syne prinsippfast, urokkeleg, beinhard vilje til å definere den verkelege sanninga om livet og samfunna våre. Det er faktisk obligatorisk. Om vi ikkje har slik vilje i den politiske visjonen vår, har vi ikkje noko håp om å gjenreise det som nesten er tapt for oss – verdigheita til mennesket.”
 Noreg, også denne veka; ei twittermelding:
”På jobben min i dag fikk jeg besøk av seks syriske barn som kom hit i forrigegår. Vi spilte fotball og spiste is. Jeg hater Frp.”

Ønskjer med dette alle ein verdig valkamp.

D34/7


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar