7. august 2015

Fribybyen

Av alle merkelappar som er blitt festa på Stavanger oppigjennom historia; sjøfartsbyen, hermetikkbyen, oljebyen, matbyen; er det éin status som ikkje er så kjent – men byen er også fribybyen. For rundt ti år sidan overtok Stavanger som koordinator for alle fribyane i verda, og etablerte ICORN – International Cities of Refugee Network. Dette er altså eit nettverk av fribyar over heile verda som tilbyr forfølgte forfattarar skrivero og husrom. Eg fekk vera med å driva fribyarbeidet i Stavanger ein periode, og har dermed hatt eit ekstra auge til forfattarar som har kome og gått til byen. Det spesielle med det siste året, er at to av dei forfattarane me har hatt her i byen, har gått ut av tida, nemleg Mansour Koushan, og nå sist Chenjerai Hove frå Zimbabwe.



I september i 2004 blei det klart at Hove skulle til Stavanger, omtalt den gongen som Zimbabwes bråkmakar. Året etter hadde han sju månader bak seg i Noreg og blei intervjua av Stavanger Aftenblad. Han samla opp erfaringar om byen og arbeidet.

”Stavanger er som en baby som har alt den ønsker. Byen trenger noe å gråte over, noe å lengte etter”,
sa han. Og heldt fram: 
”Det er veldig behagelig, så behagelig at det blir forstyrrende. I Afrika protesterer vi alltid på noe. Av og til kommer ikke toget. Myndighetene er gjerne korrupte. Maten er dårlig. Jeg er ikke vant med at alt er ok. Blir livet for komfortabelt, stopper folk å tenke. Det er det som skjer her”,
meinte Hove og uttalte at eit sjølvtilfreds samfunn ikkje er bra for litteraturen, den treng sosial og psykologisk turbulens.


To lokale forfattarar frå Rogaland, Solveig Aareskjold og Helge Torvund, fekk høve til å kommentera utspela. Aareskjold er samd med Hove på i alle fall eitt punkt; at ein kan spora noko slapt; ein manglande vilje og evne til å ta tak i dei verkelege problema, dei underliggjande konfliktane og realitetane me står i. Helge Torvund på side meiner at Hove tenkjer for snevert om litteratur og det behagelege. Han viste sjølv til ei diktbok han hadde skrive om korleis Noreg deltok i Kosovo-krigen. ”Å vera i eit land som gjer noko så spinngale, kjennest ikkje særleg behageleg”, seier Helge Torvund.


Her kan du lesa meir om Icorn


D32/38-39

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar