30. oktober 2015

At noko vedunderleg skal skje



I diktet Det er den draumen av Olav H. Hauge heiter det mellom anna: Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje. Diktet kjem til meg no når me snart gjer oss ferdig med veke 44. I går ei ny melding om at Bergens Tidende skal seia opp fleire folk neste år. Annonsørane vil til nettet, og mine kjære papiraviser lever snart berre i mine utklyppsbøker. Sjølv om eg tar mitt forbrukaransvar; tingar på papiraviser og sver til dei så lenge eg kan.

Men innimellom dei utklypte artiklane, er det også limt inn små andre glimt frå kvardagen. Mellom anna premieutbetalingar frå Norsk Tipping! Så lever me vel alle med dette at noko vedunderleg skal skje, for sjølv om sjansane til å ta storvinsten er forsvinnande liten, så er det jo alltid nokon som vinn. På Madla Amfi, i tippekiosken der, hadde dei laga ein kjempestor plakat som eg såg her ein dag. Ein av kundane hadde vunne over fire MILLIONAR kroner.

Eg har gjennom åra slengt inn ein kupong her og der. Først den legendariske fotballtippinga, som eg har gjort meg ferdig med, så lotto og etter kvart extra. Det gjekk best for lotto-en; stadige bidrag til lommeboka; 45 og 50 kroner. Men ein dag i januar 2006 slo eg til med 385 kroner! Du betre. Det må ha vore fem rette i lotto, det. Då er ein jo ikkje så veldig langt unna sju rette, meiner eg. 385 kroner – det er også det nærmaste eg har vore millionen. Med tid og stunder forsto eg at den sikraste måten at pengane tikka inn på, var gjennom arbeid. Når arbeid heller ikkje er ein konstant faktor lenger, er tida inne for å senda ut nye ønskje,

at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg.


D44/61


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar