29. januar 2016

Vandring langs Hadrians mur



Januar tonar ut med varsel om orkan i kasta for mange i landet vårt. Det er berre å sikra alle lause gjenstandar, låsa seg inn og drøyma seg bort. Tida er snart inne for å tenkja tankar om sommarferien. Arkivet mitt er ei skattkiste i så måte! Og etter å ha lese om vandringa som pensjonistane Ragnhild og Hans Frøiland frå Stavanger gjorde langs Hadrians mur på dei britiske øyane, så blir eg sterkt freista av same prosjektet. Det er noko med dette romarriket som eg alltid har vore så fascinert av. Slukte tv-serien om Roma for ein del år sidan, og har alltid likt å vandra i byar med restar frå denne spesielle tida i verdshistoria. Og det strekte seg altså langt, dette riket.


I 122 beordra keisar Hadrian at det skulle byggjast ein mur som vern av den nordlege grensa av riket, og det er altså denne du kan vandra langs. Turen paret Frøiland tok gjekk frå Walls End ved Newcastle til Bowness-on-Solway, ei strekning på 13,5 mil. Vandringa inneber ei vandring i historie og samtid. Mesteparten av ruta går i ope, landleg terreng med steinmurar over grønt landskap. På vegen passerer ein ruinar av gamle kapell, kyrkjer og fort, som til dømes fortet Cilurnum ved Chester, som er det best bevarte romerske fortet i Storbritannia. Men over til sjølve muren. Ragnhild kan fortelja at kvar stein i muren er hogt ut akkurat slik at ein mann kunne løfta den. Steinane blei grave opp frå grunnen, og der det ikkje var stein, brukte ein torv. Seinare blei muren delvis rive ned igjen somme stader, og mange av husa nær muren er faktisk bygt av stein frå muren. I 1987 blei muren del av verdsarven til Unesco. I England blir den sett på som det viktigaste romerskbygde monumentet i Storbritannia.


Eg har hatt ei glede av å besøkja nettopp historiske bygningar og stader som finst på denne verdsarvlista, merker at det rykkjer litt i foten. Etter at eg for to år sidan var over og besøkte tantebarnet Anne-Marthe som unna seg eit englandår, er er også freista av eit nytt besøk i England. Språkleg veldig tilgjengeleg, flott natur – og kjem du i beit for noko å snakka med engelskmennene om, så er eg nok interessert i fotball til at det bør halda til ein pint – og tre. Frøiland-paret føreslår slutten av mai/starten av juni som god reiseperiode, og sjølv starta dei å tinga billettar til overnatting på koselege bed & breakfast-stader langs muren rundt tre månader før avreise.
Eg startar sparinga!

D57/159-160

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar