20. mai 2016

Lytt og lær av Lie



Skodespelaren Anders Danielsen Lie er i Cannes for å delta i filmfestivalen på den franske solkysten for andre gong. Denne gong i ein fransk film i ei lita birolle, men - forstår me - viktig birolle, i filmen «Personal Shopper». Rolla har ført til mange interessante intervju med skodespelaren i norske media denne veka. Eg har følgt han ei stund og fekk for alvor augo opp for han i NRK-serien «Koselig med peis». «Oslo 31. august» er også vel verd å få med seg. Gjennom intervjua, fekk eg også med meg at det er han som spelar «Herman» i filmen basert på Lars Saabye Christiansen sin roman. Den må eg sjå også!

Så skal du bli skodespelar, så er det mykje å læra av Lie. Men eg er ikkje heilt der, i tradisjonell forstand, eg har berre lyst å spela hovudrolla i mitt eige liv, og det er eit stykke arbeid berre det!


Då er det lukkelegvis slik at Anders Danielsen Lie også har eit anna yrke, han er lege. Og han har ordet i si makt og serverer oss innimellom essays og innlegg som det er vel verdt å dvela litt ved. «Færre piller, flere samtaler!» slår han fast i tittelen i essayet som har festa seg denne veka. Dei fleste yrkesgruppene og medlemane i den er opptatt av å forsvara yrket sitt inntil døden. Men Danielsen Lie seier alt i ingressen: «Fastlegene har et ansvar for å motvirke medikaliseringen av samfunnet. Det er mye man kan gjøre ved bare å være en god lytter.»


Han tar tak i kåringa som sa at Noreg er det beste landet å bu i, men nemner i same andedrag alle nordmennene som får dårlegare psykisk helse, korleis angst og depresjon breier om seg og at halvparten av dei som er sjukemelde eller får uføretrygd har ei psykisk liding. Nemn også dei éin av tre som slit med dårleg søvn. Det er sjølvsagt samansette bilete som gjer at folk blir sjukemelde, men utgangspunktet til Danielsen Lie er heiderleg nok; han meiner at me har ei samfunnsmedisinsk plikt til å setja i verk behandlingstiltak når folk blir sjukemelde over tid. 


Han ivrar for samtalebehandling, også på fastlegekontoret. Men det er ikkje lett. Den sjølvstendig næringsdrivande fastlegen har rundt tretti pasientar til dagen, og gir kvar pasient 10-15 minutt av si tid. Så byrjar runddansen. Kanskje blir pasientane sendt vidare til eit distriktspsykiatrisk senter, men der er det ikkje lett å koma til med lettare psykiske plager, og dermed blir det til at ein får antidepressiva medan ein ventar. Medisinar som det syner seg blir brukt i større omfang enn det er dekning for utifrå verknaden på lettare depresjonar.

I ein slik situasjon tyr mange også til det såkalla alternative feltet for hjelp. Han tar ikkje stilling til verknaden av metodane som blir brukt, men tar tak i hovudpoenget sitt også her: «De alternative terapeutene har ofte god tid. Noen har den magiske evnen til å få folk til å føle seg «sett»».  For kva er det mange av dei 2500 årlege klagene til Helsetilsynet tar tak i? Jo, at folk stort sett klagar på oppførselen til legane og den dårlege kommunikasjonsstilen. Mange synest at fastlegane har negative haldningar til dei som menneske og dei kjenner seg handsama som statistikk.

Summa summarum: Anders Danielsen Lie meiner at det må bli tydelegare kven som skal ha behandlingsansvaret på det han kallar dei psykiske folkesjukdomane, og svaret hans er fastlegen, mellom anna fordi alt henger saman med alt. Depresjon er ein betydeleg risikofaktor for tidleg død av hjarte- og karlidingar og luftvegssjukdomar. Fastlegen er den som har dei beste føresetnadene for å tilby ei heilskapleg behandling.
Endeleg: Det er mykje som kan gjerast berre ved å vera ein god lyttar, seier Danielsen Lie. Ikkje minst handlar det om å investera tid i den terapeutiske relasjonen. Dessutan må fastlegen ha eit ansvar for å «oppdra» pasientane sine, stå imot presset frå legemiddelindustrien og motverka medikaliseringa av samfunnet. 

 
Han avsluttar med den kanadiske psykiatriprofessoren Joel Paris sitt grundige oppgjer med moderne psykiatri. For lette psykiske lidingar har psykofarmaka dei siste tiåra vore ei sovepute. Paris sin hovudkonklusjon: Samtalebehandling må spela ei mykje større rolle i framtidas psykiatri.


D73/144-147


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar