28. april 2017

Digital lyd



Tidleg i mars skreiv eg ein bloggpost om pc-nostalgi; eg hadde funne kvitteringa for det første pc-kjøpet mitt og minna strøymde på. Det var nok å setja seg inn i med denne nye digitale verda; eg kjende likevel at eg hadde eit slags oversyn så lenge det berre var meg og pc-en og eit program eller to eg hadde fått med då eg kjøpte maskinen. Det var ei heilt ny verd som opna seg med internett. Utklyppa med medieinnhald som eg for tida er inne i, etterlet ingen tvil om mine ambisjonar om å forstå og setja meg inn i alt det nye. Her er ein serie om det digitale fotografiet, artiklar om virusprogram og korleis kvitta seg med dei lumske ormane og innimellom mange gode tips og spalter, mellom anna ei i Stavanger Aftenblad, kalla «høyreklikk». Når du høgreklikkar på datamusa eller nedafor tastaturet på ein datamaskin, får du opp ein heilt ny meny og via denne kan du gassa deg i masse nye moglegheiter – og kunnskap. 


            Eg har lyst å fortelja vidare kva SA denne gongen fortalte oss om digital lyd, eller meir spesifikt, om mp3-fila. Dette var rett rundt tusenårsskiftet og mp3-spelarar var på veg til folks lommer for alvor. Ipod var greia for mange, men sjølv trur eg debuten min på desse mp3-filene var ein Creative muvo.
            Mp3 var likevel ikkje debuten for digital musikk, det var compact disc-en, cd mellom vener. Tidleg på 1980-talet blei selskapa Phillips og Sony samde om ein cd-standard. Poenget med digitale lydopptak, fortel Toralf Sandø i Aftenbladet oss, er at dei elektriske impulsane frå mikrofonar og anna opptaksutstyr blir «skore» opp i små byggjeklossar eller bits. Cd-en har informasjon om lydar med frekvensar opp til 44,1 kHz, som betyr 44.100 lydbølgjer i sekundet. Eitt sekund med lyd blir dermed lagra som nesten 1,5 millionar bits. Hadde du éin enkelt cd til å samla lydkutta på, så var dette ei overkomeleg mengde. Utfordringa kom då desse digitale signala skulle sendast via telenettet eller eteren. Ein starta jakta på litt meir økonomiske måtar å koda lyden på. 


            Her dukka altså filformatet mp3 opp. Det blei utvikla av det tyske Fraunhofer IIS (Institutt for Integrerte Systemer) som er ein del av selskapet Fraunhofer Gesellschaft. I 1989 fekk selskapet patent på mp3-formatet i Tyskland.
            Med mp3-lyd treng du berre ein tolvtedel av den bandbreidda som cd-lyden brukar. Korleis er det mogleg?
            Stikkordet er algoritmar, eit fenomen som fleire og fleire får eit forhold til, for det er dette mange sosiale medium brukar for å henta ut informasjon om brukarane sine slik at annonsørar kan bli meir målretta i marknadsføringa si. Det er altså snakk om ein serie kodereglar som gjer at mp3-formatet er meir økonomisk når det blir snakk om plass. 

            For det første: Mp3-algoritmen kuttar ut all lyd me ikkje høyrer. Eit godt øyre kan fanga inn lydbølgjer opp til 20 kHz. Veldig svake lydar og veldig høge lydar blir dermed kasta på dynga.
            For det andre: Algoritmen går psykoakustisk til verks. Lydar som høyrselssenteret i hovudet ikkje fangar opp fordi det blir maskert av andre lydar, blir også kasta.
            No sit du igjen med «destillert» lyd, og då kan signala pakkast og mp3-fila er ferdig koda, med informasjon for ein flyt på 128 kilobits per sekund. Når du spelar mp3, så avkodar du mp3-fila.
            Så blei dette ein fin repetisjon for meg, og kanskje du også kan ta det med deg vidare i din dag.
           
D122/181


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar