20. oktober 2017

Suverene Surén



            Det finst skribentar som har dette talentet at dei kjem med så mykje overraskande! Vinklinga er ikkje main stream, liksom.  Det er som om dei skrudde saman i hovudet på ein heilt annan måte enn alle oss andre. Eg er så heldig å ha følgje med éin av desse kvar fredag når Dag og Tid kjem i posten. På siste sida der er det mellom anna eit stort bilete, og det er biletteksten til dette biletet som eg ser fram mot i spenning kvar helg. Skribenten heiter Odd W. Surén, han er forfattar og melder også bøker i avisa. Og altså bilettekstar – eller biletkommentarar er det vel heller.
            I august på denne tid var det til dømes sommar-OL i Rio i Brasil, og avisa hadde funne dette biletet:


            Odd W. Surén har denne kommentaren:
            JEG KUNNE IKKE BALANSERE, OG ‘N KARL KUNNE IKKE BALANSERE. Det er sanneleg OL i Rio denne veka også, og mange lèt seg imponera av prestasjonane, men eg vil mana til ei meir nøktern og kritisk haldning. Ja, kvinna på biletet, Lauren Hernandez frå USA, rører seg opp ned, men kva så? Hallo, Rio ligg då på den sørlege halvkula! I meldingane står det dessutan: Lauren Hernandez, bom, og eg er samd, dette var ikkje nokon fulltreffar, nei!

            Øving for helga: snu opp-ned på ting!

D147/114


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar