13. oktober 2017

Magisk gjenbruk

            Eg sit her ved skrivepulten og ser ut på verandaen min. Dei siste åra har grønsaker fått plass der, i tillegg til blomar. Så no står ein grønkål i bedet i all sin prakt, og i år planta eg også ein rabarbrabusk. Eg sluttar aldri å undra meg over krafta i jorda, som kan forvandla desse små frøa til livgjevande vekstar. Samstundes som eg av og til tar inn over meg kva me gjer med jorda, når stadig meir av den dyrkbare jorda blir lagt under asfalt. For ikkje å snakka om at me driv rovdrift på den som er igjen, både ved stor bruk av kjemikaliar, men også ved einsidig bruk.

            Dør Jørund Lønning heiter ein professor som eg ofte låner øyre til. Han er professor i nyskaping og bygdeutvikling, og då han las boka Havboka til Morten Strøksnes slo det han at me også burde skriva «Jordboka». Ei slik bok skal skapa fascinasjon og interesse for eit enno meir ikkje-utforska, men minst like rikt, levande univers, skriv Jørund.

  
            Det heiter seg at ei handfull god matjord inneheld fleire levande vesen enn det finst menneske på jorda. I eit gram kan det finnast milliardar av ulike bakteriar. Det sterke mikroskopet avslører myriadar av kryp. Det eine underlegare enn det andre. Som i havet. Men kanskje enno fleire.

            Helten i boka Lønning ser for seg, skal vera Den Gode Bonden. Han og ho som har fått det enorme ansvaret for å forvalta den levande jorda på vegner av menneskja i dag og i morgon.

            Men Lønning meiner at boka også må ha eit åtvaringskapittel, fordi jord i dag blir oppfatta som areal og dyrkingsmedium, punktum, og i svært liten grad som levande univers. Jorda protesterer mot utpining, men då har jo kjemiske løysingar vore tingen. Utarma jord er livlaus jord, skriv Lønning. Det «moderne», «effektive» og storskala kjemikalielandbruket, har vorte ei katastrofe for verda sine jordressursar, skriv han. Men han set også optimistiske bilete på seg. Storskaladrift er ikkje det einaste svaret på verda sitt behov for meir mat. Lønning syner til forsking som viser at dei arealmessig små, men talmessig stadig fleire, handdrivne parsellhagane som veks fram rundt byar og tettstadar over heile Europa, faktisk inneheld vesentleg meir av både organisk karbon og nitrogen og kan produsera fire til 11 gonar meir mat per hektar enn det ein oppnår i storskala landbruksdrift. Dette faktum bør føra til landbrukspolitisk ettertanke, meiner Lønning.
            For å overleva handlar det om å vera audmjuke overfor dei store og små medskapningane våre på jorda, avsluttar Dag Jørund Lønning.

            Så fell augo mine på eit par små notisar om ein annan magisk gjenbruk av naturen rundt oss. Til dømes det gode rådet om ikkje å kasta kaffigruten! Det syner seg mellom anna at kaffigruten nøytraliserer vond lukt og trekk til seg fukt. Legg litt kaffigrut på ein tallerken og set den i kjøleskapet eit par dagar. Fyll på med ny grut viss lukta ikkje forsvinn. Og tips nummer to med kaffigruten: Ta ei handfull med gruten i det våte håret; det vil gjera det mjukt og glansfullt. Husk å vaska med sjampo etterpå! 


            Til slutt eit tips for å unngå bleikemiddel på misfarga plagg. Kok plagget i ein kjele med eit par skiver sitron. Sitron er nemleg eit naturleg bleikemiddel og har same effekt. 

  
            Slik kan me alle bidra til litt magisk gjenbruk, og hindra bruk av livshemmande middel.

D146/8, 26, 40-41


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar