6. oktober 2017

Kjensler for livet



            For dagen etter Kapittel, litteraturfestivalen i Stavanger, sette eg meg eit mål: det var dagen eg skulle setja meg ned og endeleg starta skrivearbeidet med boka mi. Det har gjæra og gjæra i dette prosjektet i årevis, og liksom ikkje blitt forløyst. Det måtte modnast lenge. Så kom dagen, og eg opplevde den herlege kjensla av at det no er prosjektet som drar meg, og ikkje omvendt. Det er ei forløysing på gang!

            Dermed var det to saker som fanga blikket mitt i bok 145. Den eine handla om forfattaren Tor Ulven, den andre om Magny Frøyland som har gjeve ut ei bok som heiter «Meg. En bok om følelser». I boka til Frøyland, sjølv firebarnsmor og fostermor, tar ho tak i 15 ulike kjensler og illustrerer desse med bilete. Boka er retta mot born og unge, men kan også brukast av foreldre, lærarar og andre omsorgspersonar som skal forklara kva kjensler er og korleis me kan forholda oss til dei.


Det er viktig at foreldre kan ta imot og romme alle de følelsene ungene har. Det handler om å være nysgjerrig og ikke bli dømmende. Det er lov å vise alle typer følelser. Det å tillate seg å være lei gjør enormt godt og an være veldig befriende. Hvis barn blir sendt på rommet hver gang de er sinte, vil de lære at sinne er en følelse som ikke er tillatt, og da pakker de kanskje inn den følelsen, sier Magny Frøyland.



I 1951 tok forfattaren Tor Ulven sitt eige liv, han blei berre 34 år gamal. Kvifor har han det så vondt. Kvifor lir han slik? Spør Jan Olav Gatland i artikkelen i Dag og Tid. Eg tenkjer at han måtte bygge opp ein mur, fordi det ikkje var plass til å ta ut kjenslene sine. Han fekk ikkje utlaup for det som var i hjarta hans. Slik seier han det i diktet «Bunden til bålet» frå 1946:

Aldri, aldri få tala ut
om det du ber i ditt hjarta, -
det gjev den største sut.

Å leva på lygn i ein menneskehop
og kjenne at du lever,
løyser or hjarta eit redslerop.


Eitt av versa i diktet «Et åtte ikkje kjærleik», trykt i 1975, går slik:

            Eg åtte ikkje kjærleik
            og difor er eg jord
            Men kanskje finst eit rike
            der einast kjærleik gror.

Det kjennest meiningsfullt å arbeida med prosjektet mitt, «Jakta på Gudegneisten». Det handlar om liv – og død.

D145/84-85, 114-115



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar