10. november 2017

Kontakt

            Denne veka starta ein ny serie der Helene Sandvig i NRK flyttar inn på seks ulike institusjonar for å sjå korleis kvardagen er der. Ho starta på ei lukka akuttpsykiatrisk eining ved Blakstad sjukehus. Det blei ein fascinerande time, der det igjen slår meg at der det har svikta for dei som er hardast råka, er i kontakten med andre menneske. Eg trur det var denne veka eg også fanga opp ungdomane som hadde laga ein app der dei oppmoda kvarandre til å ta kontakt med folk dei ikkje kjende. Folk som kanskje var nye på ein skule. Krafta i dette kontaktpunktet er så kraftfullt, og kan gjera så stor skilnad!

 
            I ei tid der me også vurderer kva rang mennesket har over dyra, fall mine augo derfor denne veka på ein artikkel om villhesten som blei tam på 63 minutt. Drifur heiter han, hesten, og er seks år gamal. I desse seks leveåra har han aldri vore skild frå flokken sin, og han har aldri vore i ein stall. Derfor var oppgåva til «hestekviskraren» Sigrid Ritland å temma Drifur og la han bli glad i menneske, slik at han ikkje er farleg å vera saman med. Parelliteknikken heiter den; teknikken som gjer hestar trygge blant menneske, slik dei ikkje sparkar, steiklar eller vrinskar i redsle når barn hyler, bilar passerer eller folkemengder brølar.

            Mannevonde hestar er uheldige hestar med ubehagelege menneskeopplevingar, meiner Ritland. Éin time og tre minutt seinare sit Ritland på ryggen til Drifur og klør han på manken. 


            Kontakt er altså poenget, for menneske og dyr.

            Og med dette har eg passert eit nytt jubileum: dette er bloggpost nummer 150!

D150/72-73


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar