17. november 2017

Desperasjonen



            Du og Magel er like på den måten at de alltid har noko i nærleiken av dykk som de kan lesa i, sa mamma til meg ein gong. Sitatet kom til meg i dag då eg fann sitatet som er utgangspunktet for dagens bloggpost. For det  var jo slik det var. Måtte alltid sørga for å ha ein tekst klar, ein tekst som kunne gje kvile for forvirra tankar, eller hjelpa ein vidare med å setja ord på erfaringar. Så her kan eg kjenna meg igjen i sitatet frå Bjørn Gabrielsen, som er litteraturmeldar i Dagens Næringsliv.

            "Sannheten er at ingen starter å lese skjønnlitteratur av rent overskudd. Vi starter lesingen i desperasjon."


            Eg kan la auga vandra over bokhylla, og historiene kjem til meg om kor eg var i livet då eg las akkurat den og den boka. Dei står der som eit lappeteppe av livets erfaringar.

            Men så kom dagen der ting roa seg litt. Eg kunne gå inn i bøkene på jakt etter noko anna enn sjelebot, som eg har gjort denne veka med Maja Lunde si nyaste bok «Blå». Lunde er blitt ein stor norsk eksportartikkel med «Bienes historie». Med «Blå» lagar ho også ei forteljing som sakte, men sikkert glir inn i kroppen og der lev den vidare lenge.

            Maja Lunde tar for seg klimatrugsmålet i bøkene sine. For meg er ho ein dagens Alexander Kielland. Hans metode var å tenna opp eit bål, og så fylla ut persongalleriet ut frå korleis dei best gir bensin til bålet. Derfor kan du lesa Kielland i dag og kasta bøkene hans rett inn i debatten om æreskultur, til dømes.
            Tv-bileta frå Fiji slår mot meg; korleis eit høgare havnivå gjer at folk på mange øyar der, snart må seia farvel til landsbyane sine. Eller historiene frå Sør-Afrika om rasjonering på vatnet. Det er tid for å ta til seg ein ny type desperasjon.

            Maja Lunde er ein god stad å starta.

D151/17


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar