24. november 2017

Viking



I føremiddag tikka det inn eit nyheitsbrev frå Stavanger Aftenblad, med overskrifta Vikings fall! Sakte, men sikkert går det inn: Viking skal ikkje spela i eliteserien neste år. Sist gong det skjedde var i 1986, det betyr at eg har hatt gleda av å kunna gå på Viking-kamp kvart einaste år eg har vore i Stavanger.  Eg har ikkje alltid vore like tittgjengde, har vore litt medgangssupporter, har nok det. Men det har smerta meg når det eine poenget etter det andre denne sesongen har gloppe på overtid. Og eg jublar uhemma når dei skårar.

            I morgon lovar Stavanger Aftenblad ein skikkeleg Viking-pakke; dei har intervjua ein haug med folk og kanskje kjem me litt lengre fram mot eit svar på kva som har skjedd i Viking. For det kan nok ikkje vera så lett å vera kommentator i Aftenbladet heller. Viss du er litt interessert i Viking, så har du fått med deg at årets trenar fekk sparken tre serierundar før slutt. I fjor på denne tida var den same sparka trenaren framtida. For også i fjor sparka Viking trenaren: Kjell Jonevret. Gnissingane og usemja mellom Kjell Jonevret og klubbleiinga blei for stor, las me. No er det fornuftig at Ian Burchnall rykkar opp og overtar, skreiv kommentator Stig Nilssen. No er altså han også sparka. 


            For det er vel dette som  gjer det så fristande å sparka trenarar. Sjølvsagt er det dei som sit med ansvaret, og skal ta ansvaret for dårlege resultat. Men Stavanger Aftenblad set også så intenst si lit til at trenaren skal utøva mirakel. For ein sportsjournalist i Aftenbladet treng også eit håp; korfor driv ein elles på med sport? I kommentaren til Nilssen frå i fjor, les me at Jonevret ikkje hadde motivasjon til å følgja opp styret sitt mål om at halvparten av troppen innan nokre år skal bestå av eigenutvikla spelarar. Den rette personen til å takla denne situasjonen, er Ian Burchnall, skreiv Nilssen i fjor på denne tid. «Han har en filosofi som er i tråd med klubbens ambisjoner, er dedikert og veldig dyktig på treningsfeltet», skreiv Nilssen. Han nemnde også Bård Wiggen som aktuell for ei meir sentral rolle og overta fleire av oppgåvene Jonevret hadde. Han nemner også Brede Hangeland. 


            Eitt år seinare: både Burchnall og Wiggen er ute av Viking. Eg tørstar etter ein analyse i Stavanger Aftenblad som tar for seg alle dei som meiner noko om Viking, alle aksjonærane med pengane. Er det på tide å sparka nokon av dei?


            Eg må nok setja av litt tid til Viking-pakken i Stavanger Aftenblad i morgon. Kanskje løftar dei litt på sløret? Medan Brede Hangeland leitar etter nye trenarar.

D152/56-57


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar