25. september 2015

Biblioteket er skogens søster



Eg hadde gleda av å intervjua forfattaren Britt Karin Larsen på litteratur- og ytringsfridomsfestivalen Kapittel i Stavanger sist veke. Larsen har skrive eit fascinerande verk på sju bind der liv og lagnad til dei utvandra finnane på Finnskogen er tema. Det er også eit nært møte med eit folk som hadde vørdnad for naturen. Det er frå ei av bøkene til Britt Karin Larsen eg fann sitatet ”Biblioteket er skogens søster”. 

Møtet med biblioteket, som jo består av bøker laga av papir frå treet, kan gje denne same mediterande kjensla, som ein tur i skogen kan det. Dette kom til meg då eg opna Kina-boka for veke 39, som har tema SLEKT. Mest består den av eit materiale pappa jobba med då han blei pensjonist; nemleg eit slektsforskingsprosjekt der han tok for seg etterkomarar av Martin Sandve og Ingeborg Fuglestad, mamma sine foreldre. Dette blei mellom anna brukt som utgangspunkt då me inviterte til stort slektsstemne på Vigrestad i 2005. Men boka inneheld også litt stoff om gardane som pappa sine slektningar vaks opp på, mellom anna garden Markhus i Åkrafjorden. Pappa sin bestefar, og oldefar min, Knut Markhus, kom derfrå. 



Han førte eit liv som mellom anna førte han til bøkene. Etter kvart som det eine slektsleddet etter det andre har døydd ut, har nokre av desse bøkene funne plass i hyllene mine. Knut Markhus var utdanna skulemann, og søkte seg til – og vart henta til – mange oppgåver i livet. Mellom anna var han redaktør i Haugesunds Avis frå 1912 til 1914 og i 1914 opna han Sunnhordland Folkehøgskule på Halsnøy i Kvinnherad. Han var opptatt av avhaldssaka og målreising. Frå 1936 til 1946 var han formann i Noregs Mållag. Frå 1945 til 1953 var han med i programrådet for NRK. Dessutan var han rikspolitikar og representerte Hordaland på Stortinget. Frå 1928 til 1930 var han parlamentarisk leiar for Venstre i Stortinget. I 1945 var han president i Odelstinget. Han var skuledirektør i både Nidaros og Bjørgvin. 

Då me skulle rydda ut etter dødsbuet etter tre av døtrene hans i Bergen, sto det mange, flotte bøker i hyllene der. Eg som då hadde jobba tett på Arne Garborg, blei nesten gripen av ei andaktsfull stemning. Knut Markhus var fødd i 1878 og 26 år i 1904. I hendene hadde eg ei førsteutgåve av Arne Garborg si bok Knudahei-brev, forlagt av Aschehoug & Co. i Kristiania. 


Her var også dei samla skriftene til ein annan nynorskhøvding, nemleg A. O. Vinje. 


Staseleg er også boka med talane som parlamentarismens far, venstrehøvdingen Johan Sverdrup heldt i Stortinget i åra 1851-1881. Denne blei utgjeven i 1882 i København (eller Kjøbenhavn som det står), og eg er ikkje heilt sikker på om dette var ei bok Knut Markhus sjølv kjøpte, eller om han fekk det med som arvegods frå sine slektningar, men nå er den uansett plassert i biblioteket mitt på Tjensvoll i Stavanger. 


Eit bibliotek eg vender meg til for å finna kunnskap, glede – og innimellom trøyst. Slik skogen kan gjera det.

D39/133-34


18. september 2015

Den svake tenkinga



Innimellom har me så godt av det utanforståande blikket. Invitera andre inn som kan bidra med andre agendaer og andre måtar å sjå ting på, enn det me klarar å få til med våre eigne perspektiv. Slik var det også då den italienske filosofen Gianni Vattimo blei invitert til å delta på eit seminar ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo for 8-9 år sidan. Den italienske filosofen kom til landet i ei tid då delar av det intellektuelle Noreg diskuterte korleis religionsforskarar skulle orientera seg i høve til religion og det som skjer utanfor akademia. Det var Trygve Wyller som henta fram filosofen og han skriv at heile livet til Vattimo er ein sterkt kritisk kommentar til tanken om den distanserte forskaren. Ein heilt utenkjeleg posisjon, meiner Vattimo, fordi forsking i seg sjølv er ei tolking av verda. Dette er sentralt i det uttrykket Vattimo er mest kjent for, skriv Wyller, nemleg ”il pensiero debole”, den svake tenkinga. 


Nå må ein ikkje tenka at svak tenking er kvalitativ dårleg tenking.
”Svak tenkning betyr at all tenkning, all forsking er en tolkning og ikkje en endelig objektiv påstand”.
Og vidare:
”Betydningen av å fastholde at alle tolkninger snart blir tolket på nytt, er å forhindre grunnskaden i det europeiske prosjektet: Å være så besatt av å finne det objektive – Væren – at det fremmede tvinges til å bli en del av det. Resultatet er åndelig og fysisk vold.”
Forpliktinga til omsorg, ”caritas”, er sentral i den svake tenkinga, fordi det er i ein slik praksis den svake tenkinga syner si humane side.

Debatten tilbake for 8-9 år sidan fekk mellom anna Ingunn Økland i Aftenposten til å meina at religionshistorikarane var tilbakehaldne. Dei skreiv om fundamentalismen, men dei meinte nesten ingenting om den. I dette, skriv Wyller, kjem Gianni Vattimo med eit viktig bidrag, fordi han set eit spørjeteikn om ikkje dette med å vera besett av objektivitet som er kjelda til valden. I dette ligg Vattimo si rolle som filosof og religionshistorikar, meiner Wyller.
”Det handler om en søken etter en religionsform som bærer helligheten i tilværelsen videre.”
Det heilage er det ”svake” der me ber liva til dei andre. Religionen er framleis del av det offentlege rommet, og Vattimo gir bidrag til å spørja kva former for religion me helst ønskjer oss i det rommet, skriv Wyller.

Så får eg lyst til å avslutta med eit sitat som rann inn i ei skjermmelding i dag:
”Don’t face reality – create reality.”
God helg – og for de som er i Stavanger; gjerne på Kapittel!

D38/56