15. januar 2016

Gründerformalia!



I desse tider skal me alle bli gründerar, for å koma oss gjennom dei dårlege tidene her i sørvest. Då er masse fokus retta mot den gode idéen (sjølvsagt), at det må vera ein marknad for produktet der ute, og så må du ha litt pengar å setja inn i prosjektet. Det mange nok ikkje tenkjer på, er alt det formelle som også må vera på plass den dagen draumen om å driva eiga næringsverksemd er blitt ein realitet. I dagens kinabok ligg mitt arkiv frå mine første famlande brev til både den eine og andre for sånn omtrent tjue år sidan. Den gongen var det faktisk næringsforbod for journalistar, med mindre du var fotograf – då kunne du ta ut inntekta di i næring. Men etter påtrykk mellom anna frå frilansjournalistane oppheva Finansdepartementet denne særregelen. Det var likevel nye utfordringar som venta, for i 2001 kom den sokalla meirverdiavgiftsreforma der det blei innført generell avgiftsplikt på omsetnad av tenester. Kultur i rein essens skulle framleis vera momsfritt, men her var mange grenseoppgangar, og dei som hadde økonomisk rådgjeving som næring, reiste land og strand rundt for å prøva å gje folk gode råd og vegleia folk gjennom dei ulike praksisane som mellom anna fylkesskattekontor praktiserte.

Når du melder firmaet ditt inn i einingsregisteret i Brønnøysundregistra, så skal du melda deg inn med ein næringskode. I 2007 fekk me høgtidleg brev frå Statistisk sentralbyrå om at alle verksemder i Noreg skulle få ny næringskode basert på ny standard for næringsgruppering.  Nærmare den kristne forteljinga om å skrivast inn i manntal, har eg aldri vore! Men her var det ikkje Herodes som var oppdragsgjevar: «Standarden samsvarar ned til firesiffernivå med EU sin nye NACE-standard». Så det så. I og med at verksemda mi har vore så mangslungen, så har eg funne det rettast å halda meg til 82.990 Anna forretningsmessig tenesteyting. Vurderer innimellom overgang til ein ny kode, for her er eg i selskap med folk som tener pengar på adressestrekkoding, inndragingstenester, innsamling av myntar frå parkometer og pengeinnsamlingsverksemd på honorar- eller kontraktbasis.


D55/67

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar