8. januar 2016

La oss le!



Det er noko med nyheitene for tida; sakene om konsekvensane av at nokon byggjer opp eit verdsbilete som har eitt overhengande mantra: De mot oss. Denne polariseringa som gjer  at ein kjenner seg uggen i kroppen, og sjølv om ein freistar å beskytta seg mot det, så ligg det liksom der og ulmar i undermedvitet ein stad. Derfor har eg starta mitt vesle korstog mot denne tankegangen, og prøver å finna ut av kva som er felles for oss menneske. Her er det lukkelegvis nok å ta av! I dag skal det handla om latter, og dagens tekst er henta frå den flotte spalta som Magasinet, Dagbladets helgebilag, har hatt i mange år, nemleg «Hvordan i all verden». Ulike ressurspersonar er her blitt inviterte til å snakka om ulike fenomen. Denne gongen er det Sven Svebak, psykolog og professor ved NTNU i Trondheim som svarar. Han er også blitt kalla humorprofessoren, og han var mellom anna gjest i Stavanger under Den Store Norske Humorfestivalen eitt år. 


Mennesket er genetisk koda for seks uttrykk for menneskelege affektar, fortel Svebak, og latter er altså éin av desse. Dei fem andre er angst, sinne, overrasking, avsky og gråt. Uansett kor på kloden du er fødd, så vil affektane vera ein del av bagasjen din inn i livet. Det er altså ikkje kulturelle vilkår for desse affektane som uttrykksform,  men der kulturen kjem inn er når det passar seg å gje uttrykk for dei ulike affektane, i dette tilfellet latteren, poengterer Svebak. Alle affektane blir utløyste av ein impuls som kjem heilt spontant, og dei er ofte utløyst av veldig spesielle tankeprosessar, variantar av det me kallar kognitive synergiar. Nokon av desse vekkjer munterheit, som til dømes ein vits. Men ein kan le sjølv om ein ikkje har sansen for humor! Det finst bortimot ti ulike grunnar til at folk ler, til dømes suggererande latter – at ein ler fordi andre ler. Du kan også le fordi nokon kilar deg, då er ein i eit leikent modus og dette vekkjer latteren som ein rein refleks.

I hjernen skjer det fantastiske at høgre og venstre hjernehalvdel er meir samordna når me ler enn når me er seriøse, planmessige og målretta i funksjonen vår. Me brukar rett og slett heile hjernen når me morar oss, seier Sven Svebak.

To hjernehalvdelar i perfekt samklang til prisen av ein god latter, altså! Ikkje verst det å ta med seg inn i helga!

D54/29

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar