1. januar 2016

Gå din eigen veg



Kjære alle saman – GODT NYTT ÅR!
I Stavanger møtest me denne første nyttårsdag med ein forlokkande blå himmel, og ei sjelfull stille etter dei intense smella som sat i øyra inn i natta etter årets siste dag. Nye bøker med utklypp møter meg også i det nye året, og det ville gleda meg stort om du finn noko i desse tekstane eg presenterer kvar veke som du kan ta med deg i ditt eige liv.

Eg blir tiltrekt av det reine og ubrukte på årets første dag. Det er ein slik fantastisk dato – 1.1. – å starta løpet mot noko nytt, eller gje endå meir rein energi til det du er i gang med.
Kanskje legg eg sjølv inn ein tur til København igjen dette året. Mellom anna for å ta turen innom ein bokhandel, der livet der og då forsyner meg med akkurat den boka eg treng for å kjenna at eg er i kontakt med noko som liknar på eit svar på noko eg har sendt ut i universet. Slik eg ein gong fekk eit sterkt møte med boka «Bare gør det» av Martabolette Stecher. Ho oppmodar oss til å gå der sjela vår brenn, for det er der den sanne identiteten vår ligg og ventar på å bli utfalda. Stecher la ved eit lite muslingskal og ein liten tekst til dei som kjøpte boka. Muslingskalet er eit symbol på at universet har invitert deg på ei pilegrimsreise til verdas ende Finesterra ved Atlanterhavet i det nordlege Spania. Den turen har eg enno ikkje tatt, men eg tar til meg noko av det ho skriv på denne papirremsa.

Se efter det, der nærer din sjæl og gør dig stor.
Se efter det, der får hit hjerte til at banke og rører ved din sjæl.
Se efter det, der tænder gløden i dine øjne og fører dig tilbage til det, der alting har været.
Gå din egen vej.
Den er ny.
Den er din.



Med den er eg klar for mitt store prosjekt i 2016; «Jakta på Gudegneisten». Har du bestemt deg for ditt prosjekt?

Del gjerne i kommentarfeltet!

Her kan du lesa meir om Martabolette Stecher og hennar metode med dei seks steinane.
D53/46

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar